Mjølka må fram: – Ein føreseieleg mjølkeøkonomi med god mjølkepris er avhengig av oppslutnad om samvirket, seier konsernstyremedlem i Tine Askild Eggebø. Han meiner det berre er Tine som er oppteken av å halda høgast mogleg mjølkepris. Foto: Tine/Ricardofoto

2020 var året då det uføreseielege slo inn også i mjølkemarknaden. Årets hendingar kan føra til lågare omsetningsavgift, høgare grunnpris – og nok skummamjølkpulver neste år.

Sjur Håland

Året 2020 har vore av det sjeldne slaget. Også for Tine. Bakteppet for samvirkeselskapet og eigarane i starten av 2020 var heller dystert, med mindre behov for mjølk grunna utfasinga av eksport av Jarlsberg. Men så synte det seg at starten på det nye Jarlsberg-meieriet i Irland, ikkje gjekk heilt etter planen. Dermed måtte noko av denne eksportosten produserast i Norge ei stund til.

– Så kom koronapandemien der ein av konsekvensane var at mjølkeforbruket skaut fart, summerer Askild Eggebø.

Forholdstalet opp

Som bondeveteran på Finnøy i Stavanger kommune og mangeårig konsernstyremedlem i Tine, kjenner Eggebø meierisamvirket betre enn dei fleste. Mjølkeetterspurnaden auka utover føresommaren, og i mai vart forholdstalet justert opp. Tine hadde dermed ikkje moglegheit til å byggja lager av ost og smør – og heller ikkje skummamjølkpulver på same nivå som tidlegare.

Askild Eggebø

– Då vart det gjort ei ny berekning på kva mjølkemengd me kunne rekna med. Resultatet vart som kjent at forholdstalet vart auka til 105 i juni. Då tilsa prognosen ein mjølketilgang som ville dekka forbruket, seier han.

I ettertid ser Eggebø at mjølkekvotane nok kunne vore ytterlegare oppjustert i juni.

– Men Tine fekk likevel ein god produksjonsauke frå tredje kvartal og utover. Bøndene har gjort ein kjempejobb og har verkeleg levert, seier han.

Dagsavdråtten auka i mange besetningar. Nokre mjølkeprodusentar venta litt med avsining eller kuslakt for å få meir mjølk i tanken.

– I tillegg greidde bøndene å få opp tørrstoffinnhaldet i mjølka, noko som særleg gir auka utbytte i ost- og smørproduksjonen, seier Eggebø.

Pulverimport

I månadsskiftet september-oktober såg Tine at det ville bli utfordrande å bli leveringsdyktige på skummamjølkpulver.

– Dermed bad Tine om å få redusert tollsats på import av slikt pulver for å vera leveringsdyktige overfor kundane.

Eggebø held fram at om Tine hadde bede Landbruks- og matdepartementet om frislepp av kvotane ut året, ville det bidrege til å uthola kontinuiteten i kvoteordninga.

– Frislepp ville gitt liten effekt på pulverproduksjonen, medan store mjølkevolum inn på Tine sine allereie kapasitetssprengde anlegg ville gitt store utfordringar gjennom jule- og nyttårshelga og like fram til påske, seier han.

I staden for å retta merksemda mot at Tine kanskje kunne produsert noko meir pulver, seier Eggebø at Tine ser fram mot 2021 med god og jamn produksjon med godt Tine-resultat, lågare omsetningsavgift og betre totaløkonomi hjå eigarane.

Målprisauke i jordbruksavtalen

– Burde ikkje mjølkeprisen alt no vore høgare når det har skjedd så mykje positivt i den norske mjølkemarknaden?

– Målprisen på mjølk blir justert ein gong i året, og det er gjennom jordbruksforhandlingane med staten. I Norge har me ei marknadsreguleringsordning som er til fordel for både bøndene og forbrukarane. Det er difor det ikkje blir prisauke på mjølk nå, sjølv om det ikkje er meir mjølk i marknaden enn det må vera.

