• 54 saueklippere møttest på Bjerkreim for å konkurrera, men også for å møte kollegaer både norske og utanlandske. Her ein forventingsfull Børge Høiland før semifinalen.

 

Liv Kristin Sola

Roleg og kontrollert, utan å la seg stressa av konkurrentane, klippa Børge Høiland seg heilt til topps, både i NM finalen og i den opne internasjonale finalen.

I 2008 var Bjerkreim arrangørar av VM i saueklipping. Siste helga i september, inviterte Bjerkreim Sau og Geit igjen til meisterskap, denne gongen til NM.

– Me er svært nøgde med arrangementet, og håpar både deltakarar og publikum hadde ei fin oppleving, seier Hallvar Veen, leiar for Bjerkreim Sau og Geit.

Norgesmeister for femte gong

Børge Høiland, sauebonde på Helleland, i Rogaland, var på heimebane då han vann sin femte NM tittel.

– Børge er ein seiging. Han klipper reint og fint, sa ein av Høiland sine argaste konkurrentar, Inge Morten Tronstad, under premieutdelinga.

Tronstad var raskare ferdig med sine 15 sauer, men måtte sjå seg slått på poengsum av Høiland. Begge har fleire norgesmeisterskap bak seg. Børge Høiland vant NM i 2001, 2003, 2009, 2014 og 2015. Inge Morten Tronstad frå Etne i Hordaland, vann NM i 2007, 2012 og 2013.

Internasjonalt miljø

I tillegg til ein norsk klasse, vart det konkurrert i open internasjonal klasse. Saueklipparar blant anna frå New Zealand, Italia, Skottland og Wales kom for å delta i konkurransen.

– Det var høgt nivå på konkurransen, og me er glad for at det kom så mange også frå utlandet, seier Anne-Lise Haugdahl Humstad, og fortel at ho litt tilfeldig vart med i kommiteen for arrangementet.

Klassevinnarar

Konkurransen hadde 54 deltakarar, og fleire konkurrerte i meir enn ei klasse. Etter innleiande rundar og semifinalar, vart det klart for fire finalistar i kvar av klassane. Inndeling av klassar er knytt til erfaring, ikkje alder.

• Junior – For dei som klipper under 50 sauer per dag.

Vinnar vart Anne-Lise H. Humstad frå Sør-Trøndelag, med poengsummen 48,000.

• Mellom – Dei som klipper opp til 100 sauer per dag.

Vinnar vart Edward Davies frå Wales, med poengsummen 41,650.

• Senior – Dei som klipper opp til 200 sauer per dag.

Vinnar vart Domenico Scocozza frå Italia med poengsummen 45,175

Resultat NM Finale – 15 sauer:

1) Børge Høiland tid 15:22 poengsum 58,233
2) Inge Morten Tronstad tid 14:06 poengsum 59,567
3) Åsmund Kringeland tid 15:17 poengsum 63,050
4) Robert Tangrand tid 14:54 poengsum 65,567

Resultat Open internasjonal klasse, 15 sauer:

1) Børge Høiland, tid 14:03 poengsum 53,617
2) Steven Capstick tid 14:04 poengsum 54,600
3) Rodney Sutton tid 11:53 poengsum 55,117
4) Scott Wilson tid 14:08 poengsum 58,400

 

– Dette var kjekt. Hadde det ikkje vore så ressurskrevande, skulle me gjerne hatt eit liknande arrangement kvart år, for å motivera fleire unge til å klippa sau og vera med i miljøet, seier Hallvar Veen.

Veen understrekar at eit slikt arrangement krev mykje folk, og takkar kvar og ein av dei frivillige som har lagt ned mange timar for å få gjennomført dette arrangementet.

 

 

Stikkord denne saka: ,