• Forbrukarar i Hordaland kan lesa om Hans Magne og garden hans på mjølkekartongen som er i butikkane om dagen.

 

 

– Eg har eit meiningsfylt arbeid. Eg produserer mat til folk, noko eg er stolt av.

Liv Kristin Sola

Hans Magne Haukeland og Gunn Dalseid bur på Haukeland i Masfjorden. Garden er på 24.000 dekar, der 11.000 dekar er skogkledd. I 1972 kom det gravemaskin til gards. Arealet med dyrka og overflatedyrka jord var då på 50 dekar. Sidan har dei dyrka mykje jord, og garden har i dag 120 dekar dyrka jord og 37 dekar med gjødsla heimebeite. I tillegg disponerer dei 50 dekar fordelt på to bruk lenger nede i dalen.

– Eit nytt dyrkingsfelt er under opparbeiding. 150.000 m3 tunnelmasse er brukt til å planera ut totalt 60 dekar nytt areal. 25.000 m3 med jord skal leggast utover som eit 40-50 cm tjukt jordlag over fyllinga. 2.500 m3 kompostert masse skal blandast i topplaget, forklarer bonden.

Det fargerike fellesskapet på Haukeland omfattar 20 mjølkekyr, sau, geiter, hestar, lama og eit esel. Dei har i tillegg to hundar, ein katt, høns ender og ein påfugl. Med ein så allsidig husdyrflokk, vert arbeidsdagen lang, men aldri kjedelig.

– Som bondemann gjer eg heile arbeidsprosessen frå A til Å. Eg skapar noko. Det er tilfredsstillande. Eg er glad for det eg får gjort, og misunner ikkje alle dei som stressar og kavar får å nå stadig høgare produksjon. Det passar ikkje meg, avsluttar den svært så sosiale bonden, som trivst så godt i eige selskap.

Stikkord denne saka: ,