BN+

For framtida: Framtidige generasjonar skal også ha jord til å produsera mat. Egil Byberg og Arnhild Erevik har bygd mjølkefjøset på ei fjelltomt på garden. – Ved å plassera fjøset her, tok me ikkje matjord i det heile tatt, seier Byberg. Synnøve (6) og Arild (3) skapar liv og røre på garden.


Egil Byberg og Arnhild Erevik flyttar produksjonen til ei anna tomt på garden. – Ved å plassera fjøset her, tok me ikkje matjord i det heile tatt, seier dei.


Jane Brit Sande


Nyleg kom det eit notat frå SSB som avslørte at det dei siste tre åra truleg er bygd ned dobbelt så mykje jordbruksjord som det som kjem fram av rapporteringssystemet kommunane har nytta. Noko av forklaringa er at SSB også har rekna med nedbygging innan landbruket. I 2016 utgjorde det heile 27 prosent av nedbygginga på nasjonalt nivå.
Egil Byberg og Arnhild Erevik er mjølkeprodusentar på Oanes i Strand kommune. Dei har ein mjølkekvote på 410 tonn. I 2016 tok dei i bruk mjølkefjøset som er plassert på ei fjelltomt på garden.


– Ved å plassera fjøset her, tok me ikkje matjord i det heile tatt, seier Byberg til Bondevennen.


Å spare så mykje matjord som råd har vore hovudprioritet for bøndene gjennom den framleis pågåande byggeprosessen. Mjølkefjøs og fôrsentral står klart. På sikt skal dei også bygga fjøs til avvende kalvar, kvigeoppdrett, og oksar.


– Me har sett eit punktum for utviding av gardstunet, og vil stegvis flytta produksjonen opp til fjelltomta, seier Byberg.


Å flytta tunet kan nok vere eit stort steg, men er eit grep mange med fordel kan vurdera, i følgje bonden.


– Men ikkje alle har fjell – eller berggrunn dei kan nytta. I tillegg blir besetningane stadig større, og krava til dyrevelferd endrar seg. Det krev større bygningsmasse, seier han.

– Eg trur bønder bygger ned matjord med tungt hjarte, understrekar Byberg.

– Nedbygginga av matjord er kortsiktig

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad vil at bøndene skal tenke seg om før dei bygger fjøs på dyrka mark.

– På eit generelt grunnlag, er nedbygginga av matjord utruleg kortsiktig, sa Landbruks- og matminister Olaug Bollestad til NRK P1 nyleg.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: