Openheit: Jærbøndene Endre Nærland t.v., May-Britt Lode og Arthur Salte lever av kua. Dei tek til orde for opne samtalar på tvers av gamle skiljeliner mellom Q og Tine for å styrka mjølkenæringa.

Dei vil ha rettferdige konkurransevilkår og er avhengige av eit sterkt Tine. Trongare tider i mjølkenæringa bidreg til at Q- og Tine-bønder finn saman og ser etter løysingar for å friskmelde mjølkemarknaden.

Sjur Håland

Går det an? Ja, visst! Midt i mjølkeruta på Jæren samlast tre bønder midt på dagen ein tysdag sist i januar. Éin er tillitsvald i Tine. Den andre er tillitsvald hjå Q, medan den tredje er styremedlem i Rogaland bondelag og leverer mjølka frå garden til Q. Eit slikt møte med Bondevennen til stades hadde knappast vore mogleg for 10-15 år sida.

Rigga mjølkenæringa

Ut frå stemninga og praten rundt bordet hjå leiar i produsentforeininga i Q, Endre Nærland, på Rimestad i Hå, kan det høyrast ut som om tidlegare tiders skiljelinjer og usemje er bygd ned. Initiativet til praten kjem frå May-Britt Lode, bonde på Lode på Nærbø og styremedlem i Rogaland Bondelag.

– Uansett kven me er og kor me leverer mjølka treng me å koma saman for å diskutera framtida for norsk mjølkeproduksjon, og kva grep som må til for å rigga mjølkebøndene for framtida. Det er det som står på spel nå, seier ho.

Bakteppet er ikkje så aller verst. Lode seier dei siste åra har vore jamt gode for dei som driv med mjølk. Ho får stadfestande nikk frå dei to andre.

– Men nå registrerer me at det skjer ting. Mjølkekvotane blir redusert, grunna stoppen i eksportsubsidiar. Forbrukartrendane synar at me må bu oss på lågare mjølkekonsum framover. I tillegg kan det bli innskjerpingar gjennom gjødselvareføreskrifta. I sum er det mange teikn på at å driva med mjølkeproduksjon blir mindre føreseieleg framover, seier ho.

Q er ingen garantist for min mjølkepris. Eg er avhengig av at Tine beheld sin marknadsposisjon.

May-Britt Lode

Uro for distrikta

Dei tre er samde om at mjølkeprodusentane har hatt ein jamn vekst i mange år, og at Tine sine solide overskot dei siste åra, også har kome Q-bøndene til gode. Men nå opplever dei nervøsitet og uro blant produsentane i begge leirane. Uroa gjeld også for lagnaden til distriktslandbruket.

– Me som driv med mjølk i sentrale strok er opptekne av at bøndene i distrikta skal greia seg godt. Me er ein stor landbruksfamilie som er heilt avhengige av kvarandre, seier den tredje personen i det lokale mjølkemøtet, Arthur Salte.

Han er mjølkeprodusent i Klepp, nestleiar i Eigarutvalet i Tine Sør-Vest og rådsmedlem i Tine.

Konkurransen med utanlandske meieriselskap er ingen tente med. Også større mjølkebruk på Jæren blir miniatyrbruk i internasjonal samanheng, erkjenner dei tre.

– Norske mjølkeprodusentar er avhengig av legitimitet både hjå forbrukarane og politikarane for å kunna produsera mjølk i høgkostlandet Norge. For å få den legitimiteten er rom for distriktslandbruk og ulike bruksstorleiar avgjerande viktig, meiner Lode.

Distriktslandbruket er med på å oppretthalda ein god mjølkepris også til sentrale strok.

– Bøndene i distrikta både treng og fortenar god mjølkepris for å driva med mjølk der dei bur, seier Nærland.

Salte held fram kor viktig det er med jamn tilgang av råvarer frå landbruket for å halda liv i verksemdene i Bygde-Norge.

– Mjølka er berebjelken i norsk landbruk med store ringverknadar for næringslivet i distrikta, minner han om.

