• Geita Arwen og kjeet Brusi er skeptiske når me kjem tett innpå dei. Brusi er fire veker gammal og har det tryggast i lag med mor. Arwen gjer alt for å beskytta kjeet sitt.

 

– Hei, eg heiter Kim André. Den unge guten strekk fram handa, smiler, får meg til å kjenna meg velkommen.

Liv Kristin Sola

Kim André går i tiande klasse. Skuledagen hans går ikkje føre seg i eit klasserom. Kim André går på skule på ein gard på Hadland i Time kommune.

– Eg har lyst til å jobba med maskinar. Eg har alltid likt maskinar. Men eg likar også dyra her på garden. Eg kunne godt tenkt meg å driva gard, seier han, og smiler igjen.

Han smiler ofte.

Ulike utfordringar og ulike mål

Elevane som har undervisning på Hadland, har ulike utfordringar. For Kim André er det vanskeleg å konsentrera seg om ei oppgåve over lengre tid. I lag med Torvald, har han sett seg mål som han prøver å nå.

– Eg prøver å konsentrera meg om ein ting om gongen. Det målet eg har sett meg, det brenn eg for, seier Kim André.

Plogen

Namnet er ikkje tilfeldig. Kvart av plogskjæra i ein tre-skjærs plog, representerer ulike ferdighetar; praktiske, sosiale og teoretiske.

– Med plogen får me opp mykje stein, røter og ugras som me kan luka vekk. Me står att med noko som er meir robust, noko som me kan bygga vidare på, skildrar Torvald.

Ungdommane treng vaksne som er trygge på seg sjølv og trygge på situasjonen.

– Eg brukar dyra som eksempel. Dyr som vert trua, vil flykta eller kjempa. Slik er det også for ungdommane. Folk vil halda avstand, dersom ungdommane har ei aggressiv åtferd, seier Torvald.

Elevane hans er ikkje utskjemde med ros og omsorg. Ungdommane må læra seg å møta andre menneske med tillit og respekt, slik dei må med dyra.

Aktiv læring

Elevane lagar ein sykkeltrase. Dei målar avstandar, reknar ut lengde og mengde.

– Ingen får til dette åleine. Me må samarbeida, kommenterer Torvald.

Å sjå på elevane jobba kan vera ei utfordring. Det kan ta tid, spikrane er skeive og vinklane går i alle retningar. Torvald får lyst til å overta.
– I hovudet har eg eit bilete av det perfekte. Men dette handlar ikkje om det perfekte, seier læraren.

Meistring og sjølvtillit

Elevane har bygd sin eigen klatrepark. Gutane klatrar i tre eller taustige, balanserar på bruskassar, og tønner, eller svever i løypestrengen. Alt handlar om mestring, om sjølvtillit og overvinna frykta for å mislykkast.

Ord understreka med handling, verkar sterkast.

– Eg må visa at eg bryr meg, ikkje berre seia det. Dei har ei utfordring med å tru at dei har verdi i seg sjølv. Nokon må seia det og visa dei det.

Torvald Hadland er ein trygg vaksen. Han veit at han har mykje å gi andre. Han veit at han kan bety ein forskjell for desse ungdommane.

 

Les meir om Kim André, Samuel og Torvald og drifta på garden på Hadland, i Bondevennen nr 44.

Stikkord denne saka: ,
Share This