Har kontroll: Innkjøpsdirektør Geir Inge Auklend jobbar med å sikra alle ingrediensar til kraftfôret, trass i at produksjonen av viktige ingrediensar i Kina ligg nede.

Koronaviruset kan få konsekvensar også for handelen med ingrediensar til kraftfôrblandingane. – Logistikken er sårbar, men eg meiner me har kontroll første halvår, seier innkjøpsdirektør i FKRA, Geir Inge Auklend.

Bothild Å. Nordsletten

Spreiinga av koronaviruset påverkar ikkje berre humanhelsa, men har også fått alvorlege konsekvensar for verdshandelen. Innkjøpsdirektør i FKRA, Geir Inge Auklend, følgjer nøye med på utviklinga. Samvirke er heilt avhengig av import av aminosyrer og vitaminar for å kunne laga dei rette kraftfôrblandingane. Somme av ingrediensane blir produsert berre i Kina, kor tiltak mot viruset har ført til at produksjonen ligg nede, eller er sterkt redusert.

– Me følgjer godt med og passar på at logistikken ikkje stoppar opp. Særleg kva gjeld einskilde tilsettingsstoff må me vera på vakt, seier Auklend.

Han viser til at fleire av FKRA sine produsentar har flytta fabrikkane til Kina dei siste 10-20 åra. Dimed blir ein ekstra sårbar i ein situasjon som den me er i no.

– Stoda er usikker for threonin, som blir brukt i fjørfefôr. Det er ikkje store mengdene som trengst, men stoffet er viktig for å gi rett balanse til proteinet. Får me ikkje det, må me løfta proteinnivået og kraftfôret blir mykje dyrare.

Reduserer råvarebruken

For å hindra prisauke, forklarar Auklend, kan FKRA redusera tilsetting av dei viktige stoffa innan ein gitt margin, utan at det går ut over ytinga til dyra. Førebels har samvirke kontroll.

– Me klarte å skaffa oss litt meir threonin, så me har iallfall til juni. For FKRA meiner eg me har ting under kontroll første halvår. Løyser stoda seg under denne tida, skal me berga oss over.

Godt nettverk

I likskap med dei fleste andre føretak lagrar ikkje FKRA råvarer.

– Alle føretak prøver å finjustera lagera, og opererer med så liten lagerkapital som råd, seier Auklend.

– Heile verdshandelen føresett jo at alt går som smurt, men det gjer det jo ikkje no. Me har heldigvis gode innkjøparar og eit godt nettverk, og me blir generelt sett på som ein påliteleg og prioritert kunde, sjølv om me ikkje er den største. Leverandørane våre gjer sitt beste for å sikra oss den varen me treng.

Innkjøpsdirektøren vedgår at logistikken er sårbar, og at prisen på somme råvarer alt har auka kraftig.

– Stoppar det heilt opp, stoppar varetilførsla, er det kjempekritisk. Me har halvårs- og kvartalskontraktar for dei ulike varene. No i mars skal me laga nye avtalar for andre kvartal, og då vil me merka følgjene av leveringssituasjonen for tilsetningsstoff fullt ut.

– Kva tiltak set FKRA i verk for å hanskast med stoda?

– Me jobbar seriøst med å sikra alle ingrediensar til kraftfôret. Ingen kundar vil merka noko, slik det ser ut no. Me har dyktige fagfolk som har god kontroll på at innhaldet i fôrreseptane er tilstrekkeleg, sjølv om me reduserer sikkerheitsmarginen ei tid framover, seier Auklend.

Prisauken på tilsettingsstoffa vil enn så lenge ikkje råka bøndene, seier han. Sjølv om dei er svært viktige, er kostnadane for aminosyrer i kraftfôret marginal.

Vurderer risikospreiing

Konsekvensane av utbrotet av koronaviruset er ei påminning om kor sårbart mellom anna matsystemet vårt er.

– Eg trur nok produsentane og leverandørane våre vil gjera seg sine tankar om risikospreiing for å ha produksjon fleire plassar enn berre i Kina, seier Auklend.

Til liks med threonin blir både vitamin B og K også hovudsakleg produsert i Kina. Vitaminane inngår i Vitamin KB-blandinga, som særleg er viktig for fjørfe og svin. Også for desse stoffa kan det bli kritisk mangel etterkvart, seier innkjøpsdirektøren.

Stikkord denne saka: ,