Treng norsk utfordrar

– Her sit Q- og Tine-produsentar rundt eit bord og gir uttrykk for den same uroa. Var det ikkje like greitt at alle leverte til Tine?

– Tine treng ein norsk utfordrar, den har dei fått gjennom Q, seier Nærland.

– Med dette har me fått større mangfald og andre og fleire produkt ut i varehandelen. Behovet for innovasjon er framleis sterk. Me treng å utfordra kvarandre. Q er avhengig av Tine og vice versa.

– Og Tine er einig?

– Konkurransen dei drygt 20 siste åra har bidrege positivt. Både for Tine og for det norske landbruket, svarar Salte og held fram:

– Me vil heller konkurrera med Q og Synnøve Finden enn med store internasjonale aktørar. Med innanlandsk konkurranse bidreg alle til å bygga norsk matindustri og norske arbeidsplasser, som demmer opp for import. Norske bønder vil hegna om dei norske varene. Det har me til felles. No fell salet. Me treng å snu trenden. Til meir me greier å selja, til meir kan norske mjølkeprodusentar produsera. Å få mjølkekvoten redusert grunna fråfallet av eksportstøtta, og samstundes måtte erkjenna at import av meieriprodukt reduserer kvotane ytterleg med 20 prosent, er krevjande, i følgje Salte.

– Held trenden fram, vil importen utgjera 30 prosent av kvotane om fem år. Dette uroar svært mange mjølkeprodusentar, seier Tine-bonden.

Nærland i Q meiner at forbrukarane i mindre grad enn før, er opptekne av å kjøpa norske varer.

– Dei kjøper ulike meieriprodukt og har eigentleg ikkje peiling på opphavslandet til varen dei legg i handlekorga. Å bevisstgjera forbrukarane blir ei stor utfordring framover, meiner han.

Slik PU fungerer nå, svekkas konkurransekrafta i norsk mjølkeproduksjon og stimulerer til auka import. Den norske mjølkeprodusenten er taparen uavhengig av om ein leverer til Tine eller Q.

Arthur Salte

Får ikkje tyn

Dei tre er med andre ord samde om behovet for å møta konkurransen med importvarene. Men kva med konkurransen mellom Tine og Q? May-Britt Lode understrekar at ho aldri har hatt dårleg samvit for at ho leverer til Q.

– Mjølka frå min gard er norsk. Men eg skulle ønska at dei ulike støtteordningane og konkurransevilkåra til Q var enklare å setja seg inn i og forstå. Konkurransevilkåra må innrettast på ein måte som gjer at alle bønder oppfattar konkurransen som rettferdig.

– Får du tyn for å vera tillitsvald i Rogaland Bondelag og samstundes levera mjølka til ein privat aktør?

– Nei, eg gjer ikkje det. Bondelaget er for norske bønder. Her i Rogaland er det stor forståing for at styremedlemmane leverer mjølk eller andre landbruksvarer til ulike mottakarar. Tine-bøndene i Rogaland har med meir eller mindre blide augo blitt nøydde til å førehalda seg til oss som leverer til Q.

– Burde du ikkje vore i Tine?

– Eg ser argumenta for det. Likevel har eg gjort mitt val. Det er politisk bestemt at Tine skal ha ein norsk konkurrent. Eg bur på Jæren kor Q-meieriet held til, og valde å halda fram med å levera mjølka til same meieriet som far min gjorde då eg tok over.

Må vera ærlege

Dei tre held fram at praksisen med å læra ungane å rynke på nasen og nekte å drikke mjølk frå den leverandøren dei ikkje er knytt til heime, snart må vera forbi. Samstundes understrekar dei at ein må kunne være stolt av eigne merkevarer.

– Nye generasjonar og nye utfordringar gjer at me må kryssa skiljeliner og koma saman for å diskutera kva me vil med norsk landbruk framover. Produsentane i Q og Tine kjenner konkurransen frå utlandet og ser dei same mørke skyene. Då må me også ta diskusjonane og finna løysingar i lag, seier Salte.

