Kritisk mangel: Andelen norsk korn i økokraftfôret skulle vore tett mot 100 prosent. Mangel på norsk øko-korn gjer at andelen i 2018 var på 31 prosent. Etter ei vellukka satsing på økologsike åkerbønner, har andelen norsk øko-protein auka til 15 prosent.Foto: May-Linda Schjølberg, FKRA. 

Kraftfôr til økologisk mjølkeproduksjon skulle vore tilnærma hundre prosent norsk. Slik er dessverre ikkje situasjonen.

Liv Kristin Sola

Ingrid Strømstad, Felleskjøpet Agri.

For tre år sidan fekk Felleskjøpet eineansvaret for å produsere økologisk kraftfôr. Noko dei gjerne skulle gjort med 100 prosent norske råvarer.

– Ja, vi skulle så gjerne, men vi får ikkje tak i nok norsk korn, seier Ingrid Strømstad, fagsjef drøvtyggarfôr i Felleskjøpet Agri.

I 2018 var andelen norsk korn i det økologiske kraftfôret på 31 prosent. No er den under ti. Det som er att av norsk bygg må prioriterast i blandingane til fjørfe og svin, som har krav til 20 prosent norsk korn. Proteinandelen har auka og er kring 15 prosent. Det skuldast satsing på økologiske åkerbønner, som har gitt betre resultat enn venta.

– Det er litt vondt å seie – at me ikkje er sjølvforsynt med karbohydrat, erkjenner Strømstad.

Felleskjøpet treng meir havre, bygg og kveite. Utfordringa er at økologisk kornproduksjon fungerer best i vekstskifte og i område med tilgang til husdyrgjødsel, som også må vere økologisk. Desse kriteria avgrensar potensialet. 

I tillegg er det mange øko-mjølkebønder som produserer store delar av fôret sitt på eige bruk. I Østfold har dei vist at dei klarer produsere økologisk mjølk på tilnærma heilnorsk fôrrasjon.

– Øko-korn vert importert frå Sverige og Baltikum, frå Spania og land som ligg enda lenger unna. Det er rett og slett flaut. Vi må tenke nytt og vi treng nye stimuli, seier Strømstad.

Ho oppmodar bøndene om å satse på meir økologisk kornproduksjon.

– Her er det i alle fall ingen fare for overproduksjon, seier fagsjefen.

 

Økologisk kornvare 2018

Andel norsk og importerte råvarer i det økologiske kraftfôret i 2018.

Andel norsk korn i kraftfôr- inkludert økologisk

Andelen norsk korn i kraftfôret varierer med tilgang og kvalitet. Dette var situasjonen for dei ulike kraftfôrslaga, øko og konvensjonelt, i 2018

Stikkord denne saka: ,