Arbeid og menneskeverd i Ukraina: Mercy Farm skal produsere næringsrike råvarer av god kvalitet, men ein viktig del av drifta er å gi folk løna arbeid. I sesongen har dei kring 80 tilsette på garden Mercy Farm.

Etter mange år med hjelpearbeid i ukrainske Uzjhorod, stod ein ting att for dei norsk-ukrainske eldsjelane: Jord til å dyrke næringsrik mat til svoltne magar.

Liv Kristin Sola

Greta og Ivar Lyster sit heime i leilegheita si på Bryne. Julestria er annleis her i heimen. Tankane er hjå vener, kjende og ukjende, i Ukraina. Krigen i aust skapar uro også på grensene i vest. Den tradisjonelle juleturen kor dei pakkar tusenvis av matesker, vart i år avlyst.

I 20 år har Ivar og Greta drive hjelpearbeid i Uzjhorod. Ivar nærmar seg hundre turar til området.

– Det bur 1,2 millionar menneske i denne regionen, i Karpatane. Ein tredjedel har god råd, ein tredjedel har pengar til mat, medan den siste tredjedelen ikkje er i stand til å brødfø seg og familien sin, summerer Ivar.

 

Lang erfaring: Greta og Ivar Lyster har drive hjelpearbeid i Ukraina i 20 år.

Tillit til jord – ikkje til pengar

Blant dei fattigaste er Rom-folket. Dei er lågast på rangstigen, får ikkje arbeid og fell utanfor det ukrainske samfunnet. Dei bur på eigne område, gjerne på søppelfyllingar og i utkanten av byen. I Uzjhorod er det kring 40 slike registrerte bustadområde. I 12 av desse har House of Mercy (sjå tekstboks) bora etter reint vatn og bidreg med mat, sko og klede, ved og byggematerial, skulemateriell og medisinsk behandling.

– For mange handlar det om å overleve morgondagen, seier Ivar.

For han handlar det om å hjelpe barn som svelt og frys. Så enkelt og så krevjande.

– I mange år kjøpte me mat frå lokale kafear og kjøken. Det vart mykje makaroni og lite næring, seier Ivar.

Barna trong sunn mat. Draumen om å kjøpe jord og dyrke sine eigne grønsaker vaks fram. Men å kjøpe jord er mest umogleg i Ukraina.

– Jord er sikkert, det er ikkje pengane. Mange har ein jordlapp kor dei dyrkar potet og grønsaker. Om våren er bussar og tog fulle av folk med reiskap. Dei skal ut og dyrke mat, seier Ivar.

Jordlova forbyr sal av jord, noko som i praksis berre gjer det meir krevjande å få tak i.

– Lovar og reglar er heilt umogleg å forstå, seier Ivar.

Svartjordslandet Ukraina (tal for Noreg i parentes)

Landareal: 603 000 km2 (385 000)

Landbruksareal, inkludert beite: 413 millionar dekar (9.8)

Dyrka jord: 334 millionar dekar (8,1)

Folketal: 45 millionar (5,3)

Levealder: Kvinner 75 (84) Menn 65 (81)

Frå statleg til privat: Då Ukraina vart sjølvstendig i 1991, vart det slutt på statleg støtte til jordbruket. Dei sovjetiske kollektivbruka vart offisielt avvikla i 2000 og jorda vart delt mellom arbeidarane. På kort tid vart det fleire millionar nye bønder som eigde jordlappar på opp til 50 dekar. Dei nye sjølveigarane var utan kapital til å investere i maskinar og gjødsel. Gjødselforbruket vart redusert med 85 prosent og kornproduksjonen vart halvert. Store areal ligg i dag brakk (www.fao.org).

Arbeid og ei anstendig løn: Innhaustinga gir arbeid til mange av dei arbeidsledige i byen. Her er det potetavlinga som skal sorterast og pakkast. Foto: Berit Bø.

Varme og vatning ga gode avlingar: Elva som renn langs åkrane gjorde det mogleg å vatne og sikra svært gode avlingar i ein tørr og varm vekstsesong. På 360 dekar vert det dyrka potet, mais, løk, gulrot kålrabi, raudbete, hovudkål, knutekål, salat, selleri, purre og squash. Daniel Fentsjak er leiar for dyrkinga på friland. Tre øvste foto: Daniel Fentsjak.

Starten på eit eventyr

Etter lang tid og mykje tolmod fekk dei kjøpe jord, registrert på ukrainske eigarar.

– Det var ikkje rare greiene. Leirjord dekka av gamalt gras etter mange år utan dyrking, seier Ivar.

Jordprøvar vart sende til Danmark, og med kalk, gjødsel og tilbakeføring av organisk material må dei ta tida til hjelp for å bygge ei god jord.

Garden, som fekk namnet Mercy Farm, eig 240 dekar og leiger 120. Medan jordprisane er skyhøge, er leigeprisane overkommelege.

– Avtalen med utleigar er at han hentar potet og grønsaker frå butikken vår, seier Vasya Fentsjak, som er dagleg leiar for Mercy farm og House of Mercy.

