Geno sitt julemøte på Særheim, er ein populær tradisjon i førjulstida.

 

 

 

– Liv Kristin Sola –

Avlsrådgiver i Tine, Tore Joa, presenterte det han kalla ein Eksteriør-kavalkade» gjennom NRF-avlen.

Avlsrådgivarane Tore Joa, t.v., og Lars Byberg, vart takka for at dei deltek på avlsmøtene til Geno på Særheim.

 

Mykje er i endring etter at Geno vedtok å fasa inn genomisk seleksjon som grunnlag for val av oksar. På sine nettsider, skriv Geno følgjande: «Innfasing av genomisk seleksjon har ført til store endringer i avlsopplegget. Ungokser er faset ut, mens eliteokser er endret fra å være de beste oksene valgt ut på grunnlag av avkomsgransking (datterinformasjon) til å være de beste oksene valgt ut på grunnlag av genomiske avlsverdier.»

To tiår med avlsmøter

I rundt 20 år har Geno invitert til avlsmøte på Særheim. Eit møte med presentasjon av eliteoksane, både norske og utanlandske. Omtrent like lenge har Tore Joa vore med og losa bøndene gjennom oksekatalog og okseutval, med sitt smittande engasjement og mange års erfaring som avlsrådgivar i Tine.

Dei seinare åra har han delt oppgåva med Lars Byberg Timpelen. I lag, har dei gitt positiv og negativ omtale av dei ulike oksane i utvalet. I tillegg til å vurdera eliteoksane, har dei sett i glasskula over ungoksar som er venta å gi gode avkom.

– Det har vore eit løft å få med Lars og Inga (Skretting Timpelen). Dei løfter diskusjonen til eit høgare nivå, skryt Joa, og viser til deira engasjement inn i avlsmiljøet og Geno som organisasjonen.

Ein del av jobben som avlsrådgivar, er kvigevurdering og vurdering av oksemødre. I tillegg til ei evig jakt etter passande fotokanditatar mellom døtre etter oksar som er aktuelle som eliteoksar.

 

6563 Backgård

– Bein, spenar og jur, det er det dette handlar om, kommenterer Joa.

Gjennom åra har han sett ulike val som har prega NRF avlen. Ikkje alle val har vore like kloke, ifølgje rådgivaren. Han trekk fram 6563 Backgård som ein okse som har sett sitt preg på NRF-avlen.

– Over halvparten av oksekalvane som vart kjøpt inn etter Backgård, ende opp som eliteoksar. Ein eksteriørokse som ga eit «jurløft» for NRF-populasjonen, understrekar Joa.

Avl for den norske bonden

Styremedlem, Ole Magnar Undheim oppdaterte bøndene om nytt frå Geno sentralt. Situasjonen rundt Geno Global og satsing på eksport til resten av verda, vart ein viktig del av diskusjonen. Styrerepresentanten fekk tydeleg beskjed frå mjølkeprodusentane på Særheim. Geno må prioritere den norske marknaden framfor kva som vert etterspurt i utlandet.

– Den norske marknaden er den viktigaste for Geno. Det må tas på alvor. Geno må vera bevisst på å avla fram oksar og eit okseutval som den norske bonden etterspør, var den klare meldinga frå salen.

Bøndene på Særheim etterspør ei høgstilt og open ku. Dei etterlyser eit sterkare innslag av oksar som er sterke på eksteriør, og minna Geno om at både svenske og danske oksar (frå Viking Genetics), har mykje å tilføra NRF-populasjonen med tanke på eksteriør, spesielt på bein og jur.

 

Stikkord denne saka: ,