Eggebø meiner moglegheitene for å ta ut høgare målpris på mjølk vil bli ei sak under jordbruksforhandlingane til våren, men at det er ein avgrensande faktor. Import.

– Importen av ost er stor. Denne konkurransen vil nok avgrensa den store målprisauken. Men det som uansett er gledeleg er at me treng meir mjølk, seier han.

Redusert omsetningsavgift

Marknadsregulator, Tine, føreslår å redusera omsetningsavgifta ned frå 30 til 10 øre per liter frå nyttår. Den moglegheita er til stades sidan oppkjøpsrunden av mjølkekvotar er ferdig, forklarer Eggebø.

– Kan ikkje omsetningsavgifta reduserast enda meir?

– Ein av grunnane til at omsetningsavgifta ikkje bør reduserast under 10 øre, er at overproduksjonsavgifta vil gå ned i kjølvatnet av at forholdstalet har auka. Dermed blir det mindre «inntekter» frå denne potten.

Jobbar med sommarmjølka

Skeiv mjølkekurve har vore omtalt som ei stor utfordring for Tine. Eggebø peikar på at dei greidde mjølkeauke i tredje kvartal i år, og at det blir kjørt kampanjar og prosjekt på Vestlandet for å inspirera til å produsera meir sommarmjølk. Her er det ikkje berre å trykka på ein knapp.

– Dette har Tine jobba med dei siste 20 åra. Her handlar det om kultur og sterke tradisjonar, i tillegg til viktig utnytting av utmarksbeite. Det er svært kostbart for Tine å ha ein stor kapasitet på industrien for å ta unna leveringstoppane i staden for å få inn råvarene jamt gjennom året, og dermed styrka totaløkonomien for oss bønder. Utfordringane med sommarmjølka kjem me til å arbeida vidare med.

Tine legg prisstandarden

– Enkelte produsentar er kanskje usamd med Tine sin strategi. Private aktørar lokkar med høgare utbetalingspris alt no. Kvifor er det eit poeng i å vera lojal til Tine?

– Det er berre Tine som er oppteken av å halda høgast mogleg mjølkepris. Det som står på spel er at me kan koma i ein situasjon der Tine si rolle som marknadsregulator og prissettar blir svekka, med lågare pris som konsekvens. Eit svakare Tine vil gå ut over alle produsentane, understrekar Eggebø.

Han syner til at Tine nå leverer eit godt andre tertial rekneskap, og at dermed meierisamvirket legg standarden på både prissetting og etterbetaling.

– Ein føreseieleg mjølkeøkonomi med god mjølkepris nå og i framtida er avhengig av oppslutnad om samvirket. 20 øre i meirbetaling hjelper lite dersom mjølkeprisen ligg betydeleg under nivået det burde lege på, seier han.

Nullar ut negativ avrekning

​I teorien har det vore mogleg å måtta betala meieriet for å levera mjølk over kvoten. Årsakene er at sterkare bruk av sesongprisar saman med høg omsetningsavgift og overproduksjonsavgift har kunna gitt ei negativ avrekning. Det er det no slutt på, og negativ avrekning for elitemjølk over kvote i 2020 vil ikkje bli fakturert.

– Beløpet blir nulla ut, og ein sit i praksis att med etterbetalinga på plussida av denne leveransen, seier konsernstyremedlem i Tine, Askild Eggebø, til Bondevennen.

Direktør i Tine Råvare, Eivind Kjus, seier til Tine sine medlemmar at dei gjer dette for å unngå at bønder kjem i ein situasjon der dei i staden for å måtta betala for å levera mjølka, vel å tappa ho over i gjødselkjellaren. Han legg også til grunn at forholdstalet ser ut til å bli høgt også neste år og at mange bønder difor vel å halde på dyra, sjølv om årets kvote er levert.  

Stikkord denne saka: ,