Løft blikket: Mjølkebonde Nils Asle Dolmseth oppmoda bøndene til å engasjere seg både lokalt i bygda og i diskusjonar om landbruk og politikk. Han meiner bøndene gjer lurt i å vere opplyste og engasjerte når dei skal gjere val for drifta på garden.

– Sett deg mål for gardsdrifta og gå steg for steg i retning målet, oppmodar Nils Asle Dolmseth, mjølkebonde og tillitsvald i Tine og Bondelaget.

Liv Kristin Sola

Friskare kyr gir glad bonde, på Særheim førre tysdag. Bonden utfordra bøndene til å tenke gjennom mål for drifta på garden. Ved hjelp av Youtube, lar Dolmseth hip-hop-gruppa Klovner i kamp, starte samlinga. Han ber bøndene lytte til teksten: – Det er langt å gå – det er det mål handlar om. Eit steg om gongen. Målet langt der framme kan endre seg. Kan hende går vi feil og må snu. Blir vegen for lang kan du få hjelp undervegs, siterer Dolmseth.

– Her er det ein del å feste seg ved. Store mål må løysast bit for bit, seier Dolmseth.

Langt der framme Bonden veit kva han snakkar om. Som nestleiar i Tine SA og styremedlem i Norges Bondelag, er dei nøydd til å vere effektive heime på Dolmseth Gård i Åfjord, sør i Trøndelag. I 1989 overtok Nils Asle og kona Ann eit bruk på 70 dekar dyrka jord, 30 dekar leigejord, eit fjøs med ti båsplassar og ein kvote på 43 tonn.

– Målet vårt vart å skape arbeid – og lønsemd, for begge på garden, og gi rom for at eigne barn kan og ønsker å ta over, seier Dolmseth.

I dag har dei to vaksne barn og familien driv 740 dekar dyrka jord fordelt på 50 skifte. Dei produserer 543.000 liter mjølk i eit robotfjøs frå 2016. Steg for steg har dei prioritert og investert for å nå målet. Dei selde oksekalvane og overlèt kvigeoppdrettet til andre. Slik fekk dei nytte alt areal til å auke mjølkeproduksjonen frå 43 til 285 tonn og samstundes sette seg i stand til å klare seinare investeringar med robotfjøs og produksjonsauke.

– Når du har eit mål, er det viktig å prioritere tid og ressursar på det som gagnar hovudmålet, seier Dolmseth.

Diskuterer drifta: Deltakarane på kurset Friskare kyr gir glad bonde, samlar seg i grupper for å diskutere mål for eiga drift. Bøndene vert utfordra på ulike tema, blant anna kalv, grovfôrdyrking og lean.

Kjøkenbordstankar

Heime på Dolmseth er kjøkenbordet samlingsstad for den gode samtalen, også for drifta på garden.

– Svært lite er skrive ned – men veldig mykje er prata om, seier bonden.

Han vil ikkje undervurdere samtalen. Tankane kvernar i hovudet og nye idear dukkar opp og blir diskutert. Ikkje alle mål er like klare, men Dolmseth trur det er viktig å tenke langt fram. Det gir retning for det daglege arbeidet.

– Det er lurt å vete kor du er før du bestemmer deg for kor du skal. Deretter kan du vurdere korleis du kan kome deg dit på ein rasjonell og effektiv måte, seier Dolmseth.

Han minner om at ressurstilgang, økonomi og arbeidskraft er avgjerande for kor du kan sette lista. Det er enkelt å sette i gang, men verre å fullføre. Difor er det viktig å tenke gjennom kva som krevst av innsats, og om ein har vilje, evne og ressursar til å gjennomføre.

Verda er i endring

Dolmseth meiner det kan sjå ut som at landbruket i framtida får strammare marginar. 

– Me ser at prisauken i marknaden ikkje lenger held tritt med kostnadsveksten på bruket. Difor vert det svært viktig å gjere dei rette vala til rett tid for å redusere kostnadane, seier Dolmseth.

Hans råd er å prioritere tiltak og investeringar som sikrar auka lønsemd. Det kan gi grunnlag for andre investeringar på eit seinare tidspunkt.

