• Det nye bygget heilt til høgre, er plassert vinkelrett på eksisterande fjøs. Båsfjøset har frå før bingar til ungdyr. Nokre av dei gamle båsplassane skal byggast om til kalvings- og sjukebingar.

 

– Eit familieprosjekt, understreka Gunnar Jan Gjerland, då han saman med Nortura inviterte til opning av det nye ammekufjøset

Liv Kristin Sola

Bonden driv garden Gjerland, i bygda Haukedalen i Sunnfjord. Garden ligg 310 meter over havet og har 130 dekar dyrka jord, 90 dekar heimebeite og 2.000 dekar skog og fjellbeite. I tillegg til storfe, har dei 35 vinterfôra sau.

Som mjølkeprodusent kjøpte Gunnar Jan rundt 40 prosent av fôret i form av kraftfôr. Dei store beiteressursane på garden vart dårleg utnytta. For 7-8 år sidan la han om til kjøtfe. No vert ressursane på garden betre nytta. Innkjøpt fôr er redusert til eit minimum og erstatta med gratis skog- og fjellbeite. Bonden har ikkje lenger behov for innleid hjelp, og fjøset står tomt heile sommaren.

– Bruttoinntekta i kjøtproduksjonen er ikkje høg, men det er betre økonomi i denne produksjonen enn det var å drive med mjølk. I vår situasjon, stadfesta Gunnar Jan.

Han har avtale om å levera kvalitetskalv til slakt, og kalvane er 130-140 kilo og slakteklar når dei kjem heim frå fjellbeite i september.

To av sønene, Arne Åsmund og Jan Martin, er begge maksinførarar. Inga ulempe for dette prosjektet. I tillegg er Dag Inge utdanna energimontør. Yngste dotter Ane Marie som studerer i Bergen, nytta heile sommaren til byggeprosjektet på heimegarden.

– Du har gjort det rette. Du har vald den beste produksjonen. Du har sett potensialet og nytta muligheita, sa Oddbjørn Flataker, dagleg leiar i Tyr.

– Det er ikkje nok å villa det, men å gjera det, fortsette han, og viste til tre ulike mennesketypar:
 Dei som får ting til å skje
 Dei som ser på at ting skjer
 Dei som etterpå står og spør seg: Kva i all verden var det som skjedde?

 

Les meir i BV 24/25, som kjem i postkassane 19. juni.

Stikkord denne saka: ,