Slutt: Stortingsfleirtalet har vedteke å leggja ned norsk pelsdyrhald innan første februar 2025. Nå står kampen om erstatningsordninga,
medan ei rettsleg vurdering av næringsforbodet, opp mot Grunnlova, truleg er i kjømda. Foto: Jofrid Åsland

– Ein frykteleg tung dag for heile det norske landbruket, seier leiar i Norsk Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem.

Sjur Håland
Jane Brit Sande

Stortingsvedtaket om å legga ned norsk pelsdyrhald vart klubba gjennom natt til fredag i førre veke. 176 pelsdyrfarmarar må stengja ned verksemda si seinast første februar 2025. Senterpartiet og Arbeiderpartiet stemde mot forslaget, sistnemnde med grunnlag i at dei ikkje var nøgde med erstatningsordninga, som dei meinte burde følgja ekspropriasjonsrettslege prinsipp.

Partipisk og press

Skadsem sat saman med kollegar på galleriet og følgde debatten.

– Me såg at eit forbod ville få fleirtal, men hadde i lang tid jobba opp mot politikarane med eit håp om å få i gjennom ei kompensasjonsordning basert på ekspropriasjonsrettslege prinsipp. Med andre ord, full erstatning. Nokre politikarar såg at den føreliggande proposisjonen om kompensasjon med utgangspunkt i bokført verdi, var heilt hol i hovudet. Likevel kunne me konstatera at partipisk og press førte til at politikarar som vurderte å bryta ut, fall til bake og stemde med regjeringa.

Bertran Trane Skadsem

Null tiltru

Den økonomiske kompensasjonen er basert på ei rame på 505 millionar kroner. Proposisjonen vart flikka på gjennom stortingsdebatten og enda opp med formuleringar om å sjå nærare på urimelege utslag, og at dersom ikkje pelsdyrbonden er nøgd med erstatninga som skal utarbeidast av fylkesmannsembetet, kan ho eller han koma til Stortinget for å få saka si vurdert. Den vedtekne kompensasjonsproposisjonen blir nå sendt til Mat- og Landbruksdepartementet som lagar ei føreskrift, som blir sendt ut på høyring, før regjeringa får føreskrifta til handsaming.

– Eg har null tiltru til at politikarane vil koma oss i møte, me køyrer nå på med maks trykk for å sikra ei kompensasjonsordning som gir full erstatning, seier Skadsem.

To rettsspor

– Blir det ei rettsleg prøving av næringsforbodet som de har signalisert?

– Nå skal me ta ein kort pause og tenkja oss om. Men eg ser ingen annan utveg enn å gå til rettslege skritt for å få svar på om vedtaket om nedlegging er i strid med Grunnlova. I tillegg kan det bli aktuelt å vurdera eit økonomisk søksmål mot staten.

– Næringa har lagt ned ein enorm innsats for å kunna halda fram med pelsdyr. Kvifor har de ikkje lukkast?

– Demokratiet har ikkje fungert. Frå grasrota og oppover, like inn i stortingssalen, vil ikkje politikarane frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti eigentleg leggja ned pelsdyrnæringa. Dei partia som «ofra» pelsdyrnæringa på Jeløya og seinare Granavolden, har ikkje vore gode nok for oss. Me har blitt ofra i ein politisk hestehandel.

– Mektig skuffa

Mons Skrettingland, varaordførar i Hå kommune og listetopp for Høgre, er mektig skuffa av eige parti i pelsdyrsaka.

– Vedtaket om nedlegging får meg til å undra på om stortingspolitikarane forstår kva dei har gjort. Eg er mektig skuffa av avgjersla, seier Skrettingland.

– Erstatningsvedtaket er ullent formulert. Bokført verdi skal leggast til grunn, men eg meiner det er dei reelle verdiane som skal leggast til grunn for erstatning. Samstundes skal kvart enkelt bruk vurderast. Dette er uklart, slik eg ser det, slår han fast.

– Landbruket fryktar at svin og fjørfe står for tur. Kan næringa stola på at dei har Høgre i ryggen dersom dette skjer?

– Ja, det kan me, svarar Skrettingland, som tidlegare har vore bonde på Varhaug.

– Eg forstår tvilen. På Høgre sitt landsmøte i 2017 stemte 70 prosent for fortsatt pelsdyrdrift i Noreg. Året etter var situasjonen snudd heilt om, då Venstre fekk gjennomslag for nedlegging gjennom Jeløya-erklæringa. No har partiet vore med og gitt opp pelsdyrnæringa – heilt ubegrunna. Me må kunne stole på at Høgre står opp for husdyrnæringa,seier han.

Pelsdyrbønder varslar søksmål etter vedtaket.

– Eg ser med spenning fram til rettssakane. Eg trur bøndene har ei god sak, seier Skrettingland.

Mons Skrettingland

– Eg skjems

– Eg skjems, og skjønar at det kan følgja auka politikarforakt i kjølvatnet av pelsdyrsaka, seier Margrete Dysjaland frå Sola.

Dysjaland er fylkesordførararkandidat for Rogaland Framstegsparti og var politisk rådgjevar for statsråd Jon Georg Dale då han var Landbruks- og Matminister. FrP-fylkestoppen har, som Mons Skrettingland, sett at eige parti har gått inn for å leggja ned ei næring som begge partia eigentleg ville behalde.

– Nei, dette kjennest ikkje greitt, i det heile. Saka er ein del av kostnaden med å sitja i regjering. Hadde me ikkje vore ein del av regjeringa, ville me ikkje fått gjennom så mykje av vår politikk som me trass alt har, men for meg er dette likevel biringt.

Ikkje nøgd

– Du har tidlegare teke til orde for å løfta kompensasjonane til pelsdyrbøndene. Er du nøgd med den vedtekne proposisjonen?

– Eg er ikkje nøgd før eg veit sikkert at ingen av pelsdyrbøndene vil lida økonomisk som følgje av at dei må leggja ned drifta si. Utgangspunktet er at proposisjonen om kompensasjon skal ivareta bøndene som må stenga ned, økonomisk. Nå skal dei sentrale politikarane få ein sjanse til å visa at dei tar dette på alvor, og at dei tar til dømes oss i Rogaland FrP på alvor. Regjeringa veit utmerka godt kva som må til for at me og pelsdyrbøndene skal bli nøgde. Eg skal lova at når forskrifta kjem frå statsråd Bollestad, blir den finlest, seier ho.

Margrete Dysjaland

Gjer vondt

Dysjaland held fram at ho skal møta folk i butikken og kunna sjå dei i augo.

– Eg står på lista til fylkestingsvalet og kjenner på eit stort ansvar for pelsdyrbøndene.

– Gruer du deg til å stå på stands og møta pelsdyrbøndene?

– Nei, eg gruer meg ikkje, men kjenner at det gjer vondt. Dette er ikkje bra.

Meir politikarforakt

– Nye saker som set landbruket under press er i kjømda. Kva gjer pelsdyrsaka med tilliten til politikarane?

– Eg skjønar at dette kan styrka politikarforakta. Sjølv var eg med på NOU-utgreiinga i 2017 om berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa, og var godt nøgd. Så gjekk det eitt år og eit lite parti kom inn i regjeringa og endra alt. I mellomtida hadde unge menneske investert millionar av kroner for å satse på ei næring som hadde fått grønt lys.

– Kvifor melde du deg ikkje ut av partiet?

– Då hadde eg ikkje kunna vore med på same måten og lagt press på politikarane i Oslo. Det løyser ingen ting å melda seg ut.

Stikkord denne saka: ,