Dolmseth minner om at statlege overføringar, endra rammevilkår, auka import, skiftande haldingar i befolkninga, nye måltidsvanar og kjedemakt gir endra vilkår for landbruket. Bonden er ikkje i tvil om at dei ytre rammene verk inn på lønsemda i investeringane du gjer på bruket.

Skarpt auge: Dolmseth trur bøndene gjer lurt vere opplyste og engasjerte, og lese signal frå verda rundt seg før dei gjer langsiktige investeringar på bruket. 

Ei draumeverd?

Forbrukarane vil ha eit landbruk slik det er i dag, er svaret Bondelaget får i sine undersøkingar. Men i følgje Dolmseth let vi vere å spørje det krevjande oppfølgingsspørsmålet: Er like mange villige til å betale prisen for å oppretthalde landbruket på dagens nivå om det betyr mindre ressursar til ferie, fritid, bustad og bil?

– Eg er i sterk tvil, seier Dolmseth.
– Men det er den verkelege verda. Korleis kan eg planlegge ei investering draumescenario om folk si betalingsvilje?

Dolmseth trur bøndene gjer lurt vere opplyste og engasjerte, og lese signal frå verda rundt seg før dei gjer langsiktige investeringar på bruket. Han åtvarar også mot den avventande haldninga somme forfekta medan Listhaug var statsråd.

– Me må for all del ikkje sitje stilt i båten når alt blir tungt og vanskeleg. I løpet av dei åra du skal betale ned investeringane dine, vil det vere regjeringar av alle fargar og konstellasjonar. Me må ikkje stelle oss slik at me er avhengig av eit politisk parti for å lukkast, åtvarar Dolmseth.

Plunder og heft – men mest glede

For Ann og Nils Asle Dolmseth har det vore eit mål å motivere neste generasjon til å sjå moglegheiter i landbruket. Her er det er lett å mislukkast, skal me tru Dolmseth.

– Skal du skape interesse må du investere tid. Me hadde barna med oss på alt me gjorde på garden. Det blir plunder og heft, men mykje meir glede, seier Dolmseth.

– Me har aldri snakka negativt om livet som bonde, men me har heller ikkje lagt skjul på at det kjem krevjande og svarte dagar, også som bonde, seier han.

Men investeringa betaler seg når barna veks til og syt for å få avlinga i hus, Prioriter lokalsamfunnet Bøndene speglar landbruket i lokalmiljøet, ei rolle det er viktig å vere seg bevisst, meiner Dolmseth. Han oppmoda bøndene til å vere aktive i bygdesamfunnet.

– Prøv å ikkje vere den som alltid har det for travelt til å delta på dugnad og aktivitetar. Det skapar avstand, seier Dolmseth.

Samstundes ber han bøndene om å tenke igjennom korleis dei handlar og prioriterer på eigen gard.

– Vil du at folk skal kjøpe norsk mat, er det lurt å starte med seg sjølv. Tenk lokalt og norsk, og helst samvirke når du investerer, oppmodar Dolmseth.

 

Kay Arne Aarset, veterinær Tine Rådgiving

Kurset Friskare kyr gir glad bonde har nettopp avslutta det andre av tre kursseriar på Jæren. Åtte av tolv samlingar er gjennomført. Ein tilsvarande kursserie er sett i gang nord i Trøndelag og i Hordaland.

Kursleiar og initiativtakar Kay Arne Aarset i Tine Rådgiving, er nøgd med utviklinga. Han viser til at bøndene deler erfaringar med kvarandre og plukkar opp gode tips frå sine kollegaer. Han har likevel merka seg at mange opplever det uvant og krevjande å sette seg konkrete mål. Erfaringa frå kurset har han frå i Danmark.

– Danskane er nok litt lenger framme enn oss på akkurat dette med å utfordre seg sjølv på konkrete mål, seier Aarset. Dels fordi dei er nødt til det i et pressa dansk landbruk der det er ein kamp for å overleve, men også fordi fleire av dei ser verdien av det sjølv.

Åarset erfarer også at det danske rådgivningsapparatet er meir vant med å utfordre bonden på: Kor skal vi, og korleis kjem vi dit.

– Der har nok vi i Norge en del å lære, seier Aarset.

 

Stikkord denne saka: ,