• I kvar ende av fjøset er det sett opp portar, for enkel adkomst og gjennomkøyring til både gardar og fôrbrett med traktor. Portane er elektriske.



Med dei rette lagspelarane blir resultatet pågangsvilje og investeringslyst – og eit moderne fjøs, bygd med tradisjonell byggeteknikk.


Jane Brit Sande


Fram til 1986 budde Martin Kallåk i Oslo. Då valde han å flytte heim til Mannås i Vinje kommune, Telemark, og ta over heimegarden. Sambuar Kjersti Margit Skaalen vart med, og saman har dei to vaksne born. I februar 2015 stod eit nytt fjøs på garden.
I starten av planlegginga, var det snakk om eit stålbygg med tre vegger, ei rimelegare løysning enn den han enda opp med. Eit kaldt vinterklima vippa planane om stålbygg av pinnen.
– Det blir ned til 30 kuldegrader her på vinterstid, og det hadde nok dyra takla fint. Men når vinden kjem i tillegg, blir det alt for kaldt med tre veggar, i staden for fire, forklarar han.
Laftefjøset i malma furu står flott i landskapet, men at Martin enda på eit bygg i tre, var heller tilfeldig. Han var med på forskjellege synfaringar, og likte godt det lune og varme inneklimaet i trebygga.
– No er eg veldig glad for at me valde som me gjorde. Treverket lar seg godt kombinere med naturleg ventilasjon. Det kjem ikkje trekk på dyra, det er fortsatt lunt, men lufta er frisk.
Fjøset er bygd av Telebygg Bratsberg og Mæland AS. Materialet kjem frå Tinnoset sag i Gransherad.

Dyretrivsel

Martin fekk dyra inn i februar, men det var ikkje lange perioden dei fekk nyte den nye tilvera i fjøset før det bar ut på beitene. Trass kort periode har Martin merka seg ein spesiell ting.
– Den beste, og kanskje mest overraskande, investeringa er utan tvil børsten me fekk installert. Me hadde ikkje ein slik i det gamle båsfjøset, og det var heilt utruleg kor snart dei fann ut korleis den fungerte. Når dyra er inne, sviv den omtrent heile tida, fortel Martin.
– Me kjøpte ein manuell børste og, den er plassert hjå kvigene. Eg har òg kjøpt børstar til kalvane og stuten, men det er ei billegare løysning. Børstane er sjølvsagt ein kostnad dei som alt anna, men eg angrar ikkje etter eg har sett korleis dyra koser seg.
Innreiinga i fjøset er fleksibel, og gjev Martin fleire moglegheiter. Den vart bestilt frå Orla Hansen i Danmark, via Ree Storfeinnreiing. All innreiing kan tas vekk, så Martin har gode moglegheiter til å bygge om inne i fjøset etter behov. To kalve/sjukebingar er permanente, men elles nyttar Martin seg av dei flyttbare gjerdene.
– Den eine kalvebingen skal få tette veggar og tak, slik at eg kan varma den opp dei gongene det er nødvendig, seier Martin.
Det er sett opp fanggitter på alle eteplassane, noko veterinæren sett pris på. Halsopning på fôringsplassane kan justerast utan verktøy, slik at det er passeleg opning til både kalv og okse.
– Me teikna ei skisse sjølve på korleis me ville ha det i fjøset, og eg er godt nøgd med resultatet.
– Kostnadar me valde å spara inn, var skrape, spaltegolv og liggebåsar. I staden køyrer eg inn traktoren to til tre gonger i veka og skrapar. Me velde talle som liggeunderlag. Tallen varmar, og der har dyra det godt, meiner Martin.

