– Dette året skal eg ha sølvskei!
Liv Kristin Sola
Randi Skårland er frå Herikstad, i Time kommune i Rogaland. I desse dagar fyller ho 18 år. I år skal ho levera si siste 4H-oppgåve. Får ho oppgåva godkjent, vil ho få utdelt 4H-plaketten. Ei utmerking som heng høgt i organisasjonen.
Vil avslutta skikkeleg
Randi har i tillegg sett seg eit anna mål, å vinna ei sølvskei. Dei populære skeiene vert delt ut av ulike organisasjonar som vurderer oppgåvene og premierer den oppgåva dei meiner er best.
Randi har tidlegare levert oppgåver om ku og kalv, sau, høns, avløysing og form og fantasi. I fjor leverte ho ei såkalla fri oppgåve, om skulen ho går på, Drottningborg vgs. i Grimstad.
– Eg ville ikkje levera noko halvvegs denne gongen. Det har eg gjort altfor mange gonger før. Mor føreslo grønsaker. Litt på tull og litt seriøst. Eg tenkte ikkje meir på det, det har aldri interessert meg, seier Randi.
Då fristen gjekk ut, hadde ho ikkje kome på noko ho heller ville. Ho bestemde seg for å satsa på grønsaker. Randi fekk morfar, Hans Herikstad, med på laget.
– Morfar kan alt!
Randi har entusiasmen. Morfar har i tillegg kunnskap og erfaring, og tid til overs.
Den kalde våren gjorde at dei kom seint i gang. Med ein plan om å dyrka fram 6-7 ulike sortar, og eit budsjett på 400 kroner, reiste dei for å kjøpa planter. Dei kom heim med 36 ulike sortar, og ein kraftig budsjettsmell.
– Det tok litt av, kan du sei…. Det var så kjekt. Me fylte opp bilen med mange spennande planter. Morfar var forresten verre enn meg, vil Randi ha det til.
– Farfar kom også med tre sortar gulrot, reddikfrø, polkabete og kvitbete, legg ho til.
Dei fann seg ein sørvendt og lun teig til å dyrka fram prosjektet sitt. Dei sådde og planta for hand, og sparte dermed arbeid med tynning i etterkant. Etter at plantene først kom i jorda, har det vore ein fantastisk vekst, ifølge Randi. Ho merka stor forskjell, berre den veka midt i juli då ho var på ferie.
– Det er kjempekjekt! Grønsakene har så fine fargar og fasongar, seier den entusiastiske grønsaksprodusenten.
4H rapport
– Eg tek vare på kvitteringar, og skriv ned kva eg sel og kor mykje eg tener, seier Randi.
Ho har budsjett, og skal føre rekneskap. Ho har notert dato for handel, utplanting og såtidspunkt, gjødsling og luking. Alt skal med i rapporten.
Heile familien nyt godt av Randi si 4H oppgåve. Friske salatar og fargerike reddikar. Randi har blant anna laga pastasalat og spinatsuppe. Ho gler seg til å prøva seg på gresskarpai og gresskarsyltetøy. Ho må prøva seg fram. Planen er å presentera 2-3 matrettar på utstillinga. Ho skal også ha med seg nokre av favorittgrønsakene, og ulike frø.
Ny interesse
– Eg har vore med i fjøset sidan eg var lita. Grønsaker er noko heilt nytt. Kan hende er det derfor det er så spennande?, undrar Randi.
Den unge grønsaksprodusenten er attende på skulen i Grimstad, etter sommarferien. Morfar har ansvaret for grønsakene. Haustferien vert ei travel veke. Fristen for å levera oppgåva er 1. oktober. Får ho oppgåva godkjent, vil ho få overrakt 4H-plaketten, og ho får presentera prosjektet sitt på utstillinga på haustfesten.
Kan hende når ho målet sitt, og vinn sølvskeia.
– Eg har uansett lært masse. Grønsaker er kjempekjekt. Men det er sinnsykt mykje jobb, avsluttar Randi.
Stikkord denne saka: Frukt og grønt, ung i bygda