Frå myr til kystlynghei: Atle Lende er oppgitt over at dei delane av eigedommen hans som ligg ved Lendemyrane vart omdefinert til kystlynghei utan at han fekk kjennskap til det. Lende får ikkje lenger gjødsla og meiner å sjå at areala gror att.

Myr eller kystlynghei? Det er ikkje sikkert den offentlege statusen på arealet ditt er ganske slik du trur. Endringa hjå Atle Lende vart oppdag tilfeldig og fekk konsekvensar.

Sjur Håland

Atle Lende driv gard på Lende i Time kommune. Blant areala hans var to område definert som myrar. Dermed var dei ein del av Time kommune sin Kulturminneplan. Denne statusen var ikkje til hinder for at areala kunne gjødslast og kalkast og brukast til beite for sauene hans.

– Eg har med andre ord kunna halda ein grei beitekvalitet på myrane, seier han til Bondevennen.

I 2016 fekk han RMP-kontroll (Regionalt miljøtilskot). Kontrolløren såg på gjødselplanen at områda var blitt gjødsla.

– Ho gav meg munnleg beskjed om at dette var feil. Eg hadde ikkje lov å gjødsla sidan myrane hadde fått endra status frå myr til kystlynghei.

Fekk ikkje beskjed

Statusendringa gjer at gjødsling og kalking ikkje lenger er lov, seier Lende. Han forklarer at det i kystlynghei berre er tillate med avgrensa beitebruk.

– Og den beitebruken avgrensar seg sjølv. Dyra vil ikkje beite dette området lenger når eg ikkje får gjødsla og kalka. Resultatet er meir beiting på dyrkamark, seier han. Endringa i naturtypestatus var heilt ukjent for Lende.

– Eg fekk ikkje beskjed om endringa, og eg har ikkje høyrt noko i etterkant heller, seier han.

Men han får stadfesta endringa i NIBIO- gardskartet.

– Kjenner du bakgrunnen for endringa?

– Sei det. Om det kan vera lokale styresmakter i kommunen som brukar slike botemiddel for å vega opp for alt jordbruksarealet rundt kommunesenteret som blir bygd ned, eller om det har skjedd på høgare nivå, veit eg ikkje.

Jorda mister verdi

Lende meiner at også andre areal i kommunen har fått endra naturtypestatus utan han er sikker på at alle grunneigarane er klar over endringane. Han har også høyrt liknande historier frå andre kommunar der grunneigar har blitt overraska over naturtypeendring som dei ikkje kjende til.

– Kva blir konsekvensane hjå deg?

– Jorda hadde ved førre status ein verdi som beite og var verdsett til 3.000 kroner per dekar om eg skulle selt garden. No er areala svært lite verdt både i potensielle kroner og som beite.

Han seier at kystlyngheia på eigedommen er definert som «lokalt viktig».

– Eg kan søkja om RMP-tilskot og få ti kroner per dekar. Det er ein vits.

I samband med innføring av det nasjonale KULA-registeret nyleg (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse), vart det på eit informasjonsmøte understreka at ingen grunneigar skulle få endra status på eige areal utan å bli involvert i prosessen. Atle Lende sat i salen.

– Då vart eg mektig irritert med tanke på det som har skjedd på eigen gard, seier han.

Må følgja med

Folk må følgja med, er oppmodinga frå Lende.

– Eg veit ikkje kva som har skjedd. Er det overivrige politikarar eller manglande styring på byråkratiet? Og kva vedtak skal eg klage på, når eg ikkje har fått informasjon om vedtak som tydelegvis er klubba igjennom? Her har det i alle fall skjedd ting på min eigedom som eg ikkje hadde venta og som eg ikkje har fått teke del i, seier han.

Ikkje automatisk beskjed

Frå landbrukskontoret i Time kommune får Bondevennen stadfesta at det gjeldande arealet, som var registrert som myr, frå 2013 fekk ny status som kystlynghei. Frå landbrukskontoret blir det også opplyst at det ikkje var nokon automatikk i at verken grunneigar eller kommunen fekk beskjed om endringane.

Omfattande naturtypekartlegging

Per Kristian Austbø er assisterande miljøvernsjef i Fylkesmannen i Rogaland si miljøavdeling. Han seier det gjeldande arealet inngår i viktig kystlynghei/myrlendt mark i Lendemyrane i Time.

– Dette er eit av dei få større utmarksområda som er igjen på lågare delar av Jæren. Det er nasjonal politikk å ta vare på slike naturtypar, så langt det kan gjerast i høve til andre viktige bruksinteresser.

Austbø forklarer at det dei siste ti åra har gått føre seg ei omfattande naturtypekartlegging i statleg regi.

– Her blir verdiane på dei ulike naturtypane som myr, kystlynghei eller skogtypar vurdert. Desse vurderingane kan kven som vil finna på kart på internett, seier han.

Kunnskapsbase, ikkje vern

Kartlegginga er ein rein kunnskapsbase og har ikkje noko med vern å gjera, understrekar Austbø.

– Men ein skal freista å ta vare på desse naturverdiane i til dømes kommunal saksbehandling knytt til for eksempel ein nydyrkingssøknad, seier han.

– Men ei endring av naturtypestatus vil få konsekvensar for den som eig og driv jorda?

– Det kan få konsekvensar dersom bonden ønskjer ei driftsendring som han må søke om. Er det snakk om planlegging av ein veg gjennom ei myr, må saksbehandlaren ta i bruk kunnskapsbasen som ligg til grunn for hans eller hennar vurdering.

– Kva med gjødsling?

– Du har i følgje gjødslingsføreskrifta ikkje lov til å gjødsla opp ugjødsla utmark. Då må du i tilfelle søkja om dispensasjon. Dette har i utgangspunktet ikkje noko med naturtypedefinisjonane å gjera.

Så som så

– Atle Lende hadde gjødsla myra i mange år like til han oppdaga at området var omdefinert til kystlynghei kor han ikkje hadde lov til å gjødsla?

– Eg kan berre uttala meg på generelt grunnlag. Kartleggingane som blir utført er grundige og det er svært sjeldan at det blir gjort feil. Dei som på statleg oppdrag definerer naturtypane i eit område må nødvendigvis ha grunnar for å definera eit areal som kystlynghei.

– Får grunneigarane beskjed dersom det har vore ei ny kartlegging?

– I starten var det nok litt så som så med det. Eg kjenner ikkje til korleis det vart gjort i det aktuelle området. Men dei seinare åra har det i alle fall vore slik at grunneigarane får beskjed om ny kartlegging i brevs form. Her får dei også moglegheit til å vera med på kartlegginga om dei ønskjer det.

Stikkord denne saka: ,