Drøvtyggaren må attende til beite: Kva er vestlandsbonden sine moglegheiter i ei tid med overproduksjon og merksemd på volum? Det var eit viktig tema under Felleskjøpet Agri si samling i Loen førre helg. Illustrasjonsfoto.

Vestlandet sakkar akterut på sau og ammeku. Samstundes skjer det ei kraftig rekanalisering i landbruket. No vil bøndene i vest ha drøvtyggarane attende til på beite.

Liv Kristin Sola

Over hundre bønder frå heile Vestlandet var samla til Felleskjøpet Agri sitt nyårsball på Hotell Alexandra i Loen førre helg. Arrangørane hadde invitert bondelagsleiar Lars Petter Bartnes, direktør i Nortura Totalmarked, Ole Nikolay Skulberg, og Felleskjøpet sin eigen fagsjef for næringspolitikk, Per Christian Rålm, til å innleie.

Dei tre var utfordra til å meine noko om moglegheiter for vestlandslandbruket, sett i lys av overproduksjon, nye mattrendar og den mykje omtala EAT-Lancet rapporten.
Rapporten slår fast at matproduksjonen i verda må aukast, men at maten skal produserast innanfor økosystemet si tålegrense. Per Christian Rålm minner om at norsk matproduksjon langt på veg er basert på det ekstensive landbruket EAT-rapporten vil at verdslandbruket skal gå mot.

– Den norske modellen, med mål om landbruk over heile landet og aksept for verkemidlane, er heilt unik. Ein aktiv landbrukspolitikk har resultert i at me trass alt, har ei sjølvforsyning på rundt 40 prosent, seier Rålm.

Per Christian Rålm, Felleskjøpet

Men situasjonen er sårbar og fagsjefen minner om at tørken i sommar reduserte sjølvforsyningsgraden over fem prosent. Rålm meiner landbruket i større grad enn tidlegare må samarbeide breitt på tvers av sektorar som jordbruk, helse, klima, og handel.

Snu rekanaliseringa

Samstundes er grunnmuren i den norske modellen i ferd med å slå sprekker. Grasareal går ut av drift på Vestlandet medan store areal er lagt om frå korn til gras på Austlandet. I følgje Rålm er kornarealet redusert med totalt éin million dekar sidan 1991. I 2018 gjekk 68.000 dekar ut av drift, eller vart lagt om til grasproduksjon. Det vil ikkje overraske om dette går opp mot 100.000 dekar neste år.

– Det skjer ei rekanalisering i landbruket. Om dette får fortsette er det urovekkande, seier Rålm.

Betre lønsemd i alternative produksjonar som ammeku og gras for sal, får mykje av skulda. Større bruk og færre sau på Vestlandet kan forklare noko av tapet av grasareal i vest. Rålm etterlyser ein landbrukspolitikk som stimulerer til mjølk og kjøt på Vestlandet og som gjennom målretta arealtilskot og prisnedskriving på korn, gjer det lønsamt å produsere korn der det er mogleg.

Meir kveite

Høgare yting i mjølkeproduksjonen aukar import av råvarer til kraftfôrindustrien, også korn. Rålm meiner det er mogleg å nytte meir norsk korn i kraftfôret, utan at det går ut over ytinga.

– Skal sjølvforsyningsgraden oppretthaldast, eller helst aukast, er me avhengig av landbruk i heile landet. Me må stoppe rekanaliseringa, dyrke meir korn der det er mogleg, me må dyrke meir kveite og auke produksjonen av matkorn, og utnytte grasarealet i dei marginale områda. Alt areal må brukast effektivt, seier Rålm.

 

Per Christian Rålm skriv følgjande kommentar til rekanliseringa, i ein e-post til Bondevennen:

«I perioden fra 2005 til 2018 gikk kornarealet tilbake med 453 966 daa. I samme periode økte grasarealet med snaut 30 000 daa. Dette tyder på at tapet av kornarealer på landsbasis ikke erstattes av gras.

Fylkesoversikten viser at i tradisjonelle grasproduserende områder i Nord – og Vestlandet har grasproduksjonen en tilbakegang. I kornfylkene øker grasproduksjonen og utgjør om lag 42% av tilbakegangen i kornarealet.

Dette sammen med DB analyser vi har sett på, tyder på at det er blitt mer lønnsomt å produsere gras, enten til ammeku , eller til salg av fôr enn korn i flere områder på Østlandet der det tradisjonelt har vært lønnsomt å produsere korn.

Forflytningen av gras fra Nord- og Vestlandet til Østlandet er en rekanalisering. Om denne utviklingen får gå for langt vil den på sikt rokke ved produksjonsfordelingen i landbruket.»

 

Uroleg for storfe

Direktør i Nortura Totalmarked, Ole Nikolay Skulberg, åtvarar mot nyetableringar i husdyrproduksjonane, ei melding han har formidla tydeleg til Innovasjon Norge.

– Det er fullt i alle produksjonar, og situasjonen for storfe gjer meg uroleg. Det må ikkje ende slik som med småfe. Storfekjøt er som ein supertankar. Den går godt, men det tek lang til å snu. Vi må stoppe litt før det er balanse, åtvarar Skulberg.

Sjølv om han kalkulerer med eit redusert mjølkevolum på 1440 millionar liter fram mot 2025, er biletet i glaskula klart.

– Me er i mål med ammekyr, stadfestar Skulberg.

– I den grad det skal gis tilskot til nyetableringar, bør dei kome på Vestlandet, legg han til, og gir med det vestlandsbonden eit lite håp.

