Askild Eggebø

Askild Eggebø (på dette bildet), medlem av konsernstyret, og Per Ådne Skårland, bonde og produsentlagsleiar, er nøgde med dei nye vedtektene.

Askild Eggebø er nøgd med nye vedtekter i Tine. No skal endringane settast ut i livet.

Jofrid Åsland

Bondevennen har tidlegare skrive om komande endringar i Tine, og under Tine SA sitt årsmøte på Lillestrøm 22. og 23. april blei nye vedtekter for organisasjonen vedteke. Dei nye vedtektene inneber at regionstyra i Tine blir avvikla og produsentlaga vil få ein meir sentral rolle inn mot eigarorganisasjonen.
– Det var diskusjon kring eigarområda under årsmøtet. Me går frå fem til fire eigarområde, opplyser Askild Eggebø, medlem av konsernstyret i Tine.
Vestlandet fremja spørsmål om kven som skulle avgjere områdeinndelinga, men stemte etter debatt for konsernstyret sitt forslag. Dermed vart dei nye vedtektene samrøystes vedteke under årsmøtet.

Styrkar produsentlaga

No er produsentlaga viktigaste bindeledd mot eigarorganisasjonen, og regionstyra fell bort. Landet vert delt i fire område i staden for fem regionar. Kvart eigarområde har seks rådsmedlemmer. Eigarområda har eit eigarutval som består av rådsmedlemmene.
– Me satsar meir på produsentlaga, som den store ressursen i eigarorganisasjonen, noko eg trur vil gi ein betre link mellom eigarorganisasjonen og produsentlaga. Dette vil seie mindre byråkrati og meir målretta ressursbruk, seier Eeggebø.
Han ser fram til å sjå verknaden av dei nye vedtektene i praksis.
– Vedtektene er på plass som grunnlag for å bygge ein god organisasjon. No må me fylle med godt innhald, opplyser han.
– Finst det utfordringar i samband med vedtektene framover?
– Utfordringa er å få til å utvikle organisasjonen i den retninga me har fått vedtekter til. Ingen kan vedta ein god organisasjon. Me står berre i startgropa, svarer Eggebø.

Per Ådne Skårland

Askild Eggebø, medlem av konsernstyret, og Per Ådne Skårland (på dette bildet), bonde og produsentlagsleiar, er nøgde med dei nye vedtektene.

Positiv produsent

Eggebø får støtte av mjølkebonde og produsentlagsleiar i Time, Per Ådne Skårland.
– Dette er veldig positivt. Det er utruleg viktig å få vedtektene på plass. Slik at ein kan starte å bygge eigarorganisasjonen, seier Skårland, om endringa av vedtektene i Tine.
Han ser på endringa av eigarområda som noko fruktbart.
– Det er bra at me skal vere i lag med Hordaland og Sogn og Fjordane. Me har alle noko å tilføre kvarandre, fortel Skårland.

 

 

Valg av medlemmer til Rådet:

ØST

  • Elisabeth I. Hokstad, Vestfold, 2 år
  • Kari Lise Breivik, Vestfold, 1 år
  • Ellen Anne Bergseng, Oppland, 1 år
  • Even Solhaug, Oppland, 1 år
  • Anne Birgitte Riis-Johansen, Telemark, 2 år
  • Ole Paulsen, Hedmark, 2 år

 

SØR/VEST

  • Helge Arne Espeland, Hordaland, 1 år
  • Johannes Fattnes, Rogaland, 1 år
  • Gunn Elise Helle, Vest-Agder, 2 år
  • Asgeir Pollestad, Rogaland, 2 år
  • Kjartan Åsnes, Sogn og Fjordane, 2 år
  • Gjertrud Svartveit Osmundsen, Hordaland, 1 år

MIDT

  • Kenneth Høyning, Møre og Romsdal, 2 år
  • Birgit Oline Kjerstad, Møre og Romsdal, 1 år
  • Inger Lise Ingdal, Sør-Trøndelag, 1 år
  • Jarle Bogen, Sør-Trøndelag, 2 år
  • Jørn Magne Vaag, Nord-Trøndelag, 2 år
  • Heidi Aarsheim Bøe, Sør-Trøndelag, 1 år

NORD

  • Elisabeth Holand, Nordland, 1 år
  • Odd-Arne Stormo, Nordland, 2 år
  • Tormod Nilsen, Finnmark, 1 år
  • Bjarne Leonhardsen, Troms, 2 år
  • Lise Kaldahl Skreddernes, Finnmark, 1 år
  • Solveig Bratteng Rønning, Nordland, 2 år
Stikkord denne saka: ,