bv47_aktuelt5

I brev av 9. november gir deparetementet, i klare ordlag, melding til fylkesmannen/partnerskape om å tilpasse seg nasjonle føringa for landbrukspolitikken. (Illustrasjonsfoto frå Bondevennen sitt arkiv)

Mat- og landbruksdepartementet  ber Fylkesmannen- og partnarskapet for landbruk i Rogaland, oppheve grensa på 350.000 liter for å gi tilskott til store fjøs på Jæren.

 

Eirik Stople

 

I oppdragsbrevet frå Fylkesmannen/partnarskapen for landbruk la ein følgjande føring for tilskott til nye kufjøs på Jæren: På det sentrale Jæren skal nye kufjøs ha prioritet, under føresetnad av at den årlege produksjonskapasiteten ikkje er høgare enn 350.000 liter.

Dette har fått FrP statsråd Sylvi Listhaug til å reagere.  I brev av 9. november  gir deparetementet, i klare ordlag, melding til fylkesmannen/partnerskape om å tilpasse seg nasjonle føringa for landbrukspolitikken.

I brevet heiter det mellom anna: Fylkesmannen skal ivareta de nasjonale målene i landbruks og matpolitikken, og er ansvarlig for regional tilpassing av denne.  Disse føringene skal ikke komme i konflikt med nasjonale føringer. I årets jordbruksproposisjon er det lagt til grunn at det må støttes opp om de som ønsker å vokse, og støtte til investeringer som gir økt produksjon skal prioriteres.

Om føringa for ikkje å gi støtte til bruk med meir enn 350.000 i kvote skriv departementet: Denne prioriteringa samsvarer dårlig med de nasjonale føringene om at det er viktig å støtte opp om de som ønsker å vokse og at støtte til økt matproduksjon skal prioriteres.

Utidig innblanding

Leiar i Rogaland Bondelag, Ole Andreas Byrkjedal, karakteriserer skrivet som utidig innblanding og nok eit døme på detaljstyring frå statsråden.
– Bakteppet er at det er langt større etterspurnad etter tilskott enn vi kan imøtekoma. Då må me gjera nokre prioriteringar, og for oss er det viktig å få med mangfaldet, seier Byrkjedal.

Han viser elles til at bruk med 50 kyr er ei god tilpassing for mange bruk på Jæren.
– I ei tøff prioritering la vi vekt på at store bruk,  i større grad burde ha ressursar til å gjennomføre utbygging utan tilkot. Men vi såg gjerne at det var nok midlar til alle, seier bondelagsleiaren.


På heimesida til Fylkesmannen i Rogaland les vi at skrivet frå Departementet er teke til følgje og at avgrensinga til 350.000 liter  for å kunne søke om tilskot er fjerna.

Stikkord denne saka: ,