På saka: Store delar av landbruket i Rogaland var representert på NRL sitt strategimøte om nye gjødselreglar på Landbruksparken på Særheim. Også Doffen, sjølvsagt, til høgre i bilete.

Klar vilje til å problemløysing då landbruksnæringa i Rogaland diskuterte utfordringar med nye gjødselreglar. – Me skal ordna dette, slår styreleiar i Felleskjøpet Sveinung Svebestad fast.

Bothild Å. Nordsletten

Gjødsellukta frå spirande åkrar skaper ein høgst relevant rame rundt Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland sitt møte om endra gjødselreglar denne fredagen. Rundt bordet i Landbruksparken på Særheim samlar representantar frå alle dei store landbruksaktørane i fylket seg. Målet: å bli samde om ein felles politisk og fagleg strategi for arbeidet knytt til nye og utfordrande gjødselkrav.

Det er ingen tvil om at framlegga til større spreiearealskrav og mindre fosfor- og nitrogenbruk har skapt frustrasjon i fylket. Likevel er det ei stor vilje til å løysa utfordringane og ei offensiv atmosfære, som pregar møtet.

–  Me kan ikkje rekna med særleg draghjelp frå andre delar av landet i denne saka. Dette må me ordna opp i sjølve, seier Olav Bjarte Nese, styreleiar i NLR Rogaland, innleiingsvis.

Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag følgjer opp.

– Me treng høgare normtal for å utnytta avlingspotensialet her i fylket. Me er uroa for at dei nye reglane inneber mykje byråkrati, og at bøndene heile vegen må søkja om dispensasjonar til å spreia. Denne saka må handsamast fagleg, men òg politisk. Stortingsbenken og byråkratiet må haldast oppdaterert om våre posisjonar. Me må formidla forteljinga om at bøndene i Rogaland har bygd opp det flotte landbruket her ved å jobba heile tida.

Epletveit tek også til orde for å auka kompetansen blant bøndene, slik at dei kan utnytta gjødsla si endå betre. Gjennom møtet blir kunnskap frå prosjektet Grovfôr 2020 nemnt som noko å strekka seg etter.

Løysningar undervegs

Arne Sæbø frå NIBIO og sjef for Landbruksparken på Særheim, slår fast at det er for mykje næringsstoff i fylket.

– Dette inneber at det kan bli aktuelt å produsera gjødselprodukt også for marknader utanfor fylkesgrensa, og utanlands, seier han og fortel at NIBIO for tida arbeider med fleire prosjekt som går på betre utnytting av gjødsla.

Administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder, Per Harald Vabø, fortel om eit konsortium som næringa har gått saman om. Her ser dei etter måtar å redusera fosfor i gjødsel frå einmaga dyr på, fjørfe og svin, ved blant anna å teste ut nye typar fytase. Vabø viser også fram nokre av dei mange produkta som Felleskjøpet alt lagar, basert på norsk naturgjødsel. Her er gjødsel til alt frå hus og hage, via landbruk og juletreproduksjon, til golfbanar og økologisk gjødsel.

– Desse produkta burde blitt brukt meir i landbruket, også til erstatning for kunstgjødsel, seier Vabø, og viser til potensialet for meir foredling av ein kortreist ressurs, som del av bioøkonomien og klimaregskapet.

Krevjande krav: Innstrammingar i gjødselvareregelverket kan føra til at Rogaland manglar opp til 260 000 dekar spreieareal for husdyrgjødsel.

 

Alle sitt ansvar

Fylkeslandbruksdirektør Geir Skadberg understreker alvoret som heftar ved forslaget til nye spreiearealskrav, men er overtydd om at næringa skal løysa utfordringane.

– Rogaland har 4000 gardsbruk, 3300 tilsette i landbruksrelaterte næringar, som til saman har ei årleg verdiskaping på seks milliardar kroner. Dette er vårt utgangspunkt som vi saman skal utvikle vidare. Denne saka er alle sitt ansvar, ikkje berre bøndene sitt.

Han utfordrar næringa.

– Faktum er at me i dag forureinar for mykje. Det er heller ikkje berre å byta ut eiga gjødsel med foredla gjødsel i pelletsform. For få av dykk har eigarskap til den lokale vassforureininga både til vatn, sjø og jord. Rogaland og Jæren skil seg spesielt ut på gjødselkartet for Vestlandet.