– Nå er me i lag. Korleis kan me styrka mjølkenæringa?

– Som May-Britt seier. Snakka i lag, vera ærlege og våga snakka om dei vanskelege tinga, svarar Salte.

Det betyr å vera opne om at eg og Endre, som leverer til Q, faktisk får litt betre betalt, legg Lode til.

– Så må me våga å stilla spørsmålet om det går ut over nokon at eg får dei tusenlappane ekstra. Går nokon i ytste konsekvens dukken på grunn av meg?

Nærland heng seg på.

– Kor berekraftig og lønsam er konkurransen for næringa på litt sikt? Og kvifor skal Arthur få mindre betalt berre fordi han leverer mjølka til ein annan mottakar?, spør han.

142 øre til Q

Landbrukspolitikk og innretninga i mjølkenæringa er ikkje for nykomarar å skjøna. Samanhengane og dei ulike verktøya er kompliserte. Som konsekvens av minkande mjølkekonsum og dermed mindre avgifter inn til Prisutjamningsordninga (PU), må alle mjølkeprodusentar, anten dei har ku eller geit, betala inn fem øre per liter ekstra i styringspris til PU. Av heile PU-potten går 182 millionar kroner til konkurransefremjande tiltak. Salte har syn for at det må ytast særskilte ordningar i ein kortsiktig periode for å gjera det mogleg for norske konkurrentar å koma inn i marknaden.

– Men når Q får eit samla ekstra tilskot på 142 øre per liter, seier det seg sjølv at det er krevjande for Tine å konkurrera. Eit av spørsmåla som bør stillast er om støtteordningane skal vera kortsiktige eller permanente, meiner han.

Salte seier at han finn det urettferdig at Tine gong på gong skal stå att på busshaldeplassen utan å få være med bussen (få del i midlane). PU-ordninga er genial og nødvendig, meiner han, men han understreker at ordninga må tilpassast dagens kvardag.

– Slik PU fungerer nå, svekkas konkurransekrafta i norsk mjølkeproduksjon og stimulerer til auka import. Den norske mjølkeprodusenten er taparen uavhengig av om ein leverer til Tine eller Q, seier Salte.

Behovet for innovasjon er framleis sterk. Me treng å utfordra kvarandre. Q er avhengig av Tine og vice versa.

Endre Nærland

Avhengig av Tine

Endre Nærland serverer isvatn i Q-glas. Praten går fritt rundt bordet. Dei tre snakkar om produktutvikling, og er samde om at det viktigaste er å koma på marknaden med nye produkt som forbrukarane vil ha, for å demma opp straumen av mjølkeprodukt frå utlandet. Dei er også samde om at norske produsentar må bruka norske råvarer i produkt som til dømes yoghurt.

Mjølkeproduksjon og landbruk er politikk og butikk. Eit sterkt samvirke med Tine som marknadsregulator ligg framleis i botn for mjølkenæringa sitt ve og vel, skal me tru dei tre.

– Q er ingen garantist for min mjølkepris. Eg er avhengig av at Tine beheld sin marknadsposisjon, seier May-Britt Lode.

– De er tre bønder rundt bordet. Er det engasjement der ute for større samkome av denne typen?

– I Tine opplever me eit stigande engasjement. Det handlar om å trygge framtida i tider som blir trongare. Då kjem folk på møta, seier Arthur Salte.

– Er det aktuelt med ein felles møtearena?

– Får me koma, spør Endre Nærland, og smilar.

– Dette er så utruleg viktig, at eg gjerne vil vera med og fremja Tine sine synspunkt, i eit møte med Q-produsentar, seier Salte.

May-Britt Lode meiner at Q-produsentane også må våga å ta i desse spørsmåla.

– Me treng å løfta blikket og sjå lenger enn eigen nase rekk. Det er framtida vår det står om, avsluttar ho.

Stikkord denne saka: ,