• Superklar! Fire sløyfer og fire veninner. Live f.v., Seline, Adine og Rikke er alle full av håp om å vinna eit av stasbanda, men det er berre eit band i kvar av dei fire klassane. Seline, Live og Rikke er alle 9 år om må kjempa i same klasse. Adine er 10 og skal konkurrera med seks andre på 10 og 11 år. Live låner ut kalvar til dei tre veninnene sine.

 

Søndag 30. august var det klart for eit nytt høgdepunkt på Jærmessa. 31 kalvar, og like mange barn i alderen fire til femten år, var samla til kalvemønstring.

 

Liv Kristin Sola

For mange var det første gong, andre har lang erfaring. Forventningane var like stor hjå alle, og ikkje minst hjå stolte foreldre som må stå på sidelinja når dei håpefulle leier kalvane rundt i ringen.

Godt førebudde

Mønstrarane viste at dei hadde god kontroll på korleis dei skal handtera kalven, og smila til dommaren. Når dommar, Siv Hilde Rangen, ba om at dei skulle stoppa, stilde deltakarane kalvane sine opp i open posisjon. Dei unge var klare til å svara på spørsmål då dommaren tok runden for å snakka med alle.

Mønstrarane kjenner styrken og svakeheita til kalvane sine, og håpar at dei skal visa seg frå si beste side i ringen. Skuffelsen er stor når kalven plutselig streiker, legg seg ned, og ikkje vil meir, eller plutseleg finn på at dei vil springa rundt i ringen, forbi alle andre, helst utan leiar. Heldigvis oppførte dei aller fleste kalvane seg heilt eksemplarisk.

Utfordrande å dømma

Deltakarane var så flinke, at dommar Siv Hilde, fekk ein utfordrande jobb. Ho har sjølv mønstra kalv sidan ho var lita, og seinare kviger og kyr. Siv Hilde har også vore i Belgia på EM i showmanship. Ho kjenner forventningane på kroppen, har kjend på skuffelsen av å ikkje nå heilt til topps, men også på gleda av å vinna.

Mange premiar

Ikkje alle kan vinna og få stasband, men alle får dipom, sløyfe og pokal, og eit krus frå Geno. Frå Geno får dei også eit nett, sånn at deltakarane kan halda styr på alt. Dei har tross alt ein kalv som skal leiast ut av ringen.

Stikkord denne saka: ,