Mange kalvar: Denne Brown Swiss kua frå besetninga til Josef Arnold, ved Vilgershofen, har hatt åtte kalvar.

Ei problemfri ku med særs god helse, godt fôropptak og yting er nøkkelen for å lukkast med mjølkeproduksjon – også i Tyskland.

Tekst og foto: Øyvind Steinnes,
bonde i Hovsherad i Lund

Mellom-Europa og Sør-Tyskland er hovudområda for dei store kurasane Simmental og Brown Swiss, lokalt kalla flekkfe og brunfe. Avlsmåla på kurasane er kanskje likare NRF enn me trur, mens avlsstrategien er annleis og utført med tysk punktlegheit. Brown Swiss er den største parallellrasen til NRF, mens Simmental er større dyr enn me er vane med, her heime.

Øyvind Steinnes

Til kombiku-land

Det var sædimportør og Brown Swisspionér, Harald Kolstad, frå Manger i Hordaland, som inviterte kundar og interesserte på tur til Bayern og Baden-Württemberg i Sør-Tyskland, tidlegare i år. Dette er hovudområdet i Tyskland for kombikyr, mens Holstein dominerer nordover i landet. Verdt å merke seg for ein norsk bonde er Raud Holstein. Dei er på avstand særs like kyrne me er vane med her heime. Turen byrja med «Tysk brunfesjå» med påfølgande gardsbesøk, før retur frå München.

Avlsmål og strategi

Brown Swiss er ein mellomeuropeisk rase utbredt i Tyskland, Austerrike og Sveits. Ei amerikansk slektsgrein av dyr, som i si tid blei eksportert, er ført attende og vidareført genetisk i opphavslanda. Avlsstasjonane er spreidd ut i dei tre landa som utvekslar genetikk fortløpande. Målet er ei haldbar kombinasjonsku med flat mjølkekurve og god tørrstoffprosent. Oksemødrer som får mange kalvar, aukar avlsverdien på stutane etter kvar avkomstgransking. Dei lite produktive stutane med høg utrangeringsprosent hjå døtrene, fell ned. Med desse faktorane kjem mykje på kjøpet i avlsarbeidet.

Fôreffektivitet før tørrstoff

Kyrne må vera friske, ta kalv og yte godt. Problemkyr blir raskt luka ut. Mykje mjølk går til ost og osteprodukt. Ei litt meir tørrstoffholdig mjølk med rett betakasein for ysting, er å føretrekke. I seinare år har fôreffektivitet kome i fokus til fordel for tørrstoff. Låg mjølkepris tvingar dette fram, og meirpris for tørrstoff forsvarast ikkje økonomisk, opp mot lågare mjølkemengd. Rasen deler seg òg opp med egne greiner for anna og svakare drift. Det er vektlegging av tørrstoff og moderat yting i system med silofri drift og kraftfôrfri drift.

Slekt står sterkt

Verdt å merke seg er at avlsselskapa bare går i ei delvis genomisk retning, omlag 50 prosent. Stutar som blir tatt ut genomisk, blir òg endeleg valt etter ei lettare avkomstgransking av tilgjengelege dyr i slekt og slekta bakover. Slekt står sterkt i okselinjene på Brown Swiss, der dei haldbare slektene blir favorisert i vidare avlsarbeid. Sterke, haldbare føter og beinbygning med svarte klauver blir vektlagt. Kyrne varierer i storleik frå 550 til 700 kilo som utvaksne. Stutane slaktar seg på snitt med 306 kg i U – R ved 14 månadar med feittklasse 3 ÷. Yting på kyrne i 2016 i Tyskland var 7.531 kg mjølk med 4,26 prosent feitt og 3,6 ofte mellom 8.000 og 10.000 kg, og i Alperegionane er ytinga lågare. Gjennomsnittleg levealder er 6,3 år på Brown Swiss mot 5,3 år på dei andre rasane i Tyskland.

