Utmarksoppsyn: Nasjonalparkkommunen Vinje byr på flotte turområde. Men dei same områda skal også nyttast som beiteområde. Derfor har kommunen gått inn for eit treårig prøveprosjekt med utmarksoppsyn. Frå venstre: Thor Christiansen, Knut Olav Edland, Rune Aarhus og Aud Irene Kittelsen.

Turistar og bønder nyttar i periodar den same utmarka – høvesvis til friluftsliv og beitebruk. Det skjer ikkje utan utfordringar. Difor har nasjonalparkkommunen Vinje starta ei prøveprosjekt med utmarksoppsyn.

Jane Brit Sande

Friluftsliv og turgåing er ein aukande trend innan reiselivet, og nasjonalparkkommunen Vinje er ikkje eit unnatak. Difor skal både bønder, hyttebuarar og turgåarar nytta same areal, samstundes. Dette kan til dømes bli utfordrande når viktige beite også blir mykje nytta til turgåing. Kommunen har difor bestemt at viktige beiteinteresser har høg prioritet, i følgje beitebruksplanen, og at det skal takast omsyn til det ved planlegging nye turtrasear.

Kommunen tar grep

I sommar starta Vinje kommune eit treårig prøveprosjekt med utmarksoppsyn i turområda. Utmarksoppsynet er aktivt frå midten av juni til midten av oktober. Sommarens mediebilete har vore prega av nordmenn på friluftsferie i eige land på grunn av koronautbrotet. Men Vinje kommune har titt besøk av friluftsfolk uavhengig av ein verdsomspennande pandemi. At første år i prøveprosjektet falt i år, er derfor tilfeldig.
Thor Christiansen og Aud Irene Kittelsen er begge tilsett på næringsavdelinga i Vinje kommune. Christiansen er landbruksrådgivar, og har titt ein finger med i spelet når bønder vil utvikla garden. Kittelsen er næringsrådgivar, og har ansvar for koordinering av tilrettelegging for stiar og løyper i kommunen som blir brukt av både turister og fastbuande.

Reiseliv og landbruk i Vinje

I Vinje kommune er reiseliv og landbruk hovudsatsing for næringsverksemd. Det er bygd heile 5000 hytter i kommunen, i hovudsak på Vågslid og Rauland. Reiselivet utgjorde om lag 23 prosent av totalt sysselsetting i Vinje i 2016. Dette utgjer omtrent 410 arbeidsplassar.
Vinje er i hovudsak ein vinterdestinasjon, men opplever i aukande grad etterspurnad etter aktivitetar i sommar– og haustsesongen.

– Kommunen såg at det var eit behov for eit oppsyn, som også har ein funksjon som vertskap, særleg i turområda i utmarka, seier Christiansen.

– Kulturlandskapet er ei viktig oppleving for turistane som kjem til Vinje. Utmarksoppsynet er eit førebyggande tiltak slik at turistar skal kunne ferdast i kommunen, utan at det oppstår konfliktar mellom dei og bøndene, seier ho.

Det er oppretta ei styringsgruppe beståande av beitelaga i aust og vest, landbruksorganisasjonane, Rauland turist og Vinje kommune. Det er kommunen som tar arbeidsgivaransvaret, det økonomiske ansvaret og all den praktiske daglege organiseringa. Styringsgruppa lagar instruks for oppsynet, og bidreg med informasjon og faglege råd.

Utmarksbeite er viktig ressurs

Gardsbruka i Vinje har ofte avgrensa innmark og store beiteressursar. Tilgang på utmarksbeiter er derfor viktig for at husdyrhaldet kan få utvikle seg. I følgje beiteplanen kan dagens fôropptak på utmarksbeite i Vinje utgjere ei avling tilsvarande 6 500 da fulldyrka mark. I 2016 blei det sleppt nesten 15 000 sau og lam på utmarksbeite – der halvparten kjem frå gardar på Vestlandet. I tillegg kjem nærare 500 storfe og 2000 geiter. Beiteressursane er på langt nær utnytta.
Beitelaga i Vinje melder om relativt låge tapstal. I rapportane til kommunen er rovdyr, men også laushundar, nemnt som moglege tapsårsakar. Laushundar og mykje ferdsel er òg nemnt som årsak til låge lammevekter for nokre buskapar. På den andre sidan er det også fleire bønder som melder at dei har stor glede og hjelp av turgåarar.

