Tar kampen mot hønsehirse: Torfinn Meling t.v og Arne Vagle frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland med eit konservert eksemplar av hønsehirse frå området ved gjødselmittinga til Torfinn.

Tar kampen mot hønsehirse: Torfinn Meling t.v og Arne Vagle frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland med eit konservert eksemplar av hønsehirse frå området ved gjødselmittinga til Torfinn.

Hønsehirse er kategorisert som verdas tredje verste ugras og har fram til no vore eit problem mange stadar i Vestfold. No har ugraset dukka opp i Rogaland.

Sjur Håland, Bondevennen

Planta er aggressiv, produserer store mengder frø og er ein like stor trugsel for bøndene som floghavren.
– Særleg i opne kulturar som potet, korn og grønsaker. Dei som driv med gras har mindre å frykta, seier seniorrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Arne Vagle.

Vaks i gjødselmittinga

Det var potet- og kornprodusent Torfinn Meling frå Tanager i Sola som la merke til den framande planta i området der han lagrar fjørfegjødsel som han får frå slaktekyllingprodusentar i distriktet. I samband med eit potetforsøk i sommar synte han den ukjende veksten til Arne Vagle, som straks fatta mistanke om at dette kunne vera hønsehirse, noko som synte seg å stemma.
I og med at veksten er konsentrert i området der gjødsla er lagra, går mistanken i retning av at hirsefrø har gått gjennom varmeprosessen i kraftfôrproduksjonen utan å ha blitt øydelagt. Torfinn Meling og Arne Vagle ønskjer på ingen måte å skulda kyllingprodusentane for noko som helst.
– Men det er viktig å finna ut kva som er skjedd for å unngå at andre skal få dette ukrutet til gards. Det viktigaste for meg no er å få på plass ein strategi for å bli kvitt hønsehirsen, seier Meling.

Dominerer: Hønsehirse er eit eittårig ugras som set små krav til vekseplassen og greier seg bra både i tørre og våte somrar. Foto: Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

Dominerer: Hønsehirse er eit eittårig ugras som set små krav til vekseplassen og greier seg bra både i tørre og våte somrar. Foto: Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

Luking og brenning

– Kva gjer du?
– I og med at ugraset er konsentrert på eit lite område, kring eit halvt dekar, har luking og brenning vore aktuelt, eg brende ein sekk med ugras berre for få dagar sidan, no kan eg ikkje finna ei einaste hønsehirseplante på området, seier bonden.
Torfinn Meling vil ikkje dyrka mat på området før han er kvitt ugraset, som no ligg gøymd som frø i bakken. Å så i plen og klyppa graset hyppig  gjennom vekstsesongen er ein strategi han vurderer. Alternativt kan han sprøyta med ugrasmiddel, då er det, i følgje Arne Vagle, viktig å vera klar over at hønsehirsen er varmekjær og spirar seinare enn andre ugras, noko ein må ta omsyn til når ein sprøyter for å få effekt. Glyfosat er også aktuelt, men Torfinn Meling har fått liten effekt av brakkmiddelet.

Glyfosat på bladstadiet

– Hønsehirse har stive aks og lite blad, skal du få effekt av Glyfosat, må du sprøyta på eit tidspunkt der bladmassen er stor, seier Arne Vagle.
Han understrekar at om hønsehirsen får etablert seg, får bøndene eit ugras som ikkje går ut ved normal ugraskamp (på grunn av sein spiring).
– Sprøyting med Glyfosat på bladstadiet saman med iherdig luking er nok det beste rådet me kan gi no, seier han.
Det er uansett ingen grunn til å få panikk.
– I og med at grasdyrkinga dominerer i området trur eg ikkje det eittårige frøugraset vil skapa mykje trøbbel i vårt område. Det er ting som tyder på at hønsehirsen har vore i distriktet ei tid, utan at me heilt har vore klar over det.

Mykje frø: Hønsehirse er ei stor plante, med mykje buskskot og mange frø som kan overleva i jorda i kring ti år. Foto: Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

Mykje frø: Hønsehirse er ei stor plante, med mykje buskskot og mange frø som kan overleva i jorda i kring ti år. Foto: Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

Ikkje restriksjonar

Restriksjonar som til dømes med floghavre, er det ikkje snakk om. Det er heller ikkje krav om melding til Mattilsynet. Men Norsk Landbruksrådgiving er på hogget.
– Me ser etter ugraset når me er ute og tar jordprøvar. No seinhaustes er ugraset i ferd med å visna ned, og det er ikkje så lett å oppdaga, påpeikar Vagle.
Arne Vagle og kollegane hans har alt fått meldingar frå bønder som har mistenkt at hønsehirsen har kome til gards. Det har synt seg å vera falske alarmar.
– Sjølvsagt vil me ha full merksemd på hønsehirsen framover, og me vil gi råd og oppfølging. Det viktigaste du kan gjera om du finn hønsehirse er at du plukkar dei med rot og det heile og brenn det opp.

Skal ikkje vera spiredyktige frø i kraftfôret

I teorien skal spireevna til frøa øydeleggjast i varmebehandlinga i kraftfôrproduksjonen, seier salssjef plantekultur hjå Felleskjøpet Rogaland Agder, Jens Randby, til Bondevennen.
Han påpeikar at temperatur, tid og fuktigheit i varmeprosessen er avgjerande. Utfordringane kring salmonellabakterien gjer at kraftfôret skal varmast opp til minst 82 grader, då blir også spireevna i frø øydelagd med god margin. Randby held fram at arbeidet med å læra meir om hønsehirse får høg prioritet hjå kraftfôrprodusenten.
– Hønsehirse er ei ny problemstilling for oss, her trengs det kunnskap. Til dømes må me finna ut om frø frå hønsehirse kan ha ei større overlevingsevne enn andre ugrasfrø.
Det kan bli aktuelt å laga ei eiga føreskrift om hønsehirse på line med den som i dag gjeld for floghavre. Også Norsk institutt for bioøkonomisk forsking, NIBIO, er på hogget.
– Dei planlegg å søkja midlar til eit prosjekt der smittevegar, førebyggande tiltak og eventuell risiko for at ugrasfrø skal overleva i kraftfôrproduksjonen skal greiast ut, fortel Randby.

Stikkord denne saka: ,