Vatn og gjødsel: Kommunane på Jæren vil ha reinare vatn og stramar inn regelverket for spreiing og nedmolding etter 1. september. Illustrasjonsfoto.

Første september er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel for bøndene i alle kommunane på Jæren, minus Sola. Nedmolding i september og oktober er ikkje lenger lov.

Sjur Håland

Jæren Vannområde er på offensiven for å få reinare vassdrag. Hå, Time, Sandnes, Stavanger og Randaberg kommunar vedtok den lokale føreskrifta om avgrensa spreiing i fjor, medan kommunane Klepp og Gjesdal slutta seg til i år. Føreskrifta legg til grunn at det i desse kommunane er lov å spreie husdyrgjødsel i tida mellom 15. februar og 1. september. Moglegheita for spreiing med påfølgjande nedmolding på hausten, mellom 1. september og 1. november, fell vekk.

– Dette har me jobba med gjennom lang tid, og me er svært glade for at kommunane har slutta seg til. Nå er det berre Sola kommune som manglar, seier Connie Hellestø, koordinator i Jæren Vannområde.

Balanse

Å kombinere god vasskvalitet med effektiv landbruksproduksjon er krevjande. Hellestø held fram at det helst skal vera balanse mellom tilførsel og uttak av næringsstoff på jordene. Hausten er særleg utfordrande. Mange bønder ønskjer å tømma lagera sine ut på hausten for å sikra lagerkapasiteten fram mot våren. Hellestø argumenterer heller for tidleg gjødsling.

– Å gjødsle tidleg i sesongen gagnar både landbruket og miljøet. Det er då det er best nytte i gjødsla, medan mindre hamner i vassdraga. Planteveksten blir redusert på hausten og mykje regn gjer at gjødsla då lettare blir skylt ut i vassdraga.

– Er dei lokale innstramingane i jærkommunane også eit tiltak for å møta dei komande endringane i Gjødselvareføreskrifta?

Connie Hellestø
Privat foto

– Tiltaket syner i alle fall at Jæren tar ureiningsproblematikken på alvor og at bønder og kommunar viser både vilje og evne til å betra vasskvaliteten.

Kan søkja dispensasjon

– Er fristen endeleg, eller kan ein søkja dispensasjon?

– Den nasjonale gjødselvareføreskrifta gir, som før, høve til dispensasjon. Når sesongen har vore slik at det har vore umogleg å få ut gjødsla tidlegare i vekstsesongen, er dispensasjon naudsynt. Men då handlar det om å spreia på ein måte som i størst mogleg grad reduserer den negative påverknaden på vassmiljøet, understrekar Hellestø.

God økologisk vasskvalitet i heile landet, inkludert Jæren, er målet, i følgje Hellestø.  Folk skal ha tilgang på reint drikkevatn, og dei skal kunna bada og fiska.

– I våre vassdrag er den største utfordringa næringstilsig frå jordbruk og reinseanlegg. Når vassdraga blir tilført for mykje fosfor kan dette også føre til oppblomstring av giftige blågrønalgar. Sjølv om kvaliteten i vassdraga i Jæren Vannområde har blitt betre, er definisjonen god økologisk kvalitet, ikkje nådd, seier Hellestø.

Sola kommune har førebels ikkje valt å innføra ei lokal føreskrift om innskjerping.

– Føreskrifta om avgrensa spreiing vart behandla i Utval for plan og miljø i Sola kommune i februar 2018. Fleirtalet valde å utsetje saka i påvente av revisjonen av den komande nasjonale gjødselvareføreskrifta, som den lokale føreskrifta er heimla i, seier Randi Storhaug, rådgivar for landbruk og miljø i Sola kommune.

Gjødselvareføreskrifta let vente på seg. Sola kommune har merka seg at dei nå står åleine blant kommunane på Jæren utan den lokale føreskrifta.

– Dermed blir det nett no vurdert her i kommunen om saka skal takast opp att til ny politisk behandling, seier Storhaug.

Stikkord denne saka: ,