bv12_aktuelt3d

Nytt sauefjøs, omkransa av mektig Vestlandsnatur.

bv12_aktuelt3c

Enkel grovfôrhandtering med fôrkasse og silorivar.

bv12_aktuelt3b

Det offentlege støttar opp om landbruket i Kvinnherad, her representert med f.v. skogbrukssjef Terje Natland, Karsten Valland, Innovasjon Norge, og jordbrukssjef Tore Eik.

bv12_aktuelt3a

Ragnhild T. Bjørke og Olav H. Bringedal med blomehelsing frå Ordføraren.

 

Nærare 250 interesserte sauebønder møtte fram for å studere det nye sauehuset til Olav H. Bringedal og Ragnhild T. Bjørke i Uskedalen. Huset er innreia med fôrhekkar for appetittfôring og kraftfôrautomatar.

 

Eirik Stople

 

Dei var der alle. Ordførar, representantar for Norsk sau og geit, Innovasjon Norge, Jord og Skogbrukssjef, Uskedal Bondelag, leverandørar av bygg og innreiing, kraftfôrleverandør og slakteri, og ikkje minst ei uvanleg stor forsamling av bønder. Mange hadde reist langt.

Satsar nytt og stort

– Dette er god reklame for sauehaldet, fortel ein entusiastisk Olav H. Bringedal til Bondevennen. Han og sambuar Ragnhild T. Bjørke har ein travel dag. Alle vil ha ein kommentar.
– Sauehuset har kapasitet til 240 vinterfora sauer og stod ferdig i november 2012, fortel Olav. Huset er fullt opp med lamingstunge sauer, dei fleste av rasen Norsk kvit sau, men vi finn også spel- og villsau. Dei disponerer om lag 200 dekar dyrka jord og 100 dekar kulturbeite. Olav og Ragnhild er begge aktive i drifta. I tillegg har dei arbeid utanom garden, Olav som lastebilsjåfør og Ragnhild som rekneskapsførar.
– Korleis er erfaringa med appetittfôring frå fôringskasse og kraftfôrautomat?
– I prinsippet kunne vi fullt opp grovfôrkassa kvar tredje dag, men vi vel å gi fersk silofôr dagleg. Det aukar grovfôropptaket. Det er ikkje eteplass til alle sauene samtidig, men sidan det alltid er tilgjengeleg fôr går det rimeleg greitt.
Kraftfôrautomaten er eit nødvendig utstyr i vårt fôringsopplegg. Ut frå haldvurdering blir det lagt opp til individuell datastyrt kraftfôrtildeling. Fram mot lamming grupperer vi sauene etter fôrbehov, der vi tek utgangspunkt i tal foster. Dataprogrammet aukar automatisk kraftfôrtildelinga fram mot lamming eller vi kan overstyre kraftfôrtildelinga på individnivå. For oss var det avgjerande at fôringsopplegget gir oss nødvendig fleksibilitet til å vera i arbeid utafor garden, understrekar Olav.

Positiv utvikling i Kvinnheradlandbruket

– Vi held ope fjøs for å vise det siste nye på sauefronten, men like viktig er det å få synleggjera noko av det positive som skjer i Kvinnherad, fortel Olav, som også er leiar av det lokale Bondelaget. Her er det full gass med utnytting av alt ledig areal. Vi legg vekt på å ha eit nært samarbeid med kommunen, både administrasjonen og politikarane. Han viser til at dei nyleg arrangerte møte om jordvern med 70 frammøtte, både folk flest og politikarar.
Jordbrukssjef Tore Eik stadfestar den positive utviklinga i kommunen. I Kvinnherad kommune er det om lag 250 som søkjer om produksjonstilskot. Eik fortel om stor byggeaktivitet i tillegg til nydyrking og grøfting. Sidan 2009 har han hatt 17 byggesaker for storfe, mjølk og kjøtt, 7 saker for sau /geit og 6 saker for lokal foredling og gardsturisme, alle med støtte frå Innovasjon Norge eller BU-fondet.
– Fleire nye byggeprosjekt er på gang, fortel jordbrukssjefen. Også skogbrukssjef Terje Natland kan fortelje om stor aktivitet, med mellom anna hogst av planteskog.

Stikkord denne saka: ,