• På kontoret har bøndene panoramautsikt og kontroll på det meste. Her er det fôringsbeltet som vert stoppa.

 

Målet er god dyrehelse og haldbare kyr. Tanken er at friske kyr gir god dyreflyt, auka avdrått og betre inntening.

Liv Kristin Sola

Planteikning robotfjøs Staurland

 

Bonden har tenkt fjøs og teikna planskisser sidan ungdomsskulen. Det var på 80-talet. I fjor flytta Ole Johan og Marita Staurland, buskapen inn i nytt robotfjøs. Gjennom panoramavindauget i kontoret kan me sjå HEILE fjøset. Her er ingen betongveggar eller skilje å gøyma seg bak, ingen blindsoner som tek motet frå kvigene, eller skjuler ein konflikt mellom kyr. Frå inngangen kan me gå tørrskodd til alle avdelingane, inkludert roboten. Det er ope rett inn i liggebåsane. To stålrøyr og ei jekkestropp er det som skil oss frå kyrne. Mellom dei ulike avdelingane er det opne grinder, slik at kyrne har kontakt med kvarandre.

– Oversikt er bra for folk, men ikkje minst også for kyrne, understrekar Tine-rådgivar, Anja Våg Skjold.

Ville du gjort noko annleis?

– Tja, bygd større…, kjem det frå Ole Johan.
Gjengen flirer. Så langt ser fjøset ut til å fungera slik dei håpa. Eit oversikteleg og romsleg fjøs gjer at dei kan sjå kvart dyr i  flokken. Ingen kan gøyma seg vekk. God dyrevelferd, god helse, ein triveleg arbeidsplass, og etter kvart også auka produksjon.

– Me ønska ikkje å gå på kompromiss med dei måla me hadde. Då hadde me heller venta. Skulle me bygd om att, ville me  heller auka måla enn å gått ned, seier bøndene.

Nyttig samarbeid

– Det var nyttig å koma med i planlegginga heilt frå starten, før teikningane var klar. Me ser kanskje ting frå ein litt anna  synsvinkel enn bøndene og dei som teiknar, understrekar rådgivarane.

Bøndene høyrer gjerne på andre sine erfaringar, og er alltid opne for idear og innspel. Planane og skissene har endra seg mykje sidan ungdomsskulen.

– Det kan verka råflott; fangfront, gummi på spaltene og rause mål, men så køyrer me ein Volvo frå 1988, seier Ole Johan, og smiler breitt.

Dei har gjort roboten så billeg som råd, med å velja vekk mykje av ekstrautstyret. Dei vil sjå etter kvart kva dei har behov for, og ikkje betala for utstyr dei ikkje kjem til å nytta seg av.

Bøndene er også takksame for den støtta dei har fått frå slakteriet.

– Heilt opp i toppleiinga til Fatland har me opplevd eit personleg engasjement for planane våre. Dei har trudd på oss, stukke innom, og følgt interessert med i utviklinga. Det at dei bidrog til finansieringa, ga nok ei ekstra forsikring overfor banken og Innovasjon. For oss var det ein avgjerande faktor for at me kunne realisera dette prosjektet, seier Ole Johan.

Kjekt på jobb

– Me brukar framleis mykje tid i fjøset, men eg kjenner at me har meir tid og overskot til andre ting no enn før. Eg likar å engasjera meg i frivillig arbeid. Det er mykje lettare no. Skal eg ut, kan eg gå med godt samvit overfor han som skal i fjøset. Det var vanskelegar før, seier Marita.

Dei ønskjer begge å gå fulltid i fjøset og konsentrera seg om drifta. Det var noko av motivasjonen med å bygge så stort som dei har gjort.

– For oss handlar det om å skapa ei god inntekt og leva bra av dette, seier Ole Johan.

Han understrekar at dette er deira val. Han ser at andre ønskjer å tilpassa seg annleis og at ikkje alle har høve til å driva så  stort. Ole Johan meiner det er viktig at det er rom for ulike tilpassingar. Sjølv har den sosiale bonden ikkje behov for arbeid  utanom garden.

– Men det er viktig å stoppa litt opp i kvardagen. Henga langs gjerdet, slå av ein prat med naboen eller forbipasserande. Det gir meining, seier Ole Johan.

Bøndene kjenner seg privilegert. Dei opplever sterkt at ting har lagt seg til rette for dei, med jord og kvote, med gode rådgivarar og støtte i bygda. Dei trur ikkje at det er tilfeldig. Marita og Ole Johan opplever at Guds velsigning kviler over dei, at dei ikkje står åleine med dei manga vala og prosessane dei har vore gjennom. Det er viktig å kjenne på, kvar dag.

 

Teksten er eit utdrag frå Bondevennen nr 16 – 2016

Stikkord denne saka: ,