Ein varm start: Kalvane bruker energi for å halde seg varme allereie når gradestokken fell under femten grader. Foto: VestJysk Kvæg (etter avtale).

Frisk luft er bra for kalvane, men hugs at dei ikkje er like robuste mot kulde som vaksne kyr. Og kle gjerne på dei, slik du gjer med deg sjølv.

Liv Kristin Sola

Ein kalv opplever kuldestress allereie når gradestokken sklir under (pluss!) 15 grader. Allereie når gradestokken bikkar 15 grader treng kalven meir energi for å halde varmen og samstundes oppretthalde eit godt immunforsvar – og tilvekst.

Råd frå danske Vestjysk Kvæg

Mengde: Kalvar av stor rase treng 10 liter mjølk per dag for å klare å oppretthalde ein tilvekst på 900 gram når temperaturen er mellom 0 og +5 grader. Små rasar (jersey) treng minst åtte liter for å klare ønska tilvekst.

Celletalsmjølk: Bruker du «celletalsmjølk” frå kyr som ikkje går i tanken, bør du kompensere med pulver for å auke tørrstoffinnhaldet i mjølka. Høgt celletal gir lågare feittprosent i mjølka.

Temperatur: Mjølka skal vere 38 grader når kalven drikk den siste slurken. Det betyr at mjølka må varmast til rundt 42 grader for at den ikkje skal bli for kald før kalven har fått den i seg. Men obs; mjølka endrar samansetning og kan bli dårlegare som kalvefôr dersom ho blir varma til over 63 grader (i samband med pasteurisering).

Kjelde: Vestjysk Kvæg

Råd frå danske LandboNord Kvæg

Nok, tørt strø: Det skal vere nok strø slik at beina er skjult i strøet når kalven ligger. Og strøet skal sjølvsagt vere tørt!

Kalvedekken: Gi kalven eit reint kalvedekken dei første månadane, i alle fall dei første to til tre vekene når kalven er liten og mest sårbar. Dette er spesielt viktig på små og litt svake kalvar. Men sikre deg at dei også blir kvitt varmen, slik at dei ikkje får fuktig pels.

Meir mjølk: Auk mjølkemengda med ein halv liter for kvar fem grader temperaturen fell under ti grader.

Kjelde: LandboNord KvægRådgivning

Stikkord denne saka: ,