Skadberg har forståing for fylket sin sårbare stilling i denne saka, men må også minna dei frammøtte om ansvaret deira for naturen rundt.

– Berre den minste justering av spreieareala får konsekvensar for bøndene her. Og det er svært vanskeleg med nydyrking på Jæren for å auka spreieareala. Men myr og biomangfald må takast vare på, særleg her på Jæren. Dette har med omdøme å gjera. Kva vil folk tenka om produkta herifrå? Me skal halda fram med å produsera matskattar, men også vera flinke til å ivareta miljø og biomangfald.

Statens mann vonar dei endelege krava blir til å leva med og at næringa kjem opp med teknologi og ordningar for gjødselhandtering som ein òg kan tena pengar på. Han skryt av næringa sitt engasjement.

– Me veit ikkje kva tid høyringa kjem eller om innspela blir lytta til eller sett til sides av politikken. Men det er viktig at de er på saka!

– Skal ordna dette

Møtedeltakarane er opptatt av korleis næringa skal få fram bodskapen om gjødselutfordringane i fylket.

– Me har dei største avlingane her, det tettaste dyrehaldet, lang vekstsesong og behov for tilstrekkeleg næringsstoff. Me må skapa forståing for kor viktig Rogaland er og for kva me har behov for, seier Sveinung Svebestad.

– Rogaland kan ikkje stritta imot i denne saka, men det er ikkje tvil om at den skapar usikkerheit og frustrasjon for bonden. Bøndene treng å vita kva som er ramene framover, seier han.

Svebestad har tru på at rogalandsbøndene skal klara også denne utfordringa.

– Gjødselreglane skal ikkje slå beina under rogalandslandbruket. Me har jobba med desse spørsmåla lenge. Me skal ordna dette.

Avrenning: Framleis sig for store mengder næringsstoff frå landbruket ut som forureining i lokale vassdrag. 

God oppslutning om miljøtiltak

Olav Gjedrem er prosjektleiar i Frivillige tiltak i landbruket, og dimed ein av dei som kan formidla gode historier om korleis landbruket tar næringsoverskotet på alvor.

– På Jæren har bønder med til saman 100 000 daa slutta seg til ein miljøavtale. Avtalen forpliktar dei til ikkje å nytta meir enn tre kilo fosfor per dekar gras eller tre til fire kilo fosfor per dekar potet. 20 000 dekar er med i ordninga rundt Skars-Heigre-kanalen. Der har bøndene nytta ti tonn mindre rein fosfor i forhold til kva tidlegare gjødselplanar opna for. Fosfornivået i jorda er på veg ned, om enn sakte. Denne praksisen har ført til mindre avrenning til kanalen, medan avlingane er heilt topp, seier Gjedrem.

Han meiner også auka satsing på miljøvenleg gjødselnedlegging er viktig.

– 50 prosent av jorda i husdyrtette Hå kommune blir alt gjødsla ved miljøvennleg gjødselnedlegging. På heile Jæren er gjennomsnittet 25 prosent av jorda. Dette fører til større avlingar, mindre avrenning og mindre kostnadar. Ein bonde ved Skars-Heigre har alt spart 50 000 kroner på ikkje å kjøpa inn mineralgjødsel.

Gjedrem nemnder også dei 350 reinskeparkane, 44 aktive bekkelag og 20 mil med gjødslingsfrie randsone langs vassdrag på Jæren.

– Me ser alt god oppslutnad om gode miljøtiltak, konkluderer han.

Behov for avklaring

Leiar i Rogaland Sau og Geit, Bjørn Høyland er uroa over mykje fortviling i landbruket for tida og er opptatt av ei konstruktiv tilnærming til endringane i gjødselreglane.

– Me må visa positivitet i denne saka, oppmodar han.

Martin Svebestad, dagleg leiar i Klepp rekneskapslag, stemmer i.

– Det er mange ting som utfordrar rogalandslandbruket for tida. Flukta frå landbruket er litt høgare herifrå enn andre stader. Det finns ein heil del gode tiltak som bøndene kan gjera når det gjeld gjødsel, men dei treng stabile, føreseielege ramevilkår. Prosessen med gjødselreglane må ikkje trekka ut, åtvarar han.

Stikkord denne saka: ,