Søk hjelp: Fleire pelsdyrbønder er sjukmelde etter store belastningar over lang tid. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland og Rogaland Pelsdyralslag oppmodar dei som slit, eller deira pårørande, å bruke nettverket av kollegar eller det profesjonelle hjelpeapparatet.

HMS-rådgjevar i Rogaland skryt av pelsdyrbøndene si krisehandtering, men er budd på at fleire kan få det tøffare framover.

Sjur Håland

Pelsdyrnæringa på Jæren har vore føre var i høve til å handtere bønder som får det tøft.

– Pelsdyralslaget har førebudd seg godt og fortener skryt, seier Sunniva Veen.

Så langt har det vore roleg hjå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR) når det gjeld pågangen frå bønder som driv med mink, men Veen, som arbeider med psykisk helse i NLR, er aldri langt unna telefonen.

Lurt med brosjyre

Ho erfarer at pelsdyrbøndene på Jæren og i Rogaland elles held saman, har oversikt og passar på kvarandre. I sommar gav Hå, Klepp og Time kommunar saman med NLR og Rogaland Bondelag ut ein brosjyre med telefonkontaktar og kva ein bør gjera når det røyner på.

– Det har vore lurt, og demonstrerer at Pelsdyralslaget er i førekant, seier Veen.

Sunniva Veen

HMS-rådgjevaren har ikkje hatt direkte kontakt med pelsdyrbønder i krise så langt, men ho er budd på at dei kjem.

– Særleg dersom det stramar seg ytterlegare til i økonomien og bøndene byrjar å kjenne presset ennå meir på kroppen, seier ho.

Bekymring blir sjokk

Kompensasjonsordninga er ikkje endeleg vedteken. Når den dagen kjem, eventuelt med det verst tenkelege resultatet sett frå bøndene si side, kan det bli for tungt. Då held det ikkje at bøndene i Rogaland er robuste, og gjerne vil greia seg sjølv.

– Bøndene er hardhausar og går ofte ikkje til legen før det smell. Men når tala kjem på bordet og reknestykket er klart, kan situasjonen endra seg frå det me i dag kan kalla store bekymringar, til verkelege sjokk- og krisesituasjonar rundt på bruka det gjeld.

– Kva om familien ser at mor eller far ikkje oppfører seg som dei brukar å gjera?

– Då handlar det om å vita om kontaktnettet, som blant anna brosjyren som har gått ut i dei tre jærkommunane peikar på. I første omgang er det gjerne naturleg å ta kontakt med nokon ein kjenner til frå før, som oss i landbruksrådgivinga. For unge folk kan det gjerne vera fastlegen. I brosjyren finns mellom andre telefonnummer til legevakt, psykososialt kriseteam og akutteamet til Jæren DPS, fortel Veen.

Obs på alkoholbruk

Unormalt alkoholbruk kan vera eit varsku.

– Eg er redd at det kan vera folk som døyver ubehag, stress og angst med alkohol, også i landbruket. Dette er i stor grad eit tabu, som me likevel må våga å løfta fram og snakka om, seier ho.

Utfordringane til pelsdyrbøndene er allment kjent. Nettopp det faktumet kan gjera det enklare for omverda å spørja etter korleis det går. Veen minner om at bønder som driv med andre produksjonar også kan få det tøft når problema tårnar seg opp.

– Dei må ikkje gløymast. Det er mange som går einsame med problema sine, det er alt anna enn sunt, seier Veen.

HMS-rådgjevaren fungerer som samtalepartnar og ein førstehjelpar for dei som ber om hjelp.

– Av og til kan ein prat vera til stor hjelp. Andre gonger er det meir alvorleg. Då må vedkomande hjelpast vidare slik at ho eller han får profesjonell helsehjelp.

Fleire sjukmelde

Jan Ove Horpestad er leiar for kring 70 medlemmar i Rogaland Pelsdyralslag. Han er kjent med at fleire pelsdyrbønder frå heile landet for tida er sjukmeldt. Horpestad har vore open om eigne psykiske utfordringar frå ei tid tilbake, og veit kva som står på spel.

– Kanskje har min openheit bidrege til å gjera det litt mindre skummelt å snakke om psykiske utfordringar. For dessverre er det framleis eit tabu å innrømma at ein ikkje er i stand til å takle eigen kvardag, seier han.

Ikkje åleine

Pelsdyrmiljøet er framleis i full beredskap når det gjeld å ta vare på kvarandre. Bodskapen frå pelsdyralslaget i Rogaland er klokkeklart.

– Ta kontakt med kollegar eller ein av oss i styret om du har utfordringar, eller om du registrerer at ikkje alt er som det skal vera hjå ein nabo eller ein familiemedlem. Ingen pelsdyrbonde skal gå med kjensla over å vera åleine. Me står saman om dette, understrekar han.

Jan Ove Horpestad

Fekk hjelp

Horpestad erfarer at det er viktig å koma til med hjelp tidleg. Også om det skulle vera snakk om hjelp til praktiske ting. Nyleg fekk ein pelsdyrbonde hjelp av kollegar til å vaksinere besetninga då dyra til bonden byrja å dauda av lungebetennelse.

– Sjølv i dagens situasjon greidde me på kort tid å tromma saman ein gjeng kollegar som meir enn gjerne ville hjelpa til. Fleire tusen mink vart vaksinerte på ein augneblink. Samhaldet held. Ta kontakt, så får du hjelp, seier Horpestad.

Stikkord denne saka: ,