Utviklingstrekk i Tyskland

Som kjent er mjølkeprisen særs låg i EU, (kr 3,77 i gjennomsnitt per liter i EU, red. merk.*) men var no til å leve med, i følgje bøndene me besøkte. I åra før mjølkekrakket i 2015 satsa tyske myndigheiter store summar på biogass frå husdyr, og det betaler seg så godt at det har berga mange over kneika.
Ei stor byggjebølgje i åra 2012 til 2014 påverkar òg gjeldsbiletet for mange. Med ein pressa økonomi er god genetikk alfa og omega. Ei problemfri ku med særs god helse og godt fôropptak og yting er nøkkelen for å lykkast. Ekstra slakteinntekter på kombikyr kjem godt med på botnlinja. I flatlandet dyrkast gras og mais til kufôr. Opp mot Alpane dyrkar dei ikkje mais, men bra beite og mykje sommarmjølk tar igjen på ytinga. I låglandet beiter bare gjeldkyr og ungdyr. Mjølkekyr er inne når dei er i produksjon på ei mest mulig jamn fôring. Det blir for tida lagt stor vekt på å bli GMO-fri i produksjonen. Kraftfôrprosenten varierer frå åtte til 25 kilo per 100 kilo mjølk, og det blir tatt fem slåttar gras heilt inn mot Alpane. Bygningane er ofte halvisolerte.

Tysk fjøs: Frå fjøset til Stefan Kornes i Kammlach.

Gardsbesøk

Eit av dei mest interessante gardsbesøka var hjå Stefan Kornes, ved småbyen Kammlach. Han driv ei besetning på 92 kyr som familiebruk, saman med kone og foreldre. Kornes har valt å satse på fleire rasar. 45 Simmental, 22 Brown Swiss, 10 Holstein (både raud og svart) og 15 krysningar.
Ytinga snitta på 10.274 kg mjølk med 4,13 i feittprosent og 3,61 prosent protein, med jamn kalving året rundt og 390 dagars gjennomsnitt mellom kalvingane. Det gjekk 23 kilo kraftfôr per 100 kilo mjølk. Kvigene kalva inn på 25,5 månader, mens snittet for dei som sender kvigene til Alpane var opp mot 30 månader. Kyrne vart utsjalta med eit gjennomsnitt på seks års alder. På slaktesida toppa Simmental soleklart med kyr på 800 kg og stutar på 1000 kg med slakteklasse E-U og 60 prosent slaktevekt. Med nullbeite er dette ikkje problematisk, men fôringskostnadane er høgare frå fødsel og livslengda lågare målt opp mot Brown Swiss. Kornes kommenterte slakteresultatet med at om du får 1600 Euro i slakteoppgjer for eit Simmental-slakt, vil eit Brown-Swiss slakt gi 800 Euro, medan eit Holstein-slakt vil betala seg med 400 Euro, i det tyske slaktesystemet.

Mais og luserne

Grovfôrdyrkinga hjå familien Kornes føregjekk på 110 mål mais og 445 mål grasmark. 20 mål luserne blei pressa til høyballar. To slåttar la dei i tårnsilo sjølv med lessevogn. Resten blei utført av entreprenør. Tårnsiloane var gasstette, og etter innlegging blei ein gasstett folie lagt over med tetningsring før heile siloen blei trykksett med CO2.
Gjennomsnittleg årsnedbør er 900 millimeter på garden, som ligg 650 meter over havet. Temperaturen er svært varierande, med ytterpunkt frå minus 30 til pluss 40 grader. Mjølkinga føregjekk i mjølkestall med 12 organ med oversvinging, og kyrne fekk fullfôr av gras og mais nok til 24 kg mjølk. Kraftfôr kom gjennom to automatar. Kvigene fekk i tillegg propylenglykol og glyserin 50 døgn etter kalving. Kyrne hadde djupstrø båsar med halm og steinmjøl. Kalvar og små ungdyr var på halm. Siste besøk på turen var på Greifenberg avlsstasjon med framvisning av oksar som tappast til semin. Frå denne stasjonen stammar Geno sine Brown Swiss dosar som tilbys til bøndene her til lands.

Hyttekalv: Hjå familien Hefele ved Hopferau blir kalvane apetittfôra med mjølk med pattebøtte to gonger dagleg.

Mykje å henta

Inntrykka frå turen er mange, og det er lett å bli imponert. Tyskarane har oppnådd eit godt og solid avlsmateriale med haldbare og kraftige kyr. Den store variasjonen var også slåande. Frå mais og raigrasblandingar i intensiv drift i eine enden av skalaen, til andre enden med elleve bønder som leverte mjølk til eit lite ysteri med verken kraftfôr eller ensilert surfôr i rasjonen til kyrne. Til overføring i norske forhold er det heilt klart mykje å hente på ei meir grovfôreffektiv mjølkeku. Meir tørrstoff som passar osteproduksjon blir stadig meir aktuelt då meir mjølk ystast her til lands og mindre går i konsum. Og i det langstrakte landet vårt er tørrstoff meir gunstig å transportera enn vatten.

Stikkord denne saka: ,
Share This