Soppsjukdom: Kalv med ringorm i andletet og på halsen. Ringorm var ein vanleg sjukdom på storfe i Norge fram til vaksineringsomfanget slo inn først på 2000-talet. Foto: Istock

Ringorm var likevel ikkje utrydda. Sidan august har fleire storfebesetningar i Sør-Rogaland fått påvist soppsjukdommen. Mattilsynet arbeider intenst med å hindra smittespreiing og for å finna ut kva som har skjedd.

Sjur Håland

For 30 år sidan var det ikkje uvanleg å sjå storfe med dei karakteristiske ringormflekkane rundt om i fjøsa i Sør-Rogaland.

– Så fekk me meir eller mindre bukt med sjukdommen. Einaste unnataket var nokre få etterslengarar i 2007/08. Frå då og fram til 2017 vart det ikkje registrert tilfelle i heile i området vårt, seier Arvid Reiersen, spesialinspektør i Mattilsynet, avdeling Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord.

Eit tilfelle med ringorm i 2017 synte seg å vera relatert til smitte på garden frå eit utbrot ti år tidlegare.

– Smitta låg i nokre gamle kalvegardar der det ikkje hadde vore dyr på ti år. Bonden skifta ikkje klede og tok med seg smitta over frå kalvegardane inn i oksefjøset kor han fekk eit utbrot av ringorm, seier Reiersen.

Fire i 2018

I 2018 var det eit anna enkeltståande tilfelle i Gjesdal. Her fekk fire besetningar påvist ringorm. Reiersen fortel at dei mistenker at det kan vera «gammal» smitte som har slått inn og spreidd seg etter at praksisen med å vaksinera dyra tok slutt.

Arvid Reiersen

– Dei gjeldande bøndene her har i etterkant både vaska, desinfisert og vaksinert dyra i besetningane sine. Me reknar ikkje med at dei kan overføre smitte i dag, seier Reiersen.

Midt i august i år kom det beskjed frå ein dyrlege om mistanke om ringorm i Klepp.

– Mistanken synte seg å stemma. Kartlegging av smittekontaktar vart sett i gang. Her vart åtte kontaktbesetningar kartlagd, kor ei av desse, ei beitekontaktbesetning, var positiv.

Fem på rappen

Litt seinare i haust dukka det plutseleg opp fem tilfelle med ringorm i Sør-Rogaland på ei veke. Tre av tilfella er bekrefta positive for smitte av ringorm, dei to andre har klassiske symptom, og Mattilsynet vurderer det som sikkert at også desse er smitta.
Situasjonen er, i følgje Reiersen, uavklart. Det ser ikkje ut til å vera kontakt mellom dei gjeldande besetningane. Dei fem nye tilfella utløysar Mattilsynet sjekk av til saman 40 kontaktbesetningar, som nå blir undersøkt gjennom kartlegging, prøvetaking og visuell sjekk etter symptom på smitte på dyra. Mattilsynet kartlegg til dømes mogleg beitekontakt og bruk av felles dyretransport/dyrevogn.

Uavklart

– Me ser førebels ingen samanheng mellom desse fem bruka. Besetningane har ikkje felles kontaktpunkt. Difor står me midt oppi ein underleg og uavklart situasjon, seier Reiersen.

– Kva må eller bør bøndene gjera?

– Følgja med på dyra sine. Er du i tvil om det kan vera ringorm, må du snakka med dyrlegen din. Hugs at du kan ha ringorm på eitt av dyra dine utan at sjukdommen treng å spreia seg som ein farsott gjennom besetninga. Ved tvil, må det for all del takast og sendast inn prøvar til analyse, understrekar han.

Runde flekkar

Dei vanlegaste teikna på ringorm er, i følgje Reiersen, runde, snaue flekkar på halsen og på kjakane og i hovudet til dyret.

– Rundt augo er ein klassisk plass. Men storfea kan også få flekker på sidene og på bakparten av kroppen. Storleiken kan variera, men flekkane har gjerne ei rund form, er tjukke, litt skurvete og harde. På gamle flekkar kan ein sjå at pelsen byrjar å gro til midt i flekken.

Ringorm er lista som ein B-sjukdom. Dette er i følgje Mattilsynet sin definisjon sjukdommar som blir sett på som alvorlege, der systematisk bekjemping krevjast for å kontrollere den.

Kan smitta menneske

– Er ringorm eigentleg så farleg?

– Det er politisk bestemt at denne sjukdommen vil me ikkje ha i Norge. Dette handlar om dyra sin velferd, men også om at ringorm er ein zoonose. Med andre ord, ein smittsam sjukdom som kan smitta menneske. Me vil ikkje ha ei husdyrsmitte som utgjer ein risiko for at folk kan bli sjuke, seier Reiersen.

Nortura, Fatland Jæren og Prima Jæren har nå, i følgje Reiersen, innstilt omsetjing av livdyr.

– Det er positivt at dei tar ansvar nå i ein tidleg uavklart fase. Livdyrtransporten vil utvilsamt utgjera den største risikoen for smitte mellom besetningar ut gjennom vinteren. Eg håper me kan finna ut av årsakssamanhengane gjennom det utgreiingsarbeidet som nå skjer.

Vurderer vaksine

Vaksine var ein del av suksessen i kampen mot ringorm for 30 år sidan, fortel spesialinspektøren.

– Då var bøndene mindre nøye med desinfeksjon og vask. Nå er det nok ikkje så mange som vaksinerer lenger. Men vaksinen er god. Det første som blir gjort ved ny smitte i besetningane er å vaksinere dyra og følgja opp med vaksinering av kalvane etter kvart som dei blir fødde. Då forsvinn symptoma og produksjonen av smitte.

– Kjem Mattilsynet nå til å gå ut og tilrå vaksine?

– Mattilsynet vil ikkje vaksinere førebyggjande fordi det kamuflerer smitte, svarar Reiersen.

Han forklarar at Mattilsynet pålegg smitta besetningar både vaksinering og grundig vask/desinfeksjon.

– Vask og desinfeksjon er grundigare no enn for 30 år sidan. Det er nok difor smitte kan bli reaktivert når ein slutter å vaksinere, seier han.

Stikkord denne saka: , ,