Det kan trengast. Tal på ammekyr har auka formidabelt dei seinare åra, men grasfylka på Vestlandet har ikkje makta ta sin del av produksjonsauken, og har redusert sin del av ammekuproduksjonen til under eleve prosent.

– Så skulle ein tru at Vestlandet hadde eit godt grep om sauen, men også her tapar regionen terreng, og har i overkant av 30 prosent av saueproduksjonen i landet, seier Skulberg.

Tilskot er drivaren

– På Austlandet bygger dei på to bruk, det me klarer på eitt år i heile fylket. Me har ingenting å stille opp med så lenge kvalitetstilskot er den store drivaren som sikrar lønsemd i prosjekta, meinte ein av bøndene i salen.

Storfeproduksjon er ein tilskotsdriven produksjon som er sårbar overfor overproduksjon og endringar i rammevilkår. Vert tilskota svekka, aukar presset mot ei klassifisering som favoriserer dei tunge rasane. Vestlandsbøndene er redd det vil gi svekke lønsemda i kjøtproduksjonen på mjølkebruka. Bartnes vil jobbe for å få beitedyra attende til Vestlandet. Verktøya heiter kanalisering og å ta heile landet i bruk, men bondelagsleiaren innrømmer at det kan bli ei krevjande øving i praksis.

Meir enn volum

Møteleiar Bjarne Holm utfordra dei tre innleiarane:

– Det er ingenting som heiter stillstand. Det er utvikling eller avvikling. Kva skal Vestlandsbonden satse på?.

Skulberg er ikkje samd i premissane for utsegna.

– Det finst mange alternativ mellom det å dundre på eller stoppe opp, seier han, og vil vekk frå tanken om at utvikling berre handlar om volum.

– Utvikling er så mykje meir, ikkje minst tiltak som sikrar betre dyrevelferd og reduserer klimarisiko, og utvikling av lokal fordeling for dei som ønsker det, seier han.

– Me kan ikkje konkurrere på volum og kan heller ikkje dyrke korn her på Vestlandet, sa Kjell Paulsen, rådsmedlem i Tine. Han etterlyser sterkare støtte og engasjement for ein politikk som gjer det mogleg å leve av å produsere mjølk, kjøt og gras på vestlandet.

Bondelagsleiar Bartnes meiner faglaga dei siste par åra har klart å dreie politikken meir målretta mot mindre bruk. I det ligg det ei prioritering, ikkje berre av Vestlandet, men også Agder, Telemark og Nord-Norge. Han trur lokal foredling og andre tiltak som aukar verdiskapinga på bruket blir viktig. Lønsemd må vere summen av det du driv med på bruket.

Kapitalisering av næringa

Effektivitetsauken i landbruket har i fleire år vore 4,5 prosent. No flatar det ut og er ifølge Bartnes, rundt to prosent. Stordriftsfordelane
er spist opp og er i ferd med å bli ulemper.

– Det positive er at stortinget har innsett dette, seier Bartnes.

Men han er uroa over at år med sterk volumvekst har ført til auka kapitalisering av arbeidsdagen. Bonden investerer i bygg, leaser maskinar, leiger arbeidskraft, leiger jord, kjøper og leiger mjølkekvotar. Bartnes ber bonden vurdere verdien av dei siste litrane som skal leigast, eller leigejorda som ligg lengst vekk frå garden.

– For dei som har køyrt løpet heilt ut, vart det alvor under tørken i sommar, seier Bartnes.

Han ønsker ein debatt om kring utviklinga og ei risikovurdering av ei slik tilpassing. Anders Felde, leiar av Sogn og Fjordane Bondelag, meiner bøndene sjølve i større grad må sikre si eiga inntekt i framtida.

– Den dyktigaste bonden er den som sit att med mest på botnlinja. Me må redusere kostnadane og rekne på kor pengane lekk ut, seier han, og minna samstundes om at det er store moglegheiter for vestlandsbonden til å satse meir på frukt, grønt og bær.

I startgropa

Mari Bjørdal og Ola Grøtteland hadde fått barnepass til dei to sønene på to og fire år, og var på samling i Loen for fyrste gong. Paret er i ferd med å overta heimegarden til Mari i Ørsta, og skal finne sin plass både på garden og i bygda. Garden har mjølkeproduksjon med kring 40 mjølkekyr i eit robotfjøs som er ombygd båsfjøs. Kvigene står oppstalla på eit anna bruk, og draumen er å samle alt på hovudbruket – på sikt.

Ola er frå eit bruk med ammeku, slaktegris, korn og leigekøyring i Tønsberg. Erfaring har han mykje av, men han har merka seg at både landbruket og kulturen er annleis på Vestlandet enn heime. Dei unge bøndene var nøgd med samlinga i Loen. For Mari var det nyttig og interessant å høyre innlegget frå Skulberg, direktør i Nortura Totalmarked. For Ola var det bonden Lars Erik Tefre som gjorde mest inntrykk då han snakka om si erfaring med bruk av AMS teknologi (GPS) som eit hjelpemiddel for meir presis jordarbeiding.

– Interessant å høyre at det er nyttig også for mindre bruk på Vestlandet, seier Ola.

I framtida ser dei føre seg at det blir stadig viktigare å produserer kvalitet og at det kan løne seg meir enn volum. Slik kan me oppretthalde lønsemd sjølv med lågare produksjon.

Stikkord denne saka: ,