BN+Traktor samler graset før pressing. Grønn eng, raud traktor.

Høy eller silo? Leif Harbo samler graset før pressing. Graset vart slått 28. mai og pressa 2. juni. Foto: Leif Harbo


Med ballepressing kan du fortørke graset sterkt og unngå ensileringsprosessen. Kanskje kan du berge meir av energien i fôret med denne metoden?


Sjur Håland


– I tillegg slepp du å bruke plass, tid og pengar på å handtere alt vatnet, seier bonde og entreprenør Leif Harbo frå Klepp på Jæren.


Ballepressing er den einaste konserveringsteknikken utanom høy som gjer det mogleg å lagra ikkje-ensilert grovfôr, i følgje Harbo. Å tørka graset på bakken for å kvitta seg med noko av vassinnhaldet har vore ein vanleg praksis blant norske grovfôrprodusentar dei siste tre tiåra. Før det, frå først på 1960-talet, var det direktehausting med fôrhaustar med tilsetjing av maursyre som galdt når vinterfôret skulle i tårnsiloen.

50 prosent tørrstoff

Harbo meiner det er ei inngrodd frykt blant bøndene for at fôrtørka gras skal bli til høy. Den frykta vil han til livs. Sjølv kvittar han seg med mesteparten av vatnet og vil, dersom vêret ligg til rette for det, gjerne ha minst 50 prosent tørrstoff i rundballefôret sitt. At avlingsmengda i nokre høve blir målt i tal rundballar per dekar, er han kritisk til.


– Ein rundballe er ikkje ei måleeining. For meg blir det litt rart at enkelte ser ut til å vera nøgde med å betala for vatnet i fôret, samstundes som dei blir provoserte over vasstilsetting i den billege kjøtdeigen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: