Målpris: Næringa er sveltefôra over lang tid. Målprisen på gris må opp, meiner ein av nestorane i svinemiljøet i Rogaland, Geir Heggheim.

Svinebøndene fortvilar over utsiktene til nok eit magert år. – Bondelaget sit med nøkkelen, meiner tidlegare Norsvin-leiar.

Sjur Håland

Det var bestilt ribbemiddag til 60 personar då Norsvin Sør-Vest arrangerte sitt årlege stormøte på Samfunnshuset på Undheim førre veke. Det kom fleire enn 120. Mannskapet på Undheim greidde nok ein gong å konkurrere med det vidgjetne fisk- og brødunderet i ørkenen i Midt-Austen. Om alle vart godt mette, baud likevel ikkje møtet på klare svar og eintydig oppskrift på korleis flokane svineprodusentane strir med, kan løysast opp i.

Låg lønsemd

Ein av dei mange som tok del i ordskiftet på møtet, var ryfylkebonden Geir Heggheim. Den tidlegare leiaren i Norsvin har drive med gris i 25 år. Han er oppgitt over at næringa har kome i ein situasjon der produsentane har låg lønsemd, sjølv med tilnærma marknadsbalanse og fullt målprisuttak.

– Me har lagt bak oss mange jordbruksoppgjer utan auke i målprisen. Årsaka har vore ein stram marknad. Partane i oppgjeret har meint at det ikkje har vore rom for målprisauke. Samtidig har ein i dei same oppgjera auka prisen på fôrkorn. Konsekvensen eller utbyttet av alle desse jordbruksoppgjera har ikkje vore anna enn kostnadsvekst. Det har sin verknad, seier Heggheim til Bondevennen.

Dyrare kraftfôr

På møtet vart det hevda at sjølv om effekten frå jordbruksoppgjeret i 2018 ikkje har bidrege til meir enn eitt øre per kilo i auke i kraftfôrprisen, har prisen på kraftfôr likevel auka med 10-15 øre. Det vart understreka frå salen at bøndene ikkje toler fleire år med ei kostnadsauke som held fram i same takten. Leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, meinte dette blant anna skuldast kostnadsauke i kraftfôrindustrien som rammar bøndene.

– Snakk med kraftfôrleverandørane dykkar, sa han.

Heggheim held fram at det er grenser for kor lenge næringa kan sveltefôrast samstundes med at bøndene skal motiverast til vidare innsats kring dyrevelferd, ny tilsynskampanje og den såkalla svinedugnaden (friviljug reduksjon).

– Me ønskjer å samla kreftene for å løfta svinenæringa, men det er vanskeleg når folk er svært slitne og tappa for energi, understrekar han.

Lars Petter Bartnes

Mykje mismot

På møtet vart det hevda at 70 prosent av norske grishus er 30 år eller eldre. Behovet for vedlikehald og fornying aukar, noko Heggheim stiller seg bak.

– Du seier at noko må gjerast for å styrka økonomien. Kva meiner du med det?

– Me må slutta å tru at det er pris eller økonomi som er årsak til overproduksjonen. Økonomien må styrkast for å bevara svinenæringa og gjera den berekraftig og i stand til å fornya seg. Reis rundt og sjå sjølv. Det er dessverre mykje mismot ute blant svinebøndene, understrekar Heggheim.

Svinebonden synar til prisveksten på kraftfôr og den generelle prisveksten på alle andre innsatsfaktorar. Krav til meir bruk av strø og rotematerial samt auka forsikringskostnader knytt til MRSA er eksempel han trekkjer fram.

– I tillegg skal ein vera klar over at fullt målprisuttak i 2020 gir ein betydelig svakare utbetalingspris til bonden enn kva som var tilfellet med fullt målprisuttak i 2017. Årsaka til dette er mellom anna auka slaktekostnader på industrileddet, seier han.

– I ditt innlegg sa du at det er Norges Bondelag som sit på nøkkelen. Kva meiner du med det?

– Med det meiner eg Norges Bondelag må ta skikkeleg grep og ta inn over seg at gamle sanningar endrar seg heile tida. Det er ikkje lenger slik at det er økonomien som er årsaka til overproduksjonen. Kostnadsveksten har rulla og gått i årevis utan at det har kome inn friske pengar i det heile.

