Eit skuleår er over på Plogen. Fem elevar har fullført prosjektet sitt, og kan utfordra seg sjølv i sykkelløypa i skogen på Hadland.

Liv Kristin Sola

I starten av juni, dukka det opp ei etterlengta invitasjon i innboksen min.

«Etter eit heilt skuleår med drenering, planlegging, bygging, graving, grafsing og raking, singling og grusing, er no løypa så godt som ferdig. Onsdag 15. juni kl. 11 skal vi ha offisiell opning av  sykkelløypa med snorklipping, kake og trekkspelmusikk! Dersom du har tid og anledning, er du hjarteleg velkommen på opningsdagen. Mvh Torvald Hadland»

Plogen, eit annleis skuletilbod

Bv44_forside_thumbI BV nr 44-2015 kunne de lesa om Kim Andrè og skuletilbodet Plogen. Namnet er ikkje tilfeldig. Kvart av plogskjæra i ein tre-skjærs plog, representerer ulike ferdigheiter; praktiske, sosiale og teoretiske.

– Med plogen får me opp mykje stein, røter og ugras som me kan luka vekk. Me står att med noko som er meir robust, noko som me kan bygga vidare på, skildrar Torvald.

Ungdommane fungerer best i små, oversiktelege grupper, og treng vaksne som er trygge på seg sjølv og trygge på situasjonen. Det får dei på Plogen. Kim Andrè har vore ein av fem elevar på Plogen dette skuleåret. Til hausten skal Kim Andrè gå på Øksnevad vgs.

Oppdrag sykkelløype er fullført

Elevane avsluttar skuleåret med å  feira at dei har fullført sykkelbanen.

– Det krev tid og tålmod for elevane å lukkast i skule og arbeid. Det er ikkje sjølvsagt at prosjekt vert fullført, men her har dei verkeleg stått på og dei har oppnådd eit resultat som er framifrå, kommenterer lærar, Torvald.

Gode erfaringar

Her er det mykje gjenbruk av material frå skogen, og ikkje det mest fancy verktøyet. Det har gått med mange timar, og elevane har jobba i lag.

– Ingen hadde klart dette åleine, kommenterer Torvald, og skryt av elevane sine.

I tillegg til Torvald Hadland, har elevane har hatt god oppfølging av miljøterapeut, Guro Frøyland Friestad.

– Ein miljøskapar og viktig bidragsytar til samhald, og matlaging, kommenterer Torvald.

Cato Wallin har vore ein nyttig fagperson og motivator i prosjektet. Han er utdanna vernepleiar og pedagog, og kan slå i bordet med å ha vore ein del av juniorlandslaget i sykling, saman med blant anna Thor Hushovd. Deltakelse på landslaget i amerikansk fotball står også på merrittlista til Cato.

Linda Wank, Samuel, Selma og Mateus er dei beste støttespelarane på heimebane, på garden på Hadland.

Sparking og skating er favoritten

Sindre har eitt år att på Plogen. Hans store lidenskap er skating og sparkesykkel på bane. Han reiser blant anna til Stavanger, til Sandnes og til Vigrestad for å skate.

– Men Kverneland har den aller beste skatebanen, med asfalt rundt og tre-ramper, fortel Sindre.

Han liker å veksla mellom sparkesykkel og skating, og kan godt drive på i 7-8 timar i slengen. BMX og sykling har han mindre erfaring med. Plogen har kjøpt inn syklar som elevane kan nytta i løypa.

Sindre og kameraten liker å fikse ting. Få «liv» i ting som er ødelagt. Dei avslører at det har vore krevande å lage denne sykkelløypa, og dei ristar på hovudet når dei snakkar om det dårlige verktøyet dei har hatt til disposisjon. Sindre avslører at han har jobba litt for Haarr betong, og er nok litt utskjemt med godt verktøy.

Vegen vidare for Kim Andrè

Gutane småpratar og nyt sjølvlaga sjokolademuffins. Kim Andrè dukker opp i skuret. Samtalen dreier seg om neste prosjekt. Dei drøymer om å designa sine eigne Trike-syklar, og viser bilete på telefonen.

– Dette har i grunnen vore ein dans på roser. Me har opplevd og lært mykje, kommenterer Kim Andrè, og skryt av medelevane sine. Neste år er han elev på naturbruk på Øksnevad vgs.

– Eg må få takka Torvald for at han har utvikla garden, sånn at me kan vera her, avsluttar den unge guten.

 

Underteikna vil takka for invitasjonen og for at Bondevennen fekk vera med på opninga av den flotte sykkelbanen.

 

Stikkord denne saka: ,
Share This