Jostein Frøyland er glad for Listhaug si tilråing om å ta jorda på Frøyland gard ut av planane for Bybandet sør.

 – Svært tilfredsstillande at Listhaug tok den vendinga, seier Jostein Frøyland.

Liv Kristin Sola

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har ifølgje Stavanger Aftenblad, tilrådd at jorda på Frøyland gard i Time kommune vert spart i samband med utbygging av Bybandet sør.

Første oktober i år var representantar frå blant anna kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD), på synfaring på Frøyland. På Frøyland gard vart delegasjonen møtt av demonstrantar som markerte si støtte til Frøyland sin kamp for matjorda.

I si tilråing til Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, går statsråd Listhaug inn for å verne eit areal på 400 dekar på Frøyland. Til gjengjeld føreslår statsråden å utvide utbyggingsarealet på naboeigedommane med 63 dekar, melder Aftenbladet. Begge naboane ønsker utbygging

Listhaug føreslår dermed å justere planane slik at jorda på Frøyland gard vert spart.

– Dette må vera ei god løysing for alle partar. Forslaget ivartar ulike interessar og argumentasjonen til Listhaug er god. Fleire hundre mål matjord kan sparast og ein unngår konfliktar, kommenterer Jostein Frøyland på telefon.

Han hadde eit lite håp, og er svært glad for utviklinga i saka.

– Under synfaringa i oktober opplevde eg at Bjørn Caspar Horgen, avdelingsdirektør i KMD, tok oss på alvor i forhold til å få tak i kva denne saka dreier seg om. Eg er takknemleg for repekten departementet synte oss med å koma på synfaring, og har eit håp om at dette legg føringar for Sanner når han skal ta si beslutning, seier Frøyland.

 

 

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og ordførar i Time, Reinert Kverneland står på kvar si side i konflikten rundt området på Frøyland.

 

Ordførar i Time kommune, Reinert Kverneland, er ikkje overraska over at LMD går mot denne saka.

– Ikkje uventa, men dette er ei lita sak for oss slik den står no. Ingenting er avgjort før Sanner har sagt sitt. Då vil me sjølvsagt ta til etteretning det vedtaket som vert fatta, seier ordførar Kverneland på telefon frå Bondevennen.

Han presiserer at dei aktuelle kommunane må halda seg til den avtalen som er inngått med Fylkeskommunen, og avventer statsråd Sanner sitt endelege vedtak.

Ordføraren legg ikkje skjul på at dersom dette ryker, kan det koma omkamp om dei langsiktige grensene for jordvern.

– Frøyland gard ligg klemt inne i eit utbyggingsområde. Tidlegare meldingar frå statlege styresmakter var å bygga ut rundt dei største tettstadane i kommunena. Kverneland er nest størst i Time, etter Bryne, som ikkje kan byggast ut ytterlegare på grunn av grensa for jordvern, kommenterer ordførar Kverneland.

På Frøyland gard håper dei at statsråd Sanner høyrer på regjeringskollega Listhaug og vernar jorda på garden.

– Vanskeleg å ha noko store forhåpningar, men det er ingen tvil om kva eg ønsker meg til jul, avsluttar Jostein Frøyland, og håpar at vert avgjort før jul.

Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanne har det avgjerande ordet i denne høgt profilerte saka.

 

 

Stikkord denne saka: ,