Ein veg å gå: Kring halvparten av mjølkevolumet i Sogn og Fjordane vert produsert i båsfjøs. No håper initiativtakarane til Storfeprosjekt Vestland at eit ekstra tilskot tll tre-fjøs, vil sette fart på omlegging til lausdrift i vest.

Vestland fylke har ei utfordring: – Mellom 80 og 90 millionar liter mjølk skal flyttast frå båsfjøs til lausdrift i løpet av 15 år, seier Jo Helge Sunde i Tine.

Liv Kristin Sola

Sunde er prosjektleiar for Storfeprosjekt Vestland. Målet med prosjektet er å oppretthalde dagens nivå av mjølk og storfeproduksjon i Vestland fylke. Til det trengst ein formidabel innsats, skal me trur prosjektleiaren. Med seg i gruppa har han blant anna spesialrådgivar Ole-Andreas Smette frå Innovasjon Norge (IN), og assisterande landbruksdirektør i Vestland, Bjørn Harald Haugsvær, som også er leiar for styringsgruppa til storfeprosjektet.

Fylkesmannen gir eit viktig økonomisk bidrag til prosjektet, som elles er eit samarbeid mellom samvirka, bondeorganisasjonane og Innovasjon Norge.

Det er langt å gå

Gjennomsnittskvoten i Hordaland er 149.000 liter, uavhengig av driftsform. I Sogn og Fjordane er talet 134.000 liter. I sum har mjølkebøndene i nye Vestland fylke kring 180 millionar liter i kvote. Av 1198 hentepunkt er 318 lausdriftsfjøs og 205 av desse har mjølkerobot. Volumet er jamt fordelt mellom båsfjøs og lausdriftsfjøs. Gjennomsnittskvoten i båsfjøsa er på 97.000 liter.

– Me kan fantasere om at alle vil vere med vidare, men det er mange som styrer mot avvikling. Det er realitetane. Me er heldig om me klarer å få med oss halvparten av produsentane i dagens båsfjøs etter 2034, seier Sunde.

Ei halvering av dei resterande produsentane vil auke snittet i den gruppa til 200.000 liter. Det vil auke gjennomsnittskvoten i Vestland til 240.000 liter, ein auke på over 100.000 liter. 

– Skal me ta vare på dyrka jord og grovfôrareal i fylket så er det truleg der me bør vere, seier Sunde.

 

Tabellen viser tal på fjøs totalt, med lausdrift og med mjølkerobot i landet og i dei to fylka som blir Vestland fylke frå 2020. Vidare viser tabellen fordeling av liter mjølk mellom dei ulike fjøstypane, samt prosentvis del av mjølka og gjennomsnittskvotar i dei ulike fjøstypane. 

Liter mjølk fordelt på kommunar i Hordaland. (Trykk for å få stort bilete.)

Liter mjølk fordelt på kommunar i Sogn og Fjordane. (Trykk for å få stort bilete.)

Gjennomsnittskvotar uavhengig av fjøstype. (Trykk for å få stort bilete.)

 

Ventar på avklaring om trefjøs

No håper eigarane av Storfeprosjektet at det nye ekstratilskotet til tre-fjøs skal bidra til auka interesse for nye fjøs på Vestlandet.

– Satsar du på tre, kan du no få eit maks tilskot på 2,4 millionar. Det trur eg kan trigge fleire til å bygge. Me må hugse på at dette er ekstra løyvingar, ingen veit kor lenge dei vil vare, seier Sunde.

Smette trur tilskotet til tre-fjøs tidlegast blir gjeldande frå siste kvartal i år, truleg ikkje før i starten av 2020.

– Hovudkontoret jobbar med retningslinjer for korleis tilskotet skal utformast, blant anna kor mykje tre det må vere i fjøset for å utløyse tilskot, seier Smette.

Innovasjon Vestland har fått få søknadar så langt i år.

– Mange avventar nok tre-tilskotet, men truleg er vel så mange usikre på det nye kvoteregimet og situasjonen i mjølkeproduksjonen, seier Smette.

Han trur enkelte vil sitte på gjerdet fram til oktober og ei avklaring om kvoteordninga. For å sikre nok søknadar framover vil IN vurdere også mindre prosjekt, som skifte frå mjølkegrav til robot, og investeringar som ikkje er fullstendige utbyggingar, men som er ein del av ein langsiktig plan for vidare satsing som endar i lausdrift.

 

Godt nok?

Sunde minner om at grunngjevinga for lausdriftskravet er betre dyrevelferd, betre dyrehelse og mindre medisinbruk.

– Då må me sikre at me oppnår nettopp dette, i tillegg til ein betre kvardag for bonden.  Me gjer folk ei bjørneteneste om me tek til takke med å flikke på gamle, smale båsfjøs, slik at det fungerer på opningsdagen, men blir både kostbart og svært arbeidskrevjande på sikt, seier Sunde.

Driftsplanen blir viktig

Med tanke på økonomien i mjølkeproduksjonen framover minner Sunde om at det er brei politisk semje om landbruk over heile landet.

– Me må klare å sjå forbi det korte biletet og ikkje svartmale situasjonen for mykje. Det er tverrpolitisk vilje til å satse på små og mellomstore bruk. Då er det politikarane sitt klare ansvar å sørge for at det skjer, og unngå depresjon i næringa. Om naudsynt, ved å bruke budsjettmidlar, seier Sunde.

Han erkjenner likevel at det er slutt på tida då volumauke ga auka inntening.

– Bonden må i større grad optimalisere drifta og skape auka lønsemd i kvar eining produsert. Me må gjere ein grundig jobb i lag med bonden når me skal diskutere driftsplan, dekningsbidrag, ressursar og personleg forbruk – og vere dønn ærlege på realitetane, seier Sunde.

– Kven vil klare seg framover med å satse i mjølkeproduksjonen.
– For dei nøkterne som verkeleg vil, er det mogleg, mest uansett. Men det er tøffe tak, spesielt den første tida med avdrag. Men då lysnar det. Du må produsere det driftsplanen seier du skal produsere, heilt frå starten. Kan du ikkje betale avdrag, då får du eit dårleg liv, seier Sunde.

Uforpliktande prat rundt bordet

– Me har aldri hatt betre støtteordningar enn i dag. Innovasjon Norge har pengar og Storfeprosjektet har kapasitet til å følgje opp dei som ønsker det, stadfestar Haugsvær.

Dei tre aktørane tilrår bønder som går med tankar om å bygge, å ta kontakt med Storfeprosjekt Vestland. Prosjektet tilbyr gratis besøk, ein samtale rundt kjøkenbordet, kor alle spørsmål og tankar kan luftast.

Storfeprosjekter har fungert både i Hordaland og i Sogn og Fjordane over lenger tid, og har eit breitt nettverk, og kan sette bonden i kontakt med «dei rette» rådgivarane og instansane. Sunde viser også til eit tett og godt samarbeid mellom eigarane av prosjektet.

– Bonden er i fokus, men prosjektet skal også påverke politikarane i fylket for å få dei til å forstå realitetane og kva som må gjerast dei neste 15 åra for å kome i mål, seier Sunde.

På tide å satse: Storfeprosjekt Vestland inviterer mjølkeprodusentane ned frå gjerdet og ber dei for alvor kome i gang med å bygge lausdriftsfjøs. Frå venstre: Ole-Andreas Smette, Jo Helge Sunde, og Bjørn Harald Haugsvær.

Stikkord denne saka: , ,