Felles standard: Nortura og KLF sin handlingsplan med tilhøyrande dyrevelferdsprogram er godt innretta, meiner Landbruks- og matministeren. Han ber likevel om at innhaldet blir sjekka ut mot Mattilsynet sin standard. Illustrasjonsfoto.

Jon Georg Dale varslar ytterlegare innstraming for svinebønder som ikkje følgjer norsk standard for dyrevelferd.

Sjur Håland

Dialogmøtet om velferdsordningane i norsk svinenæring fann stad i Landbruks- og matdepartementet tidlegare i dag, tysdag. Bakgrunnen for at aktørane innan svinenæringa vart kalla inn på teppet, er nedslåande resultat frå Mattilsynet sin pågåande tilsynskampanje i slaktegrisbesetningar i Rogaland.

Uakseptabelt

– Bileta frå tilsyna i svinebesetningar i Rogaland er uakseptable og utgjer klare brot på dyrevelferdslova. Slik skal vi ikkje ha det i norsk landbruk. Dei som ikkje ryddar opp har vi heller ikkje plass til i landbruket, understrekar Dale.

Aktørane har lagt ein plan på bordet og har presentert ein handlingsplan for vidare oppfølging av dyrevelferdsproblema i svinenæringa.

– Det er veldig bra og avgjerande naudsynt, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale til Bondevennen.

 

Jon Georg Dale.

Norsvin, Kjøt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF), Nortura, Bondelaget, Småbrukarlaget og Animalia fekk tydeleg beskjed frå statsråden, som er nøgd med responsen.

– Dei er opptekne av å finna løysingar i lag. Det skal ikkje vera plass for aktørar å gøyma seg vekk nokon stad i verdikjeda. Desse produsentane må ordna opp i dyrevelferden på bruket eller slutta med dyr.

Varslar nytt møte

– Korleis vil du følgja saka vidare?

– Eg vil følgja nøye med framover og kjem til å kalla inn til nytt møte i månadsskiftet mai juni.

Statsråden held fram at stoda i svinenæringa er uhaldbar.

– Eg har tillit til at landbruket ordnar opp. Skulle dei ikkje lukkast med det, er eg budd på å strama inn ytterlegare for å bli kvitt aktørar som ikkje tek inn over seg kva som er standard for dyrevelferden i Norge.

– Kva reaksjonar er det snakk om. Har du ris bak spegelen?

Mange verkemiddel

– Me har ein heil skala av verkemiddel å spela på dersom det skulle bli behov for det. Den ytste konsekvensen er at ein mistar retten til å driva husdyrproduksjon.

– Kva med dyrevelferdsprogrammet som alt er lansert av Nortura og KLF. Er det strengt nok?

– I utgangspunktet er det fornuftig og godt innretta. Men eg har bedt dei om å syta for at standarden dei legg til grunn i programmet samsvarar med den standarden som er forventa av Mattilsynet. Lista må vera lik for begge partane.

På same linja

Per Inge Egeland er styreleiar i Norsvin Rogaland.

– Me i Norsvin Rogaland har lagt oss på same linja som Landbruks- og matministeren. Han har gitt oss grønt lys for handlingsplanen og dyrevelferdsprogrammet som alt er sett i gang. No blir det vår jobb å syna at me tar dyrevelferdsproblematikken på alvor og følgjer opp.

Fylkesleiaren set pris på Dale sitt engasjement.

– Me har eit rykte å ta vare på som blant anna inkluderer god dyrevelferd, rein mat og minimal bruk av antibiotika. Det er flott at departementet følgjer opp slik dei no gjer.

 

Stikkord denne saka: ,
Share This