Røyr: Jostein Eiane ved hydranten der gjødselrøyret som ligg under vegen i bakgrunnen, kjem opp i dagen.

Prisen for å sleppa til med slangespreiar gjennom ei 125 millimeter røyrgate under fylkesvegen var meir enn 100.000 kroner. – Alt for dyrt for eit svært effektivt klimatiltak, seier Jostein Eiane til Vegvesenet, Innovasjon Norge og Fylkesmannen.

Sjur Håland

Hadde ikkje Statens Vegvesen starta med bygging av sykkelsti, og dermed gav entreprenøren høve til å klemme gjennom ei borestreng med ein 50-tonns maskin for ein tredel av prisen, hadde Eiane ikkje hatt anna val enn å halda fram med spreiing med gjødselvogn på det 80 dekar store arealet.

– Det var eit lite miljøvenleg alternativ, som eg har rekna til å utgjera 1,3 tonn CO2 i året, pluss meirutsleppa som følgjer traktorbruk med spreiing av 100 gjødsellass, seier han.

Miljøvenleg spreiing

Rennesøy er nå, på lik linje med kommunane på Jæren, godkjent for tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Kostnadane med å spreia miljøvenleg, er dermed betydeleg redusert.

– Det har blitt eit mål å dekka mest mogleg areal med slepeslange og nedfellingsutstyr. Tiltaket gir mindre klimabelastning, auka effekt av husdyrgjødsla og høgare avlingar, seier bonden.

Eiane har dei siste to åra brukt slangespreiar på drygt 200 mål. For å koma til resten av det disponible arealet på garden, som ligg 800 meter frå tunet på garden på Sokn i Rennesøy, må han kryssa under fylkesvegen, Bruveien. Det er, naturleg nok, ikkje lov å leggja gjødselslangen oppå vegen. Å laga røyrgate med bruk av ein hydraulisk hammar under ein fylkesveg er prisgunstig, men ikkje eit alternativ som Statens Vegvesen kan godta. Einaste alternativet hjå Eiane var boring under vegen. Prisen frå entreprenør for rigging av utstyr og boring gjennom vegfundamentet, vart drygt 100.000 kroner.

Fekk nei

I tillegg er kostnadane til trykkrøyret og alt tilhøyrande utstyr betydeleg.

– Min konklusjon vart at dette blir ikkje noko av. Å kryssa med røyr under veg på ein måte som er godkjent av Vegvesenet er for dyrt, slår han fast.

Eiane sjekka med både Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland. Sistnemnde administrerer Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) i Rogaland.

– Eg laga eit kostnadsoverslag og gjekk i dialog med desse instansane. Innovasjon Norge løyver alt tilskot til tak over gjødselkummane, men sjølv om klimaeffekten med slangespreiing er større, løyver dei ikkje tilskot til røyrkryssing av veg.

Fylkesmannen gjekk i dialog med Mat- og landbruksdepartementet for å sjå om tiltaket kunne utløysa SMIL-midlar.

– Svaret var til slutt nei frå begge instansane, seier han.

Aktuelt for fleire

Eiane sin beskjed til Statens Vegvesen er at dei i staden for eit tvert nei, bør gå i dialog med dei enkelte bøndene som ønskjer å etablere ei røyrgate under vegane.

– Mange vegar er av eldre årgang med anna fundament enn det som er dagens standard. Det bør vera mogleg å vurdera massane slik at ein, der det er mogleg, kan slå ei røyrgate gjennom massane i staden for å bora, som er langt dyrare, seier han.

Landbrukspolitikken blir stadig meir klimaretta.

– Dermed blir kryssing av veg, som i mitt tilfelle, eit aktuelt tiltak for å nå større område med slangespreiing.

Eiane har klar melding til Innovasjon Norge og Mat- og landbruksdepartementet.

– Slik det er no, at denne miljøinvesteringa, som er blant dei beste klimatiltaka me har, ikkje er med i nokre av tilskotsordningane, er ikkje klokt. Dette burde vore inkludert i SMIL-ordninga eller blant prioriteringane til Innovasjon Norge, seier han.

Olav Tegle

Nono Dimby

Vil ta diskusjonen

Seniorrådgjevar hjå Innovasjon Norge i Rogaland, Olav Tegle, kjennar saka.

– Hovudårsaka til at signala frå Innovasjon Norge var negative, var nok først og fremst knytt til storleiken på investeringa.

Tegle seier at i hans tid i Innovasjon Norge har ikkje investeringsmidlane blitt brukt på så små investeringar som 100.000 kroner, noko som ville utløyst eit tilskot på 15-20.000 kroner. Ein gjødselkum eller tak over ein gjødselkum er derimot nedfelt i føreskrifta på lik linje med bygg.

– I dei fleste tilfella har slike investeringar ein kostnadsrame på 500.000 kroner og oppover. Her kan søkjar få 20 prosent i tilskot, maks 100.000 kroner. Vår vurdering av tiltaket til Eiane gjekk difor både på storleiken på investeringa og på forholdet til føreskrifta, som berre nemner gjødsellager og tak over gjødsellager som miljøretta tiltak som det kan løyvast tilskot til.

Tegle seier at dei gjerne opp saka i partnarskapet på generelt grunnlag i forhold til andre miljøinvesteringar, for å sjå om desse kan forsvarast ut frå mindre investeringsbeløp.

– Men retningslinene våre frå Landbruks- og matdepartementet bygger på det avtalepartane blir samde om. Gjødsellager er det einaste miljøtiltaket som er direkte støtta i føreskrifta og i samsvar med jordbruksavtalen, understrekar han.

Ikkje SMIL

– Investeringar i samband med spreiing av husdyrgjødsel, kjem ikkje inn under den spissa SMIL-ordninga. Dette skuldast mellom anna at infrastruktur ved handtering av husdyrgjødsel er å sjå som ein del av den normale drifta på garden, forklarer Nono Dimby, seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Dimby understrekar at tiltaket hjå Eiane er svært godt, men at det er behov for å vera både prinsipiell og streng på kva som er innafor og utanfor SMILordninga.

– Det er mange gardsbruk som no er med under Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, og det er mange vegar som skal kryssast. Hadde me løyvt SMIL-midlar til dette, hadde heile SMIL-potten gått fløyten, seier han.

Seniorrådgivaren vil heller at kostnadane til gjødselrøyr blir lagt inn når vegane blir planlagt bygde eller oppgraderte, i staden for å bruka tilskotsmidlar frå jordbruksavtalen.

– Eg tenkjer at når Statens Vegvesen, kommunen eller andre er i arbeid med vegar, bør det det automatisk inn i rekkefølgjekrava at når vegen delar gardar blir det lagt trekkrøyr under vegen med jamne mellomrom. Kostnaden med røyr under vegen blir dermed ein del av prisen på vegprosjektet, og ikkje ei investering bonden sjølv må gjera, seier Dimby.

Stikkord denne saka: ,