DSC_0021

Kva skal fylla fjøsa i Sogn og Fjordane framover? Frå Skei i Jølster

 

– Legitimiteten til norsk storfeproduksjon ligg i at me klarer å utnytte dei nasjonale ressursane.

 

Liv Kristin Sola

Harald Volden, fag- og systemsjef, Tine rådgiving og medlem, ga dei 200 tilhøyrarane på Skei i Jølster eit tydeleg signal om at dei er ønska som mjølkeprodusentar, også etter 2024.
– Eit arrangement som dette viser at de er i stand til å setja dykk i ei stemning som gjer at de kan diskutera framtida. Me må våga å ta diskusjonen om korleis norsk mjølkeproduksjon skal sjå ut i 2024, sa Volden.

Ser i glasskula

– Eg trur me skal vera godt nøgde med å oppretthalda dagens mjølkevolum, sjølv om folketalet aukar noko, sa Volden.
I dag er det 1.600 mjølkerobotar i norske fjøs. 35 prosent av all mjølk blir produsert i robotfjøs. Teknologien er ein drivar i næringa.
– Kjernen i utviklinga ligg i korleis 100-200 tonnsbesetningane utviklar seg. Det er 60 prosent av volumet i landet. Kva som skjer med 20-25 kyrs bruka, blir avgjerande for kva som skjer i norsk mjølkeproduksjon, sa Volden.
Han presenterte tal frå Agri Analyse som viser at fornying av driftsapparatet fram mot 2024 betyr ei investering opp mot 20 mrd. kroner. Dei kapitalkrevjande investeringar framover aukar kravet til høg effektivitet i produksjonen. Eit faktum som gjer mjølkeproduksjon svært sårbar og lite robust framover. Volden var skeptisk til om me er på rett kurs.

Stadig meir kraftfôr

– Drivaren i utviklinga mot høgare avdrått, er kraftfôrnivået. Me ser ein klar samanheng mellom auka avdrått og auke i FEm/100 kg EKM. Spørsmålet er om utnytting av eigne ressursar blir kasta på båten. Ønskjer me dette? spurte Volden.
Han viste til at 80 prosent av avdråttsauken kan forklarast med auka bruk av kraftfôr. Berre 20 prosent kan forklarast med auka grovfôropptak. Konsekvensen av å auka avdråtten frå 7.000 til nærmare 10.000 kg EKM, vil auka kraftfôrbehovet frå dagens nivå på 1.500-1.600 kg til over 3.000 kg. Ved ein avdrått på 7.000 liter, er 60 prosent av kraftfôret basert på norske råvarer. Andelen norske råvarer i kraftfôret vil reduserast dersom avdråtten fortset å auka.
– Legitimiteten til norsk mjølkeproduksjon ligg i utnyttinga av nasjonale ressursar. Den dagen me ikkje kan forsvare at me produserer mjølk på norske ressursar, den dagen er me ute og kjører, kommenterte Volden.

Kraftfôret fortrenger grovfôret

Nasjonalt volum av mjølk er på 1.500 mill. liter. Informasjon frå 140.000 grovfôranalysar, viser at grovfôrkvaliteten er den same i dag som på 1990-talet. Gjennomsnittleg avdrått på 7.000 liter betyr 235.000 kyr og eit nettobehov for 2,6 mill. dekar engareal. Aukar avdråtten til 9.000 liter, basert på auka mengde kraftfôr, betyr det 183.000 kyr og eit nettobehov for 2,0 mill. dekar engareal. Kraftfôret fortrenger grovfôret tilsvarande eit areal på 600.000 dekar, som går ut av produksjon.

Må unngå ein re-kanalisering

Tal på mjølkekyr går ned, kraftfôrforbruket går opp. Summen er at forbruk av kraftfôr i mjølkeproduksjonen er konstant. Protein er ein minimumsfaktor i forhold til avdrått. Proteinbehovet aukar frå 15 prosent av totalrasjonen ved ein avdrått på 6.500 liter, til 18-19 prosent ved ein avdrått opp mot 10.000 liter. Proteinråvarer er per dags dato ein minimumsfaktor som i stor grad vert importert. Vår viktigaste proteinressurs er grovfôret. Proteinet i grovfôret vert mest effektivt utnytta ved eit avdråttsnivå mellom 7-8.000 kg.
Legitimiteten ligg i at me kan forsvara at me produserer mjølk på norske ressursar. Næringa må diskutera kva som er ein akseptabel prosent del av norskprodusert fôr i rasjonen. Er dagens nivå på 84 prosent akseptabelt? Kan me akseptera 80 prosent i løpet av 4 år, eller bør me ha som mål at den aukar til 88-89 prosent? Volden stilte spørsmålet ut til salen.
– Dersom det siste er målet, kan me ikkje ha denne drivaren som me ser i norsk mjølkeproduksjon i dag, understreka Volden.
Han åtvara mot ein re-kanalisering av mjølkeproduksjonen som ein følgje av auka besetningsstørrelse. Situasjonen norsk mjølkeproduksjon finn seg i, krev at alt tilgjengelig kornareal blir nytta til produksjon av korn til mat og fôrkorn. Re-kanalisering vil ytterlegare auka behovet for importere fôrråvarer.
– Fortset utviklinga med auka besetningsstørrelse, så flytter me mjølkeproduksjonen, fordi grovfôrgrunnlaget blir en minimumsfaktor i dal-, fjord- og fjellbygdene. Dette går på arealbehov og det går på ressursutnytting på den enkelte gard, understreka Volden.

