Ikkje nok: Tome reguleringslager og målprisauke på 1,46 kroner kiloen er positivt, men ikkje nok for å dekke opp for vedlikehaldsbehov og mangeårig kostnadsauke, meiner Ove Aanestad, som omtalar økonomien i svineproduksjonen som skræmande dårleg.

Etter fleire år med overproduksjon og låge prisar er situasjonen lysare for svineprodusentane. – Men dagens målpris er langt frå nok til å dekke kostnadsauken og vedlikehaldsetterslepet, seier bonde Ove Aanestad.

Sjur Håland

September-prognosen frå Nortura totalmarked synar 3.100 tonn i minus for 2020. Prognosen for 2021 synar 800 tonn i minus. Koronasituasjonen har redusert grensehandelen monaleg, medan folk lagar meir mat heime. Det betyr, i følgje Landbruksdirektoratet, auka etterspurnad etter svinekjøt.

Frivillig reduksjon

I tillegg til koronapandemien, skuldast den endra marknadssituasjonen også utkjøpsordninga for purker og at svinebøndene har teke marknadsregulator Nortura si oppmoding til frivillig reduksjon til følgje.

Landbruksdirektoratet held fram at det no ikkje er ein einaste heil gris på lager og at underskotet må dekkast av import. Norge har ein tollfri kvote på import av svinekjøt frå EU på 600 tonn. Vidare er ein EU-kvote på 1381 tonn frose svinekjøt med redusert tollsats, tilgjengeleg.

– Fordi me kan supplere med import, er det nok svinekjøt til å dekka behovet hjå norske forbrukarar, seier seksjonssjef i Landbruksdirektoratet, Harald Weie, i ei melding på direktoratet sine heimesider.

Opp- og nedturar

Ove Aanestad frå Varhaug har vore svineprodusent sidan 1985. Frå 1992 har han produsert livpurker og smågris. Aanestad har eit stort nettverk i svinemiljøet, og er kjent for å seia det han meiner. Nokre gonger blir han skulda for å vera ein talsperson for berre dei største produsentane.

– Å driva næringsverksemd handlar om å få økonomi i det ein driv med uansett storleik på produksjonen, seier han.

Aanestad erfarer at næringa har vore prega av opp- og nedturar så lenge han har vore med.

– Men den økonomiske nedturen me har opplevd siste 2,5 åra har vore heilt ekstrem, seier han.

Kostnadsauke

Svineprodusenten registrerer at prisane har gått rette vegen siste månadane. Prisen på 25-kilos smågris har frå april til juli auka frå 720 til 860 kroner, det høgaste nivået sidan 2016, i følgje Nationen. Men også innsatskostnadane har auka, påpeikar Aanestad.

– Prisen på rånesæd har auka med 30-35 prosent frå 2015. Avlssæden som me brukar i vår besetning har auka frå 240 til 640 kroner per dose i same tidsrommet. Me brukar to til tre dosar per purke per inseminering, seier han. Kraftfôrprisen har auka dei siste åra, seier Aanestad.

Etter koronautbrotet i vår gjorde prisen eit ytterlegare jump opp med 20-30 øre kiloen.

– Dette et åleine opp det meste av prisauken på produkta. Ti øre i auke i kraftfôrprisen utgjer 100.000 kroner i ekstra kostnadar i året i mi drift, seier han.

Skræmande dårleg

Før den store nedturen starta for 2,5 år sidan, kunne Aanestad utføra naudsynt vedlikehald på bygningar og utstyr og likevel ha eit greitt resultat på årsoppgjeret.

– Vedlikehald blir framleis prioritert, men det er ikkje mogleg å ta ut same løna som før. Nett no tar eg ut mindre løn enn kva den fast tilsette hjå meg får.

Bonden omtalar den økonomiske situasjonen hjå seg og sine kollegar som skræmande dårleg.

– Eg skjønar godt dei som nå slit med å få økonomien til å gå rundt, og eg skjønar dei som i staden for å kjøpa avlspurker i staden rekrutterer purker i eiga besetning for å spara nokre kroner, sjølv om dei då får eit etterslep på avlssida, seier han.

Aanestad held fram at det er positivt at reguleringslagera nå er tome.

– Slik må det også vera framover sidan moglegheita for reguleringseksport fell vekk neste år.

– Er du optimist?

– Ja, det går ikkje utan. Men me må ikkje gløyma at noko av bakgrunnen for at marknadssituasjonen er gunstig for tida, handlar om at det nett no er fleire store produsentar som har tome hus grunna sanering. Det blir spanande å sjå korleis marknaden endrar seg når desse er tilbake i full produksjon.

Prisane må opp

Målprisen på gris vart auka med 1,46 kroner per kilo i siste jordbruksoppgjeret. Det er langt frå nok til å ta att etterslepet, i følgje bonden.

– Nei, langt der i frå. Men det bidreg i rett leid. Me kunne ikkje halde på mykje lenger der me var, men skal me ta att kostnadsauken som har vore dei fem siste åra, må prisane ytterlegare opp, seier han.

– Korleis skal svineprodusentane få opp prisane og greie å levera det marknaden vil ha utan å koma i ein ny situasjon med overskot?

– Friviljug reduksjon er uansett vanskeleg. Skortar det på pengar er det lett å falle for freistinga til å heller produsere meir.

Aanestad er blant dei som har teke til orde for at svineproduksjonen på gardsnivå blir justert frå det som i utgangspunktet er normalproduksjonen på bruket med eitt gitt prosenttal.

– Dette måtte vore ei frivillig ordning der produsenten sitt slakteri sit med oversikt over produksjonen og kunne gitt råd om å justere. Det hadde vore ei effektiv ordning som er mogleg å gjennomføra i praksis, seier han.

Konsesjonsjustering i 2024

Den mykje omtalte konsesjonsjusteringa som fjernar smottholet med bruk av såkalla eingongspurker, slår inn i 2024. Då må mange større produsentar redusera produksjonen.

– Det vil utgjera eit vanvitig stort volum. Sjølv reknar eg med å måtta redusera produksjonen med 20 prosent. Reduksjonen vil svi for dei som må redusera.

Aanestad fryktar at auka import som følgje av konsesjonsjusteringa kan få varige konsekvensar for norsk svineproduksjon.

– Dette er skjøre mekanismar. Norske svineprodusentar kan produsera 98 prosent av marknadsbehovet, men eg trur ikkje me kan ligga på 95 prosent eigenproduksjon særleg lenge.

– Ser du føre deg nyetableringar?

– Enkelte sluttar av i samband med gardsoverdraging eller på grunn av store investeringsbehov og dårleg økonomi, så på litt sikt treng me heilt klart nye produsentar skal me produsere svinekjøt her i landet, seier han.

Stikkord denne saka: ,