– Korleis få inn friske pengar?

– Auke målprisen.

– Men då aukar vel produksjonen?

– Då er mitt spørsmål; kven trur du er klar til å bygga og satsa på gris om målprisen går noko opp? Eg er heilt sikker på at det er mykje å gå på før folk byrjar å bygga. Næringa har fått eit kritisk stort etterslep etter mange år med sveltefôring. Ei kvar næring må kunna driva vedlikehald og fornying.

Vil ha råd

Leiaren i Norges Bondelag meiner at næringa må lytta til råd frå marknaden for å halda best mogleg marknadsbalanse framover. Sjølv vil han også ha råd. Jordbruksforhandlingane er i kjømda. At Bondelaget skal, som ein av møtedeltakarane føreslo, skjera gjennom og setja målprisen åleine, har ikkje Bartnes sans for.

– Eg meiner å hugsa at det var svineprodusentar som i si tid kritiserte Bondelaget for å forhandla om luftpengar. Det er marknaden som bestemmer kva som er mogleg å ta ut, understreka han.

Eit framtidsscenario med redusert sal av svineprodukt kombinert med auka målpris og enda meir ubalanse i produksjonen, vil ikkje Bartnes bidra til.

– Då har eg ikkje lyst til å koma til Undheim om to år og høyra innlegga, sa han.

Finna rette knappane

Bartnes understreka at Bondelaget og svinenæringa står saman.

– Og me må i fellesskap finna dei rette knappane å trykka på for å løyse utfordringane. Er det mogleg å auke målprisen, vil me gå inn med det i styret, sa han til forsamlinga.

I Undheim samfunnshus hamra vinterstormen mot veggene, medan heile møtelyden leitte med lys og lykter etter moglege løysingar for å kontrollere produksjonen og auke lønsemda. Ein todelt modell for omsetningsavgift vart diskutert. Andre produsentar på møtet ville regulera produksjonen ved å avgrensa talet på selde smågris ute hjå produsentane. Til det svara Bartnes at Norges Bondelag fryktar at så snart ein byrjar å telje smågris, vil det bli teke til orde for ein kvotestyrt smågrisproduksjon, noko som seinare kan enda opp med kontraktproduksjon av smågris.

– Eg driv sjølv med kylling, og ønskjer ikkje svinenæringa i den retninga, sa bondelagsleiaren.

Bartnes peika også på at ein ved teljing av smågris kan mista noko av handlingsrommet til å driva effektivitetsutviklinga.

– Difor gjekk bondelaget heller inn for ei avgrensing på talet slakta og destruerte purker, sa han.

Sem Garborg frå Time argumenterte også sterkt for å auke prisane.

– Samstundes må me ha verktøy for å regulera rekrutteringa til næringa, sa han.

Garborg har også tidlegare teke til orde for at dei som vil inn og etablera seg med svineproduksjon må betala ei omsetningsavgift som samsvarar med det næringa har hatt av utlegg gjennom omsetningsrådet for å redusera purketalet. Det var også dei som løfta fram potensialet i å gjera det meir lønsamt for smågris- og kombinertbesetningane å fôra fram fleire smågris sjølv, og på denne måten både redusere purketalet og smågrisoverskotet.

Snart ny prognose

Ny prognose frå Totalmarked kjøtt og egg, er venta 15. januar. Direktør Ole Nikolai Skulberg, haldt korta tett til brystet, men understreka gjennom møtet at fråfallet av eksportstøtta får konsekvensar. Han var klar på at ein framover bør ligga eit par prosent under marknadsbalanse, for å sikra best mogleg pris og den beste responsen frå engrosmarknaden. Forbruksvanane er i endring. Engrossalet på raudt kjøt synar ein jamn trend. Nedover. Enkelte i møtelyden undra seg over at det ikkje lenger er mogleg å auke salet, og oppmoda både Nortura og andre til å satsa på meir sal.

– Det skal dessverre litt meir til enn gode seljarar. Me ser for tida store strøymingar ikkje berre i Norge, men i heile Vesten. Eg trur kampen er større enn å leggja inn millionbeløp for å rekruttera gode seljarar. Hadde det vore så enkelt, hadde Nortura gjort dette for lenge sidan, var svaret frå Skulberg.

Ole Nikolai Skulberg

Stikkord denne saka: ,
Share This