Fire månadar på turstiane

Rune Aarhus og Knut Olav Edland deler stillinga som utmarksoppsyn i Vinje.

– Me prøver å vere ute når det er flest folk i fjellet. I skuleferien har det vore jamt heile veka, medan det no er meir i helgene og på ettermiddagane, seier Aarhus.

Ei arbeidsøkt blir fort mellom 20 og 25 kilometer lang. Høgdemetrar har det også blitt ein del av gjennom sommaren.

– På det meste treff me fort 100 turgåarar på ein time, seier Edland.

Aarhus og Edland er tydeleg opptekne av naturvern og -forvalting. Dei meiner at landbruk og friluftsliv er viktige brikker i dette arbeidet.

– Informasjonsarbeidet er ein del av oppdraget vårt, og det er viktig for allemannsretten. Vinje er ein kommune med mange hytter, og det er om og gjere å finna balansen med landbruket i kommunen. Det er viktig at folk tar omsyn til einannan, seier Aarhus.

Utmarksoppsynet er ikkje først og fremst eit beitetilsyn. Men dei melder frå til bøndene om status på beitedyra dei treff på, då særleg om daude og sjuke dyr.

– Det blir ein del telefonar hit og dit, mellom anna til bønder. Det blir sett pris på. Ser me rovdyr, melder me frå til rovviltkontakten, seier Aarhus.

Mange aktørar har ei felles interesse av utmarka.

– Me må forvalta utmarka ved bruk, slik det er gjort i generasjonar. Det er bruk av naturen, med beiting, jakt og ferdsel, som gjer at me har den naturen me har, seier Edland.

Som utmarksoppsyn skal dei kartlegge ferdsel, melde frå om ureglementert motorferdsel på barmark, fjerna søppel og skrot, rydda stiar, registrera rovdyr og anna vilt. Dei har også ein viktig funksjon som vertskap.

– Folk spør om turtips, namn på toppar og vatn, og set tydeleg pris på informasjon om beitebruk, seier Aarhus.

Utvida bandtvang

Vinje kommune har utvida bandtvang for hund. I utmark der bufe beitar, er det bandtvang fram til 10. oktober. Kommunen er kjend med brot på dette regelverket, men hadde ikkje, før utmarksoppsynet starta opp i juni, motteke dokumentasjon på skader, eller registrert at observasjon av laushundar er meldt til lensmannen. Dei meiner det likevel er grunn til å tru at det skjer – med fare for nedsett dyrevelferd og tap av avdrått. Utmarksoppsynet har avgrensa politimynde, hovudsakleg for å handheva reglane for bandtvang. Så langt har to turgåarar blitt melde for brot på bandtvang.

– Me opplever ein viss form for sjølvjustis, og at hundeeigarar er flinke til å seie ifrå til kvarandre. Bandtvangen er ikkje berre for a beskytta husdyra, den er også viktig for dei ville dyra, seier Edland.

Godt motteke

Utmarksoppsynet vurderer også kva tiltak som er naudsynt i dei forskjellege turområda. Til dømes er det behov for skilt med informasjon om at det er beitedyr i området, og ei påminning om bandtvangen. Det er varierande i kor stor grad bønder er «råka» av turstiar og turgåarar.

– Me opplever at hyttefolket er positive til landbruket. Det er kunnskapsmangel som gjer at det oppstår konfliktar, seier Christiansen.

Oppsynsordninga kan vise seg å vere meir positivt enn venta.

– Eg er i dialog med unge som ønsker å starta opp med landbruk i område som også er populære turområde. Det er tydeleg positivt å vita at ein blir sett som beitebrukar i hyttekommunen Vinje, seier Christiansen.

Inspirert av Ål i Hallingdal

Vinje kommune har tatt utgangspunkt i utmarksoppsynsmodellen til Ål i Hallingdal. Det er faglaga for landbruket i Ål som har teke initiativ til å få etablert eit organisert utmarksoppsyn. Ansvarleg for utmarksoppsynet er Ål Sankelag.
Thor Christiansen i Vinje kommune seier at dei har hatt god hjelp frå Ål då oppdraget for utmarksoppsynet i Vinje skulle utarbeidast. Det er også oppsynsordningar andre plassar i Noreg, til dømes i Hol og i Østerdalen.

Stikkord denne saka: ,