• Klauvskjerar og initiativtakar, Asgeir Tunheim, kom med klauvboks og vinkelslipar, og ein god dose forventningar til ein lærerik dag, i lag med gode kollegaer.

 

Skal kua klare kunsten å gå, til mat, til kvile og til mjølking, må me sørgje for at ho har gode bein å gå på.

Liv Kristin Sola

Klauvskjerar Asgeir Tunheim, trimma klauv etter klauv i besetninga til Jone og Joakim Fosse. Ingen store skader, berre rutinemessig, førebyggande trimming av klauvene.

Tanken om korleis klauvvekst påverkar beina i klauven, svirra rundt i hovudet på den engasjerte fagmannen. Han avklarte med bonden, sette att nokre av dei kyrne som hadde mest vekst, og kontakta veterinær Tore Malmei, som han visste hadde røntgenapparat. Han inviterte sine klauvskjerar-kollegaer i regionen, nokre rådgjevarar og eit par dyrlegar til eit lite mini-seminar.

Overraska over resultatet

Dei erfarne klauvskjerarane var overraska over kor store utslag sjølv «vanleg» vekst, hadde på posisjonen til klauvbeinet. Ingen av kyrne som vart skorne, viste halthet eller signal på smerte i forkant.

Erfaringa understreka kor viktig yrket deira er for velferda til dyra og for økonomien til bonden.

Konklusjon: klauvene må skjerast lenge før ein har tenkt. Minst to gonger i året.

Pengar å tena

– Hadde alle kyrne hatt gode bein å gå på, kunne ein besetning med 70 kyr vore redusert til 60. Betre dyreflyt, høgare fôropptak og høgare produksjon, ville halde volumet oppe. I tillegg hadde kyrne hatt lenger levetid. Då kan me rekna på sparte fôrkostnadar og mulig sal av livdyr, kommenterer ein engasjert Einar Nedrbø.

Han fortel at dei i Danmark tilrår å trimma klauvene kvar 3-4000 liter mjølk. Fagfolka i fjøset på Fosse, tilrår å trimma klauver 2-3 gonger i året i lausdriftsfjøs, og 1-2 gonger i året i båsfjøs. Dei minner om at det ikkje er lett å sjå vekst utan at ein løfter opp klauven og sjekker under.

Korketrekkar

Korketrekkarklauver er ei utfordring i enkelte besetningar. Det kan haldast ved like med rutinemessig klauvskjering, men dersom ein ikkje tek omsyn til korketrekkarklauv i avlsarbeidet, blir det stadig fleire kyr med dette problemet.

– Eg vil på det sterkaste råda til å avla vekk korketrekkarklauv, seier Einar Nedrebø. – Let du korketrekkarklauven utvikla seg, utan at den vert regelmessig trimma, grensar det til dyreplageri, legg han til.

Kunnskapsmangel

Det hender dei tek oppdrag på vegne av Mattilsynet, etter at dei har hatt inspeksjon. Ifølgje Nedrebø, er det oppdrag han kvir seg for å seg for å ta. Han etterlyser ein klarare ordlyd i lovteksten som handlar om klauvhelse og klauvstell, som ein viktig del av dyrevelferdsloven.

– Me har lovar om dyrevelferd. Me ser tilfeller som går langt over grensa til dyreplageri. Eg trur det er mykje å henta på meir kunnskap om dette feltet. Me må ta på alvor kor mykje liding dette påfører kyrne, seier Nedrebø.

Erfaringar denne dagen har styrka inntrykket av at det framleis er ein veg å gå.

Unngå hinderløyper

Dei profesjonelle klauvskjerarane ser mange ulike planløysingar i moderne mjølkefjøs. Diskusjonen går. Dei er ikkje samde i om det er best med tett golv eller spalteplank, men er samde om at det er ulike utfordringar på dei ulike golvtypene. Det viktigaste er korleis golvet er utforma, om reinhald  og hygiene, og at kyrne kan bevega seg fritt utan hindringar.

– Det at klauvene vert gløymt av, er eit argument eg ikkje kan akseptera. Ingen gløymer vel å ta slåtten!, kommenterer Nedrebø.

 

Stikkord denne saka: ,