Tinerådgivarane, (f.v.) Svein Åge Vangdal, Stein Ove Nesheim og Bjørn Steinar Nesheim, motiverte mjølkeprodusentane på Finnøy til å tenka nytt, kreativt, og litt annleis. Ikkje likt naboen, men ta utgangspuntk i kva du har, og finn ut kor DU vil med garden og produksjonen.

Tinerådgivarane, (f.v.) Svein-Åge Vangdal, Stein Ove Nesheim og Bjørn Steinar Nesheim, vil motivera til å tenka nytt, kreativt, og litt annleis. Ikkje likt naboen, men ta utgangspuntk i kva du har, og finn ut kor DU vil med garden og produksjonen.

 

 

Mykje av svaret ligg i om du kan driva betre enn snittet

Liv Kristin Sola

Fylkesmannen i Rogaland, i samarbeid med Tine, Q-meieriene og Innovasjon Norge, inviterte mjølkeprodusentar i Ryfylke og på Haugalandet til samling for å finna vegen vidare for små og mellomstore mjølkebruk.

– Her er ingen romslege investeringsrammer. Det må me ta inn over oss, sa Stein Ove Nesheim, til dei rundt 30  mjølkeprodusentane som var samla på møtet på Finnøy.

Nesheim er økonomirådgivar i Tine Medlem. Hans bodskap til dei som vurderer å investera framover var tydeleg.

– Realiteten er, at du må vera betre enn gjennomsnittet for å bygga, sa rådgivaren.

Du er den viktigaste

Kommentaren var ikkje meint å ta motet frå dei som er på veg til banken for å få lån. Nesheim var heller ikkje ute etter å skremma nokon vekk frå teiknebrettet, men erfaring har vist at svært få blir betre bønder berre ved å effektivisera driftsapparatet.

– Avdrått per årsku spreiar seg frå mest uforståeleg lågt til svært høgt, med eit tyngdepunkt rundt gjennomsnittet, sa Nesheim.

Det same gjeld for fjøs med robot og mjølkestall. Kurvane for dei tre ulike situasjonane er skremmande like.

–  Du kan ha så mange «duppedittar» du vil i fjøset, men det er du sjølv som er den viktigaste faktoren. Det er du som avgjer kor god drifta vert på ditt bruk, uansett driftsform, konkluderte Nesheim.

Du har potensiale

– Ingen vert dyktige bønder av å bygga. Du må vera blant den halvparten som ligg over middels, før du set i gang med eit byggeprosjekt, sa Nesheim.

Han understreka at mange har potensiale til å betra produksjonen. Men skal du bli betre, må du finna  ut kor du står i dag. Er resultatet gjennomsnittleg eller under, må du gjera jobben med å heva produksjonsresultata til over snittet.

– Jobben tek til i dag, var den klare meldinga.

Kor stort du kan driva heng delvis saman med kor mange som skal vera aktive i drifta. Er heile familien med i den daglege drifta, kan du forsvara å auka tal på dyr. Det er lurt å rekna på korleis ulike tilpassingar slår ut.

Nesheim viste eksempel med 20, 30 og 38 årskyr (sjå tabell 1).

– Det viser seg å vera betre økonomi i å vera liten og dyktig, enn stor og gjennomsnittleg, sa økonomirådgivaren.

TABELL 1: 3 eksempel med ulik størrelse og driftsform

bv_fag3

Kommentar til tabellen frå Stein Ove Nesheim og Torfinn Nærland, i Tine Rådgiving:

Føresetnadar:

• Faste kostnader ut frå erfaringstal. Leigd hjelp kr. 100 -150.000. Maskinkostnader aukar frå kr. 120.000 til kr. 240.000. Kvote  utover 140’ liter, er leigd til kr. 0,80 pr. liter.

• Fjøs for 20 kyr er med mjølkegrav, fjøsa for 30 og 38 kyr er med mjølkerobot.

• Alternativet med 20 og 38 kyr er ombygging til lausdrift/folkefjøs, medan fjøset til 30 kyr er nytt lausdriftsfjøs. Fjøset til 38 kyr har fullt oksepåsett, dei to andre bare kvigepåsett.

Kommentarar:

Føremålet med økonomiberekninga er å vise kva mjølkeproduksjonen isolert sett kan kaste av seg ved å bygge om/nytt til  lausdrift for buskapar av desse storleikane. Berekningane viser at det er mogleg å verte mjølkeprodusent i nytt lausdriftsfjøs. Men ein må drive i gruppa «betre drift» for få eit bidrag til disponibel kapital/privatforbruk, som dei fleste er fornøgd med. Når ein skal vurdere totaløkonomien på garden og kva familien har til å leva av etter bygging, må ein ta med desse tre momenta i tillegg: eventuelt driftsoverskot frå andre produksjonar på garden som t.d. sau, gris eller bygdeservice, betjening av eventuell eksisterande gjeld, samt ektefelle/partnar si inntekt. Ta med desse tala i ein driftsplan for garden, og du vil ha eit godt bilete av korleis økonomien vert som lausdriftsbonde.

TABELL 2: Gjennomsnittleg dekningsbidrag samanlikna med eit tilfelle med betre drift, basert på resultat det er realistisk å oppnå.

okonomi_Side_06

Kommentar til tabellen frå Stein Ove Nesheim, økonomirådgivar i Tine.

Kolonna «Gjennomsnitt Haugalandet og Ryfylke» er basert på tal frå Kukontrollen for bruk på Haugalandet og i Ryfylke. Berekninga viser forventa dekningsbidrag for et gjennomsnittsbruk i 2016.
I alternativet «Bedre drift» har vi lagt til grunn forbetring sett utifrå ei fagleg vurdering av kva som er realistisk. Det er kun gjort endring i dei nøkkeltala som viser i tabellen. Auke i grovfôrbehov er dekka med innkjøpt grovfôr.

Med denne typen endring i produksjonen vil faste kostnader, utanom kvoteleige, vera tilnærma uendra,
Det vil sei at auken i dekningsbidrag, etter kvoteleige, på kr 106.000,- vil vera direkte auke på bunnlinja.

 

 

Teksten er eit utdrag frå Bondevennen nr 18-2016.

Stikkord denne saka: ,