God plass

I fjøset er det eteplassar til 38 dyr, men Martin har ingen planar om å fylle opp fjøset heilt.
– Det blir veldig fullt i fjøset om me skal fylle heilt opp. Planen er å auke litt, frå 16 kalvingar denne våren til 20 kalvingar våren 2016, så får me sjå korleis det fungerer, seier han.
I fjøset er det plass til 23 kyr i den store garden, fem kviger og seks kalvar får plass i gardar for seg sjølve, pluss sjuke/kalvebingar og kalvegjennomgang til bingen. Trengs det meir plass i ein garde, kan dette enkelt ordnast med dei flyttbare grindene.
– Me har ein avlsokse, som står for seg sjølv. Den tar opp fire eteplassar, seier Martin.
Fjøset måler 450 m2, og i tillegg er det eit kontor, med sluse/bad, på 20 m2. I kvar ende av fjøset er det sett inn portar. Både fôrgangen og gardane kan enkelt ryddast med traktor. Då Bondevennen var på besøk i starten av oktober, nøyt dyra den siste tida på beite. Totalt 38 dyr danna då buskapen, deriblant ein okse og fem drektige kviger med kalving til våren.
– Eg leverer gjennom Kvalitetskalv- avtala hjå Nortura, og åtte oksekalvar blir henta over helga, fortel Martin.
Dyra er reinrasa Hereford, førebels ikkje stambokførte.
– Det kjem etter kvart, kommenterer han.

Full jobb utanom

Både Martin og Kjersti Margit er i full jobb utanom garden, noko dei har gjort heilt sidan dei flytta tilbake til Vinje.
– Det gjeng greitt å kombinera denne produksjonen med fullt arbeid. Me har gode naboar rundt oss, som me samarbeider godt med. I nabogrenda samarbeider eg med ein annan bonde, som òg har Hereford, om slått og tilsyn, fortel Martin.
– I tillegg har eg installert to kamera i fjøset, som er tilknytt internett. Då kan eg enkelt følgje litt med i fjøset når eg ventar på kalving eller om ei ku er sjuk.

Kommunen på lag

Med dyr på bås i eit gammalt fjøs som trengde oppgraderast, vart den anten eller på garden. Uansett kva dei velde, måtte landskapet rundt haldast i hevd. Garden måler 2.946 daa totalt. Av dette er meir enn 2.500 daa skogsareal (sjå eigen boks for arealtal).
– Me valde investere slik at me kan vere med og halde kulturlandskapet. Hadde ikkje dette arbeidet blitt gjort hadde det kanskje vorte attgrodd både hjå meg og naboar, seier han. Men Martin er på ingen måte den einaste som dreg lasset.
– Både næringssjefen og kommunen gjer sin del av kaka. Hadde det ikkje vore for dette, hadde eg nok ikkje investert. Kommunen er gode på rammer for landbruket. Det er mykje kulturlandskap som blir halde i hevd med beitedyr, og med satsing på landbruket blir gardar drive og folk blir buande i bygdene, seier Martin.
Den totale kostnaden på fjøset, inkludert eigeninnsats, kom på 2,5 millionar kroner. Innovasjon Norge og Vinje kommune støtta prosjektet med 380.000 kroner kvar. Innovasjon Norge har i tillegg innvilga rentestøtte på inntil ein million kroner.
– Her i Vinje kommune blir det gjeve god støtte på nybyggprosjekt i landbruket, fortel Martin.
– Personane eg møtte på vegen var avgjerande for mi avgjersle om investering. I kommunen har me ein entusiastisk landbruksrådgjevar i Thor Christiansen, han må få den største rosen, og Elin Aakre Tellum i Innovasjon Norge har vore positiv til prosjektet, skryt Martin.

Areal

2946 daa totalareal
917 daa produktivt skogareal
1.700 daa anna skog
346 daa vatn/myr/dyrka
36 daa dyrka
45 daa innmarksbeite
122 daa dyrka (leigd)
82 daa innmarksbeite (leigd)
8 daa overflatedyrka (leigd)

 

Denne reportasjen var på trykk i BV46 – 13. november 2015

Stikkord denne saka: ,