Klasserom: Bjørn Ståle Bekkeheien tar klassen med gjennom fødeavdelinga. Ivrige elevar spør og får svar.

Silje-Kristin og Bjørn Ståle Bekkeheien vel å bryta innarbeidd praksis på garden med å stenga grisehuset heilt for besøkande.

Sjur Håland

Rett før jul fekk 30 fjerdeklassingar frå Høyland skule på Nærbø i Hå kommune servert julegraut i det nye kufjøset før dei fekk sjå levande dyr i eit ekte grisehus frå innsida. Barna var imponerte over det dei såg. Ingrid Undheim Reve (9), la særleg merke til purkene som sjølv kunne opna og stenga portane i etebåsane i insemineringsavdelinga.

– Men det gildaste var å få sjå på grisene og grisungane, fordi eg hadde aldri sett så små grisungar før. Eg lærte at griser kan bli smitta dersom me menneske ikkje har på dei rette kleda, eller dersom me har vore i eit anna grishus eller sauehus, fortel ho.

Smittevern

Skulejakkane vart lagt til sides og erstatta med fabrikknye kjeledressar frå Felleskjøpet. Elevar og lærarar fekk i tillegg munnbind, plasthanskar, hovudplagg og to par plasttrekk over skoa, før dei to bøndene kunne opna dørene til grisehuset for nysgjerrige skulebarn. Sjølv på landlege Høyland skule i Hå, er det mange som aldri før har vore i eit grisehus. Briefinga på førehand var viktig.

– De kan ha bakteriar på hender, i munn og nase som kan smitta grisene, noko me er nøye på å unngå. Difor må me vera ekstremt nøye med påkleding og korleis me oppfører oss i grisehuset, forklarte Bjørn Ståle Bekkeheien, til lydhøyre skulebarn.

Barna vart stilt opp i lang rekke og nøye rettleia gjennom smitteslusa før den eksklusive turen gjennom dei ulike avdelingane fann stad.

– Å bruka sansane, kjenna luktene og ta på dyra, gir ei heilt anna oppleving av husdyrproduksjon enn å berre sjå på film eller bilete, erfarer Bjørn Ståle.

På garden er det mjølkeproduksjon i nytt robotfjøs med 200.000 liter i mjølkekvote og fullt påsett. I grisehuset er talet på årspurker kring 115. Silje-Kristin og Bjørn Ståle sel 3000 smågriser og fôrar fram noko slaktegris i tillegg.

Livets mysterium: Lite blir pakka inn når barn og bønder møtest til undervisning i grisehuset. Her forklarar Bjørn Ståle Bekkeheien elevane om korleis og kvifor purkene blir inseminert

Nyfødde: Silje-Kristin Bekkeheien syter for at alle som vil får halda ein nyfødd grisunge

Usminka formidling

Dei to er sjølv foreldre til barn i skulealder og er opptekne av å formidla, utan sminke, korleis matproduksjon og husdyrhald går føre seg.

– I dag er det mange barn som aldri har vore i eit grisehus. For nokre av barna blir dette den einaste gongen dei er i eit produksjonslokale for gris gjennom heile livet. Då er det viktig å gje dei eit rett og godt inntrykk og eit positivt minne, seier Bjørn Ståle.

– Husdyra skal slaktast og bli til mat. Er dette fakta de feiar under teppet i møte med skulebarn og lærarar?

– Nei. Me skal fortelja at dyra blir mat, at enkelte dyr kan dauda av sjukdom undervegs og at skadde dyr i nokre tilfelle må avlivast. Dette høyrer med i den verkelege kvardagen, og når elevane ser at dyra i bingane er trivelege og har det godt, vil dei akseptera desse realitetane, svarar Bjørn Ståle.

Svært liten risiko

Smittevern og trygging av eiga drift og økonomi har høg prioritet på garden. Det er mange år sidan dei har hatt besøkjande i grisehuset.

– Me har snakka med Norsvin, og har fått stadfesta at om ein respekterer karantenereglane i høve til utanlandsbesøk og samstundes har naudsynt med verneutstyr, er det svært liten risiko for sjukdomsspreiing.

– Og den risikoen vel de å ta?

– Ja, det gjer me, seier Bjørn Ståle.

– Eg er lite bekymra og trur nok det følgjer større risiko med å ta inn dyrlegen, som reiser mellom besetningane. I dette tilfellet er det ein av elevane som kjem frå eit bruk med griser.

– Reknar de med å få kritikk på besøkspraksisen av yrkeskollegar som driv med gris?

– Nei. Eg trur heller me fortener ros for tiltaket. Dette er positiv omdømmebygging for svinenæringa.

I desember har fleire enn 100 barn vore på garden og fått servert julegraut.

– Blir det fleire besøk framover?

– Me har fire barn der den eldste går i fjerde klasse. Kanskje me kunne fått til eit liknande opplegg der også dei yngre søskena får lov til å ta med klassen på eit gardsbesøk som inkluderer grisehuset når dei kjem i same alderen.

Vil redusera avstanden

Å ta i mot skuleklassar krev litt, men gir mykje, erfarer Silje-Kristin og Bjørn Ståle Bekkeheien, som tilrår andre bønder å gjera liknande tiltak for å auka kunnskapen om norsk matproduksjon.

– Avstanden mellom byfolk og fjøs har blitt alt for stor. Me må ikkje berre skulde utviklinga på andre og unngå å gjera noko med det. Kritikken som blir retta mot landbruket er vanskeleg å førehalda seg til for alminnelege folk. Gjennom til dømes sosiale media får forbrukarane innblikk som kan vera skeive. Men dei får langt frå heile biletet. På eit gardsbesøk vil heile biletet bli presentert, noko som vil vera ei god ballast når folk skal gjera seg opp eigne meiningar, seier Bjørn Ståle Bekkeheien.

Positivt

– Dette er eit veldig positivt tiltak, kommenterer leiaren i Norsvin Rogaland, Per Inge Egeland, til Bondevennen.

Han fortel at Norsvin har diskutert kor vidt dei burde oppmoda fleire svinebønder til å opna grisehusa for besøk.

– I utgangspunktet er det svært få personar som er berarar av farleg smitte. Det handlar om å gjera dei rette smitteverntiltaka på førehand. I SPF-besetningar betyr det at dei besøkjande må dusja seg gjennom slusa.

Egeland skjønar frykta enkelte svinebønder kan ha for å få inn smitte.

– Men om ein, som i dette tilfellet, slusar inn skulebarn i grisehuset etter å ha sikra seg at dei er friske og ikkje har vore i utlandet eller på eit legekontor dei siste dagane, er det ikkje noko problem.

Sjølv har han hatt grupper med besøkjande, mellom anna filmteam, i grisehuset siste tida.

– Me overheld karenstider, kler oss og slusar oss inn. Det er faktisk ikkje verre enn det, seier han.

 

Stikkord denne saka: , ,