Grovfôrkostnadene aukar

Dei siste 5-6 åra har grovfôrkostnadene auka med 30 prosent. Tala viser at det ikkje er stordriftsfordelar i grovfôrproduksjonen. Noko av forklaringa ligg i høge mekaniseringskostnader på enkelte bruk. Avlingsmengd forklarer 35 prosent av variasjonen i grovfôrkostnadene. Det er store variasjonar som viser eit stort potensiale til å betra agronomien og auka avlingsmengda. Volden utfordra til å sette eit mål om å redusera grovfôrkostnadane med 20 prosent i løpet av dei neste 5 åra.
– Grovfôrkostnadane i mjølkeproduksjonen må ned. Men det er ei utfordring å setje inn tiltak når ein ikkje kjenner kostnaden. De må vita kva som driv kostnaden, og ta tak i det som kan gjerast noko med, utfordra Volden, og tippa at berre 10 prosent av dei frammøtte var bevisst eigne grovfôrkostnadar.
Volden utfordra mjølkeprodusentane til å bli meir bevisst på transportkostnadane når dei vurderer optimal besetningsstørrelse og utbyggingsstrategi. Om ein reknar 180 kroner for kvar time langs vegen, kan ein vurdera kva utslag det har for grovfôrprisen?
– Dette må inn i reknestykka våre. Kan hende burde det bli stilt tøffare krav til grovfôrgrunnlaget på den enkelte gard for å legitimere produksjonen, og for å få ned kostnadane på grovfôret, føreslo innleiaren.

Styrke konkurransekrafta

– I konkurranse med utanlandske produkt, må me bli betre til å utnytta verdikjeda som et konkurransefortrinn. Me må gjera noko med råvara, laga den norske mjølka unik, og gi forbrukaren ein grunn til å velja norsk mjølk framfor utanlands, utfordra Volden.
Som eit døme viste han til at me har kunnskapen som skal til får å auka innhald av oljesyre i mjølka med 20 prosent, noko som gjer mjølka meir gunstig med tanke på human ernæring.
– Eit konkurransefortrinn som me ikkje nyttar oss av. Årsaka er at me ikkje evnar å ta ei slik avgjersle, sa Volden.

Ein fantastisk bioreaktor

Drøvtyggaren nyttar fôr som ikkje kan brukast til menneske, og utnyttar energi og protein svært effektivt. Trekk me frå den delen av fôrrasjonen til mjølkekua som alternativt kan nyttast som mat til menneske, viser det seg at kua har ein oppforedling av energi på 360 prosent, og protein på 450 prosent
– Kua er en fantastisk bioreaktor, som lager høgverdig protein av areal som ikkje kan nyttast til menneske mat. Samanlikna med andre dyreslag, er kua det mest effektive dyret me har. Dette er informasjon som forbrukaren godt kan få høyra, understreka Volden.

Utfordringar

Volden avslutta med å understreka at nøkkelen for norsk mjølkeproduksjon ligg i å finna ei løysing for besetningane på 100-200 tonn. Norsk landbruk får problem med å legitimera ein produksjon basert på norske ressursar, utan at grovfôrarealet som ligg rundt husdyrbyggingane vert nytta på ein effektiv måte. Innleiaren såg ikkje føre seg at dette kan gjennomførast utan at investeringsstøtta vert betydeleg høgare.
– Investeringsstøtta må aukast til 35-40 prosent av investeringskostnaden. Dette må me «tuta inn i øyra» på alle med makt og myndighet. Me må få dei til å forstå at dette er avgjerande for ein bærekraftig produksjon inn i framtida, oppmoda Volden.
– Det er heilt avgjerande at størrelsen på besetninga blir tilpassa ressursane. Ut frå eit slikt perspektiv, går avdråttsutviklinga i feil retning, avslutta Harald Volden.

Stikkord denne saka: ,