BN+

Plastberget: Odd Jostein Aas hadde ansvar for bøndene si plastinnsamling dei seks åra han satt i styret i Suldal Bondelag. Brått meldte transportøren pass, og plasten vart liggande. På seks forskjellege stader i kommunen ligg det store plastberg.


Dårleg lønsemd i plastreturordninga byr på problem for ryfylkebønder som vil returnere plast. Nå må dei sjølv levera plasten på kommunalt mottak.


Jane Brit Sande


Det norske landbruket bruker kvart år fleire tusen tonn med plast. Importørane av plast (som Felleskjøpet) kan betala eit vederlag per kilo plast. Den frivillige miljøavgifta er organisert gjennom Grønt Punkt Norge. Vederlaget har auka monaleg siste året, for å finansiera returordninga for plast. Returordninga bidreg til legitimering av plastbruken i landbruket. Derfor er det viktig for næringa at ordninga består. I Rogaland organiserer lokale 4H-klubbar plastinnsamling fleire stader, andre stader trør gjerne det lokale bondelaget til.

Plutseleg hentestans

Transportkostnadar, særleg i distrikta, fører likevel til at transportfirma knapt går i balanse når dei hentar plasten. I Suldal har plastinnsamlinga til bondelaget stått på vent sidan våren 2018. Haugar med tonnevis av plast har blitt liggande på seks forskjellege stader i kommunen, nokre meir synlege for allmennheita enn andre. Innbyggarar og hyttefolk like ved sentrum i Erfjord kan sjå ein av haugane liggande langs vegen. Plasten ligg både på privat og offentleg grunn, på grensa til eit naturreservat, og like ved ei kommunal drikkevasskjelde.


Odd Jostein Aas var styremedlem i Suldal Bondelag i seks år, og hadde ansvar for å organisera plastinnsamlinga.


– Deler av plasten har vorte liggande i mest to år. Heldigvis skjerma for vind, elles hadde det sett verre ut, med plast hengande fast i trea, seier han.


I fleire år hadde Bondelaget avtale med ein mottakar. Bøndene sytte for at plasten vart samla inn på avtalte stadar, og så henta transportøren plasten.


– Intensjonen var at bøndene i kommunen slapp å køyre lange avstandar for å kvitta seg med plasten på riktig måte. Men brått hadde ikkje mottakar kapasitet, seier Aas.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: