
Lars Torgny Ånestad (27) og Hege Bjerkreim (20) har bygd nytt ammekufjøs på Varhaug. 100 besøkande fann vegen til fjøset under opninga.
Lars Torgny og Hege opna fjøsdøra, og blei overraska over oppmøtet.
Jofrid Åsland
Fjøset blei tatt i bruk i mars 2015, men opninga av fjøset blei ikkje før ioktober på grunn av bøndene sin hektiske kvardag. Lars Torgny Ånestad har full jobb, som sjåfør på dyretransport for Nortura, ved sida av ammekyr, stutar og slaktegriser på eigen gard.
Det nye ammekufjøset kosta tre millionar kroner. Bygget er 42 meter langt og 16,5 meter breitt. Fôrgangen er på 4,8 meter.
– Eg har akkurat gått over til fullfôr, fortalde Lars Torgny.
Han erfarer at dyra er rolegare etter endringa i fôringsopplegget. Før vart det fullt leven dersom nokon nærma seg med kraftfôrbøtta.
I fjøset er det plass til 70 stutar og 26 ammekyr.
Bygga for eiga rekruttering
Motivasjonen for å bygge nytt ammekufjøs var å rekruttere eigne stutar, i staden for å kjøpe inn dyr. Lars Torgny har grave ut tomta til bygget sjølv, rive forskalinga og skrudd innreiinga.
– Me er veldig nøgde meg det nye bygget. Det er veldig kjekt å stelle her og dyra er rolege, sa Hege Bjerkreim, sambuar med Lars Torgny.
Hege liker godt å bruke tid i lag med dyra, og sett stor pris på at det er enkelt å greitt å kome seg oppi garden til kyrne.
– Det viser tydeleg på dyra når me har fått god kontakt med dei som kalvar, fortalde ho.
Hege understrekar at dei får god hjelp med det daglege morgonstellet frå morfaren til Lars Torgny. Sjølv er ho student og arbeider som avløysar utanom arbeidet på garden.

– Dette ser bra ut. Løysinga med breitt fôrbrett er kjekk, sa Lone Vierdal, salskonsulent for kraftfôr til storfe hjå Felleskjøpet Rogaland og Agder.
Godt oppmøte
– Dette ser bra ut. Løysinga med breitt fôrbrett er kjekk. Det er fint å sjå at dyra er så rolege sjølv med mykje støy og mange ukjende folk i fjøset, sa Lone Vierdal, salskonsulent for kraftfôr til storfe hjå Felleskjøpet Rogaland og Agder.
Då gjestene hadde kikka i fjøset kunne dei få grillmat på løa.
– Eg hadde aldri venta så mange besøkande, sa Lars Torgny.
Om lag 100 besøkande fann vegen til det nye ammekufjøset på Varhaug i Hå kommune.
Stikkord denne saka: Auka matproduksjon, Storfe