Oppdatering: Fleire rekneskapslag i Sør-Rogaland samlast til ein årleg analysedag. Analysedagen er eit tiltak for å halda oss oppdaterte om bøndene sin kvardag. Dette er noko andre delar av landet gjerne må kopiera, seier Jostein Røysland.

– God drift og økonomisk oversikt ute på gardsbruka er viktigare enn nokon gong, meiner ein av talknusarane på rekneskapslaga sin analysedag, Jostein Røysland.

Sjur Håland

Det er ikkje berre programvaren i datamaskinane som treng oppdatering. Rekneskapslaga på Jæren og Dalane (RJD) har gjennom mange år samla rekneskapskontora, som nyttar deira analyse, til ein årleg analysedag. Dei som fører rekneskapen, og som skal gi råd, vil halda seg oppdaterte og syna kundane sine moglegheitene i den strame marknaden. Førre veke var representantar frå Nortura, Tine, Fylkesmannen og Landkreditt blant innleiarane då kring 70 rekneskapsførarar benka seg på blå heildekkingsteppe på Bryne Kro og Hotell.

Finna marginane

I møtet i år var fleire av innleiarane inne på å finna og å henta ut marginane ute på gardsbruka.

– Dette er gode eksempel på nytta ved å samlast og bli gjort kjent med siste nytt frå organisasjonane, seier Jostein Røysland, dagleg leiar i Bjerkreim Rekneskapskontor AS.

Røysland erfarer at gardsbruka er ulike. Det er ikkje berre å skjerpa seg for å koma opp på nivået med bøndene som får dei beste resultata. Han fortel at rekneskapslaga i starten var skeptiske til å offentleggjere nøkkeltala. Dei frykta at den store variasjonen i resultatet skulle mistydas.

– Skilnadane vart nok i nokre tilfelle brukt mot næringa. Beskjeden til bøndene var; gå heim og gjer slik dei med best resultat gjer. Det blir heilt feil etter mitt syn.

Ressursgrunnlaget på gardane og korleis ein har innretta drifta varierer. Røysland meiner at det ikkje er så enkelt at alle berre kan bestemma seg for å klatra til topps på resultatlista.

– Men noko å henta er det hjå alle, seier han.

Mørke skyer

Inntrykket Røysland danna seg etter å ha høyrt Tine, Nortura og Landkreditt på analysedagen er at det er heller mørke framtidsutsikter i husdyrproduksjonen.

– Når det gjeld sauen, har det vel aldri vore så dårleg så lenge eg kan minnast. Nå snakkar me om eit reelt dekningsbidrag utan tilskot på cirka 200 kroner sauen. Oppgangen me hadde ein periode, kollapsa for to tre år sidan. Det er tøft og utfordrande for dei som driv med sau. Heldigvis følgjer det med ein del tilskot, som gjer at det framleis er mogleg å driva vidare.

Storfe- og mjølkeproduksjonen har store utfordringar, medan økonomien i svinenæringa er i botn av ein bølgedal, illustrerer Røysland.

– Her ligg det rett nok an til ein svak oppgang, og det er jo positivt meiner han.

Må vera realistiske

Rekneskapsførarane må førehalda seg til slik marknaden er no og vera så realistiske som mogleg.

– Det er vår oppgåve, seier Røysland.

– Er bøndene flinke nok til å diskutera tala med dykk for å finna farbare vegar vidare?

– Det varierer og er vel slik at både me og bøndene kan bli flinkare til å ta initiativ til den praten, seier han.

Bondeyrket er eit praktisk yrke, understrekar Røysland.

– Bøndene er praktikarar. Det skal me vera glade for og ikkje snakka ned, det er difor dei lukkast i næringa. Når me går gjennom rekneskapet og analyserer dei ulike postane, finn oftast bøndene dette interessant.

– Kva er den viktigaste bonde-eigenskapen for å greia manøvrera gjennom krevjande tider?

– Rett og slett å setja tæring etter næring. Det er faktisk så enkelt, og samtidig så vanskeleg, at over tid så må inntektene vere høgare enn utgiftene og uttaket til privat. Derfor er viktig å ha oversikt over økonomien.

Unik analysedag

Røysland seier at analysedagen er eit unikt opplegg på landsbasis.

– Analysedagen er eit tiltak for å halda oss oppdaterte om bøndene sin kvardag. Dette er noko andre delar av landet gjerne må kopiera, rett og slett fordi det er svært nyttig, seier han.

Veteranen fører rekneskap for bønder i Bjerkreim, og har følgt kundane sine gjennom tjukt og tynt sidan først på 1980-talet. I starten, kring 1970 og framover, var rekneskapsførarane gjerne landbruksutdanna med eitt år på jordbruksskule pluss eitt år som agroteknikar. Nå krevjast tre år med høgskule pluss to års praksis for å bli ein autorisert rekneskapsførar.

– Dermed har me folk på rekneskapskontora med auka kompetanse på generell rekneskapsførsel og økonomi, ikkje minst knytt til aksjeselskap. Difor er det meir behov no enn det har vore nokon gong før å bygga landbrukskompetanse og knyta kontaktar, understrekar Røysland.

Ein del av bakteppet for analysedagen er også samarbeid for å få best mogleg datagrunnlag til Nøkkeltalanalysen for Sør-Rogaland, som blir presentert i eit eige hefte kvar haust.

Økonomiråd

Fire råd frå Jostein Røysland om den økonomiske situasjonen skulle bli krevjande:

  1. Prøv å få til ein avtale med dei ein ikkje klarar å betale, slik at beløpet ikkje går til inkasso. Går fakturaen til inkasso, får ein betalingsmerknad, og då er det så mykje vanskelegare å få til gode avtalar med bankar i samband med refinansiering.
  2. Ikkje prøv å skjule dei økonomiske vanskane for ektefellen. Kjem ein i ein slik situasjon, treng ein verkeleg kvarandre si støtte.
  3. Ta vare på fakturaane, sjølv om dei ikkje vert betalt. Det går utruleg mykje tid til å rydde opp i eit rekneskap der mange saker er gått til inkasso, og ein skal finne ut av kva dei ulike sakene gjeld, og å få tak i opphavleg faktura. Tid kostar, og er det noko ein ikkje treng i ein slik situasjon, så er det unødvendige utgifter.
  4. Pass på at det offentlege får sitt, og at i alle fall rapporteringa til dei skjer innan fristane. Vert til dømes ikkje momsoppgåve, skattemelding med meir levert innan fristen, løper det ganske raskt over kr 500 dagen i tvangsmulkt. Slike utgifter treng ein heller ikkje i ein slik situasjon.
Stikkord denne saka: ,