
Næringsbalanse på garden: Bruk med husdyrproduksjon importerer store mengder næringsstoff, spesielt gjennom innkjøpt fôr. Internt på bruket sirkulerer næringsstoffa mellom plante- og husdyrproduksjonen, og forlét bruket via mjølk, kjøt, livdyr, åkervekstar og eventuelt sal av husdyrgjødsel. Næringsstoff kan også gå tapt til atmosfæren i form av ammoniakk, eller til grunnvatn i form av nitrat, og nitrogen og fosfor som overflateavrenning. Fosfor kan også i store mengder bindast i jorda. Illustrasjon og tekst frå rapporten.
Ni tiltak kan bidra til redusert tilførsel og betre utnytting av fosfor. – Lukkast Rogalandsjordbruket med desse tiltaka, kan truleg produksjonen oppretthaldast sjølv om gjødselkravet vert skjerpa, seier Helga Hellesø.
Liv Kristin Sola
I det oppdaterte faggrunnlaget frå Rogaland, vert det føreslått ni tiltak som vil auke utnyttinga og redusere bruken av fosfor i landbruket i Rogaland. Tiltaka skal bidra til å redusere forforbelastninga frå storfeproduksjonen i Rogaland. Sju av tiltaka er knytt til husdyrproduksjonen, og to til planteproduksjonen.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Sjå korleis du bytar passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.