Korleis få folk til å eta meir sau og geit? Ja, det er enno spørsmålet i Noregs største sauekommune, Bjerkreim. Men først litt mat.
Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Bondevennen
– Sauetestiklar klarte me ikkje å få til denne gongen, forklarer Susan Pearl Hegelstad. Ho står mellom rykande kjelar i kjøkenet på Bjerkreim samfunnshus og fniser.
– Det er jo midt i brunsten. Me hadde ikkje tort å sleppa mannfolka ut etterpå, skulle dei få servert slikt.
Det er heldigvis nok å meska seg med, om ikkje edlare delar, under tradisjonsmatfestivalen, som eigentleg startar dagen etter. Saman med dottera Anne Pearl Gravdal har Susan laga store mengder komle, blodkomle, grisehalar, griselabbar, smalahovud, smalaføter og pinnekjøt av både sau og kje. Flatbrød, stappe og sviskegraut høyrer også sjølvsagt med.
Ute i salen sit brørne Rolf og Bård Gravdal konsentrerte over kvar sin overfylte tallerken. Både veldig trøyte etter ein heil dag i heia, på leit etter villfarne får. «Eg ville slutta med sau for ein time sidan, eg var så sliten», seier Bård med munnen full. Ingen av dei andre rundt bordet ser ut til å ta han på ordet.
Snart verna
Hallvard Veen, leiar av Bjerkreim Sau og geit og kveldens vert, syt for at alle blir mette. Eit digert geitehovud dekker heile t-skjorta hans.
– Me er jo ein utrydningstruga rase, me må snart vernast, seier han. Veen er ein av berre 11 geitebønder i Rogaland.
Han har 160 geiter og leverer 97 000 liter, ein kvote Tine no ynskjer å redusera til 96 000. Veen er misnøgd med kor vanskeleg det er for forbrukaren å få tak i nok geiteprodukt i butikkane.
– Eg får ikkje tak i skikkeleg geitost her i butikken, så eg vil ikkje gå ned i kvote, seier han, kampvilleg. Han er uroa for framtida til næringa si.
– Folk ser opp til oss, likevel er det ingen nye som startar opp med geiter.
Flokken til Veen kunne neppe fått ein betre talsperson.
– Geita er jo eineståande! Ho utnyttar heiene våre, ho er god til å halda kulturlandskapet i orden og ho held folk friske. Folk burde eta meir geitost. Me må hjelpa samvirka til å nå dette målet, slår han fast.
Svikt i systemet
– Noko har svikta når nordmenn no et berre fire kilo sau i året, slår Bjørn Høyland, leiar i Rogaland sau og geit, fast på møte etter middagen.
Han er i likskap med dei mange sauebøndene i rommet, uroa over dagens overproduksjon av lammekjøt.
– Dersom det ligg tre tonn lam på lager ved nyttår, skal me slita under jordbruksforhandlingane. Dei som har investert og sett seg i gjeld, vil og slita, seier Høyland.
Han meiner næringa må samarbeida meir med slakteria for å selja unna meir lam. Store lår og stykke er ikkje populært lengre. Vekta må ned. Og alle må dra i lag for å få dette til, meiner han.
Superhelten
Leiar i Rogaland Bondelag, Ole Andreas Byrkjedal, sjølv sauebonde, ser lysare på stoda.
– Eg trur overproduksjonen er forbigåande. Det sit gode folk i systemet, som veit å selja lamma. Forbrukarane vil ha det. Ingen er tente med å produsera for lageret. Eg håpar det me no opplever berre er ein overgang.
– Utfordringa er korleis me formidlar til byfolka kor viktig sau og geit er, held Høyland fram.
– Sauen er superhelten som tek vare på inn -og utmarksbeite. Slik er den også viktig for busettinga og reiselivet her i landet. At 90 prosent av foret til sauen er beitegras medan berre 10 prosent er kraftfor, speler også inn.
Høyland peiker også på kor viktig ulla er og vil bli, ettersom prisane er på veg opp.
Reality-sau?
Johan Aakre frå den lokale Næringsforeningen meiner auka sal handlar om å bygga ein marknad og kultur rundt sau og geit.
– Det burde vore meir merksemd omkring historie og alle dei tenestene som sauehaldet bidreg med for samfunnet, heller enn om tonn og kvote. Bonden kjenner nok meininga med det han gjer i ryggraden. Det ville vore kjekt om andre i samfunnet kjende den og.
Aakre har følgjande idé til løysing på overproduksjonen:
– Reality-tv. Med ein geitebondefamilie og ein sauebondefamilie. Salet vil gå som smurt etterpå!
Av reaksjonen å døma er det tvilsamt om nokon av bjerkreimsbøndene vil bli tv-stjerne nett denne kvelden, men kven veit? Engasjementet i salen vitnar om eit sterkt ønskje om å gjera noko for å sikra meir førutseielege vilkår for næringa.
Undervegs har bondelagsleiar Byrkjedal både ei oppmoding og oppmuntring til utryddingstruga geitebønder:
– Meld inn til Bondelaget i forkant av jordbruksforhandlingane. De gjer ein fantastisk jobb. Me har ikkje råd til å mista fleire av dykk!
Stikkord denne saka: Landbrukspolitikk, Mat