• Grunnflata er 9 x 20 meter. Høgda frå eteplassen opp til taket er 4 meter, talla er ein meter djupare. Gardina langs veggen til høgre er 1,5 x 18 meter. Kip i mønet gir lys inn og luft ut. Bygget kosta 620.000 pluss mykje eigeninnsats.

 

Nytt bygg til gjeldkyrne gjorde denne gruppa meir synlege

Liv Kristin Sola

– No er det grassat gildt når kyrne kalvar, seier Hanne og Arild Helland, på garden Helland Holstein, på Varhaug i Rogaland.

Etter 5 år som mjølkeprodusentar, har det skjedd mange endringar på garden. Seint i haust tok dei i bruk ei ny gjeldkuavdeling.

Før var ei gjeldku ei ku som hadde pause i mjølkeproduksjonen fram til neste kalving. No har gjeldkua blitt synleg og ei viktig brikke i produksjonen.

Viktig med motivasjon
Dei innrømmer gjerne at kvardagen kan vera krevande. Ikkje alle arbeidsoppgåver er like spennande. Det hender dei står midt oppe i utfordringar og lurer på kvifor det vart sånn, og korleis skal dei koma seg ut av det.

Arild fortel om periodar kor alt har vore tungt og uinteressant.
– Eg måtte finna ut av kva det er som er kjekt med å driva gard. Måtte finna ut av korleis me kan skapa ein triveleg og interessant arbeidsplass, seier han.

Interessen aukar med auka kunnskap

Tilbakehaldt etterbyrd var eit problem når gjeldkyrne stod i fjøset til ein nabo.

– Dårleg fôring, forklarer Arild.

Gjeldkyrne skal ha mykje fôr, men lite næring. Ein miks med store mengder halm iblanda mineraler og soya, i tillegg til ein basis av kumiksen, vart løysinga. Effekten er friskare kyr, auka fôropptak etter kalving, og auka avdrått som ein følgje av begge desse to faktorane.

Hanne fortel at dei no ser, og er meir opptekne av detaljer.  Det aukar øker trivselen.

Utfordring med råmjølka

Ekteparet Helland fôrar etter Keenan strategien, noko dei er veldig nøgde med. Ingen oppfôring før kalving viste seg likevel å gi ei utfordring med mengde og kvalitet på råmjølka når kyrne kalvar. Eit tips frå rådgjevar, Kjersti Nærum, gjorde at dei starta å blanda inn soya, 150 gram per ku per dag. Det har hatt stor effekt så langt. No har dei såpass godt med råmjølk av god kvalitet, at det dekker behovet både til kalven og til litt lager i fryseboksen.

Sjå moglegheitar, ikkje avgrensingar

– Eg blir litt oppgitt når folk avgrensar seg sjølv med å seia «me kan jo ikkje gjera sånn og slik», seier Arild.

– Livet er 30/70. Bruk energi på dei 70 prosent som DU kan gjera noko med. Me må sette oss mål, og bruka kreftene på det me kan forandra, understrekar Arild.

– Resten får me ikkje gjort noko med, uansett, legg han til.

No gjer dei heilt andre ting i fjøset enn dei gjorde for fem år sidan, men bruker like mykje tid. Dei erfarer at alt heng i hop. Svakheit i eit ledd får konsekvensar for heile produksjonen.

Mjølkekyrne får ein fôrmiks som tilsvarar ein estimert avdrått på 31,8 kg energikorrigert mjølk (EKM) per ku per dag. Kyrne hjå Helland Holstein mjølker mellom 34 og 37 liter per ku per dag på denne rasjonen. Det viser at utnyttinga av fôret er svært god, rund 1,6 på dei siste målingane. Arild og Hanne er overbevist om at ei fungerande gjeldkuavdeling og optimal fôring er blant årsakene til denne positive utviklinga.

Noko de ville ha endra?

– Hadde me planlagt med den erfaringa me no har, ville me nok ha vurdert å dela rommet i to. I dagane etter avgjelding er spenekanalen open og mottakeleg for bakteriar. Då er det ikkje optimalt at ho går på halm, seier Arild.

Dei løyser dette med å la kyrne gå i fråskillingsbingen dei første dagane etter avgjelding.

– Det hadde vore optimalt med liggebåsar den første delen av gjeldperioden. I siste del av gjeldperioden er det fint å ha dei på halm, seier Arild.

Med denne ordninga ville dei og ha spart litt halm. I det siste har dei kjøpt strøhalm frå Danmark. Denne er såpass dryg, at dei no strør kvar andre dag, mot kvar dag som dei gjorde i starten.

Prøv deg fram

– Endringar krev ein prosess. Eg godtar ikkje ting utan vidare, men må prøva det ut før eg konkluderer, kommenterer Arild.

Hanne og Arild minner om kor viktig det er at gjeldkyrne har tilgang til nok og reint vatn. Spesielt er det viktig at kyrne får i seg nok vatn rett etter kalving.

Dei fortel om ulike tilsettingar dei har prøvd for å sørga for at kyrne drikk. Det viser seg at kyrne som oftast ordnar opp sjølv, når alt ligg til rette for det.

– Må det vera sånn? er eit spørsmål dei unge bøndene ofte stiller seg.

Hanne og Arild prøver seg fram på mange områder. Målet er at dyra skal vera friske sånn at dei tek opp godt med fôr, og utnyttar fôret til produksjon.

– Me håpar sjølvsagt at dette skal betala seg, ein gong, kommenterer Hanne.

Dei to ser på kvarandre og flirer litt. Draumen om nytt fjøs ligg der framme ein stad. Medan dei ventar, må dei spela på lag med dyra, håpa det vil bidra positivt til eigenkapitalen, slik at dei får realisert draumen.

Les om gjeldkubygget i Bondevennen nr 7.

 

Stikkord denne saka: ,