Snorklipp: God stemning då Landbruks- og matminister Olaug Bollestad klipte snora som markerte opninga av den nye kraftfôrfabrikken. Produksjonsdirektør Arne Norland til venstre og direktør landbruk, Torgeir Erfjord held snora. I midten administrerande direktør, Per Harald Vabø. Foto: Bothild Å. Nordsletten.

 
Men trass kakefest, snorklipping og breie smil, måtte Felleskjøpet Rogaland Agder også bruka dagen til å forklara at delen Brasil-soya i norsk kraftfôr er marginal.

Sjur Håland
 

Vårsola blenkjer i kvite fabrikkvegger og himmelhøge betongsiloar på Kvalaberg. 120-åringen Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) står for kring 20 prosent av norsk kraftfôrproduksjon og har vore stasjonert på Kvalaberg i Hillevåg, Stavanger sidan 1922.

– Kraftfôr er eit kolombiegg og ein del av den norske landbrukspolitikken, med korn og kraftfôr som viktige berebjelkar. Kraftfôr er svaret på dei komplekse utfordringane kring det nasjonale jordbruksarealet på tre prosent. Me kan produsera gras i grasområda, korn i kornområda og vera sjølvforsynte på mjølk, kjøt og egg. Kraftfôr er berekraftig, bidreg til eit godt klima og til økonomi for bonden, sa administrerande direktør, Per Harald Vabø under opningsarrangementet, før han synte dei prominente gjestene i gule refleksvestar rundt på anlegget sist fredag.

Rigga for framtida

Fabrikken er rigga for framtida. Det kan trengjast, for det har aldri blitt produsert så mykje kraftfôr som nå.

– Den posisjonen vil me halda eller aller helst auka, smilte Vabø.

Vabø måtte også snakka om dei langreiste kraftfôrråvarene under snorklippeseansen.

– Me i kraftfôrbransjen blir ofte frustrert over påstandar me stadig møter om at kraftfôr ikkje er anna enn soya frå Brasil, basert på hogd regnskog og øydelagt miljø. Det er stigmatiserande og feil. Kraftfôr er hovudsakleg norsk bygg, havre og kveite, pluss 20 prosent proteinråvarer i form av mellom anna soya. I FKRA sine snittblandingar utgjer berekraftprodusert soya fem-ti prosent, fastslo Vabø, før han gav saksa og scenen til Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Er det nokre som har forska på andre proteinkjelder enn soya, er det nettopp kraftfôrindustrien, sa statsråden, før ho kutta det gule og grøne bandet.

Konkurransekraft-kraftfôr

Bollestad heldt fram at målsetjinga er å få ned delen importert soya, ved å finna fullgode alternativ. Ho understreka også viktigheita av dei norske ingrediensane.

– Skal me ta heile landet i bruk til matproduksjon, må me ta med oss at me alt nå bruker vel 80 prosent norske råvarer i eit kraftfôr, som utgjer tredjeparten av innsatsfaktoren i landbruket, og er ein viktig del av konkurransekrafta til norske bønder.

Statsråden meiner at den nye fabrikken representerer ei vidareutvikling av landbruket i regionen.

– Eit landbruk med minimal bruk av antibiotika, null GMO og full merksemd på kvalitet betyr mykje for folk si helse. Små, mellomstore og store gardsbruk har me mange av i distriktet. Moderniseringa skal halde fram. Felleskjøpet har kompetanse som trengs både nasjonalt og internasjonalt.

Stort: Produksjonskapasiteten gjer FKRA sin kraftfôrfabrikk på Kvalaberg til eit av dei største produksjonsanlegga i Europa.

Erstattar 1962-fabrikk

Den nye fabrikken, som erstattar den gamle frå 1962, har vore under planlegging i ei årrekkje, og fekk ein ekstra boost i 2012, då anlegget på Kvalaberget tok over produksjonen frå Lagmannsholmen i Kristiansand. I mai 2018 vart fabrikken stengd ned for å gi plass til ny infrastruktur og utstyr til den nye fabrikken. I byggeprosessen, fram til november 2018, var 130 personar i arbeid med ombygginga. Samstundes gjekk kraftfôrproduksjonen kontinuerleg gjennom prosesslinjene i 1984-delen av fabrikken.
Trass i den store anleggsverksemda, vart det i følgje FKRA, ny utleveringsrekord for kraftfôr i 2018 med 387.000 tonn.

Sparar energi

Kapasiteten er auka frå 370.000 tonn til 560.000 tonn i året. Fabrikken brukar nå 25 prosent mindre energi. Høgda i fabrikkbygningen er auka med 25 meter for å kunne utnytte tyngdekrafta i prosessane.

– Me kan utnytte krevjande råvarer på ein betre måte, og sparer ni GWh i året, tilsvarande forbruket til 600 einebustadar, understrekar Vabø.

Investeringane i den nye fabrikken utgjer 267 millionar kroner.

Ikkje plent billegare

– Sparte kostnadar, fleire produksjonsliner og auka effektivitet betyr vel lågare kraftfôrprisar?

– Nei, det blir for enkelt å konkludera slik, svarar Vabø. – Me får større avskrivingar, men også ei rekke rasjonaliseringsvinstar. Felleskjøpet Rogaland Agder kan selja eit enda betre kraftfôr og dermed auka konkurranseevna i marknaden. Dessutan har me no fått moglegheit til å kunne nytta eit breiare og meir krevjande råvaresortiment, noko som vil kunna vere gunstig for kraftfôrprisen, legg han til.

– Korleis vil kundane merka at den nye fabrikken er oppe og går?

– Nå har me betydeleg større kapasitet på anlegget enn før. Leveringssikkerheita i dag er god. Den vil bli enda betre framover.

 

Stikkord denne saka: ,