Moderne veksthus og høge avlingar

Plantene vert dyrka i steinull og i hydroponiske system (vatn, mineralske saltar og oppløyst oksygen, utan jord), med datastyrt sentralgjødsling. Humler og insekt er sett i arbeid og gjødslinga er redusert til eit minimum. Veksthusa vert varma opp av flisfyring. For å redusere kostnadane alar dei opp sine eigne plantar, og steinullmatta vert nytta til to avlingar.

Elva som renn langs åkrane sikra svært gode avlingar i sommar, på trass av tørke og høge temperaturar. Nærmare 40 grader er ikkje uvanleg, medan vinteren kan kome med 25 minus.

Målet er å dyrke alle grønsakene dei treng til lapskausen på eigen gard. Kjøt kjøper dei i tillegg. Grønsakene vert selt i gardsbutikken og mykje går også til grossist.

– Det er ikkje problem med sal, men prisane er svært låge på landbruksvarer, seier Ivar.

Arbeidskraft er viktigare enn maskinar på garden. Dei har kring 40 fast tilsette og i sesongen hentar dei inn folk og doblar arbeidsstokken. Arbeidsløysa er svært høg, spesielt blant Rom-folket.

– Me må finne ein balansegang mellom arbeidskraft og maskinar. Gardsdrifta skal løne seg, samstundes er det viktig for oss å gi folk arbeid, ei anstendig timeløn – og eit varmt måltid, seier Vasya.

Ikkje ei krone under bordet

Det ukrainske samfunnet er gjennomsyra av korrupsjon. dei har lukkast med å vere konsekvente og etterettelege i alt dei gjer.

– Arbeidet er kjent over heile byen og respektert av dei lokale styresmaktene. Me betaler aldri ei krone under bordet, noko som truleg gjer oss til dei største skattebetalarane i heile byen, seier han, og ler godt.

Kvar veke får han rapport om kva som er produsert, selt og kjøpt. Ikkje ei krone vert brukt utan at det er gjort greie for. Ivar Lyster ser attende på 20 innhaldsrike år. Han har spesielt merka seg at Rom-barna er friskare og trivst betre etter at dei har fått reint vatn og får varm, næringsrik mat fleire dagar i veka. I tillegg får dei skulegang.

82-åringen er stolt over kva dei har oppnådd med utgangspunkt i 360 dekar jord, dyktige arbeidsfolk og rause givarar i Norge.

Moderne veksthus: I veksthusa vert det dyrka blant anna tomat, paprika og agurk. – Ukrainarane et paprika som me et eple, seier Ivar.

Ivar Lyster og Vasya Fentsjak (nr 1 og 3 frå høgre) har etter 20 år med samarbeid utvikla eit omfattande hjelpearbeid i lag med engasjerte medarbeidarar som Volodya Nibak (t.v.), leiar for veksthusa, og Valera Valko, leiar av barneheimen House of Mercy. Foto øvst og til høgre: Daniel Fentsjak.

KPK-Ukraina og House of Mercy

KPK-Ukraina er ei humanitær stifting som driv hjelpearbeid i byen Uzjhorod, vest i Ukraina. Arbeidet starta for 20 år sidan, då Ivar Lyster reiste til Ukraina med ein gjeng norske ungdommar for å vise dei kva fattigdom var. I Ukraina møtte dei den då 18 år gamle tolken Vasya Fentsjak. Det var starten på eit, så langt, 20 års samarbeid.

Fentsjak leiar i dag den ukrainske stiftinga House of Mercy, som i samarbeider med KPK, driv blant anna ein barneheim og eit stort sosialt arbeid blant fattige familiar, barn, eldre og Rom-folk i og rundt byen Uzjhorod. Hjelpa omfattar kring 50.000 menneske.

www.kpk-ukraina.com

Varm mat til heimlause, fattige barn og eldre: Med råvarer frå Mercy Farm deler dei tilsette ved House of Mercy ut 17.000 porsjonar næringsrik lapskaus kvar månad.

Mercy Farm

I august 2014 opna garden Mercy Farm. Garden omfattar i dag 360 dekar dyrka jord, 14 veksthus, lagerbygg, kjøle- og fryselager, eit storkjøken, bakeri og butikkutsal. Ei stor investering som vart mogleg på grunn av ei gåve frå ein norsk givar. Givaren har investert i jord, bygningar og eigedom, men drifta er sjølvfinansiert.

I veksthusa vert det dyrka agurk, tomat, aubergine og paprika. I tillegg gir blomsterdyrking god lønsemd i drifta.

På friland er hovudvekstane potet, mais, løk og gulrot. Andre vekstar er kålrabi, raudbete, hovudkål, knutekål, salat, selleri, purre og squash. Noko aubergine og agurk vert også prøvd ut på friland.

Bakeriet baker 4-5000 brød og 10.000 variantar bollar av ulike variantar, kvar veke.

I storkjøkenet vert det laga lapskaus  av grønsaker frå farmen. Fem dagar i veka vert det delt ut 850 porsjonar lapskaus til fattige barn, eldre og heimlause. Ein porsjon lapskaus kostar sju kroner å produsere og alle måltid vert finansiert av KPK i Noreg, blant anna gjennom ordninga Lapskauspartnarar

Stikkord denne saka: , ,