Populært: Reko-ringen Sandnes/Stavanger aukar i popularitet, og produsentane melder om godt sal. Her frå ei utlevering i august. Foto: Tore Levik.

Konseptet Reko-ring har vore aktivt i Norge i snautt to år. Veksten har vore formidabel.

Jane Brit Sande

Den første norske Reko-ringen for direktesal av mat frå produsent til kunde vart etablert i november 2017. Sidan har etterspurnaden og veksten vore formidabel. I skrivande stund er det meir enn 40 aktive ringar frå Agder til Trøndelag. All organisering, frå annonsering og bestillingar til møtestad og –tid, går føre seg i eigne Facebook-grupper.

– I Reko-ringen Sandnes/Stavanger har me meir enn 10 000 medlemmar, seier Marianne Haga, bonde i Sandnes, eldsjel og administrator av Reko-gruppa.

Bondevennen treff Haga når ho held føredrag om Reko-ringane på fagdag for landbruk om beite, dyrevelferd og direktesal på Øksnevad vgs. Fagdagen er i regi av Økologisk Rogaland, Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, Rogaland Bondelag, NLR Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland.
Det er Norges Bonde- og Småbrukarlag som er initiativtakarar til å etablera Reko-ringane i Noreg.

Fordeler for produsent

Haga lister opp fleire fordelar for produsentar som vil vere med.

Marianne Haga

– Å selje produkta sine via ein Rekoring, gir mange moglegheiter. Salskanalen er fleksibel, då ein ikkje pliktar seg til å vere med på kvar utlevering. Du sparar tid, då utleveringa ikkje varer meir enn om lag 30 minutt, og alle varer ein tar med seg er bestilt på førehand. Du får høve til omsetnad på små produksjonar, og du kan enkelt prøva ut nye produkt direkte mot kundane, seier ho.

Haga trekk også fram fordelar som betre lønsemd, auka sal, og større kundegruppe.

– Ein fordel for kundane er at lokalmat blir lettare tilgjengeleg, seier ho.

Reko-ringen Sandnes/Stavanger har fast utlevering torsdagar i partalvekene. Dei har avtale med IKEA på Forus om å få låne plass på parkeringa nærast motorvegen.

– Me må ikkje betale noko form for leige til IKEA. Produsentar som vil selje via Reko må heller ikkje betale avgift for å vere med. Det einaste kravet er at produksjon og sal er i tråd med Mattilsynet sine reglar, seier Haga.

Kven er kundane?

Haga seier at kundane dei møter ofte er opptekne av å støtta lokal matproduksjon, og å ha direkte kontakt med produsentane.

– Felles for kundane me møter, er at dei ønsker eit alternativ til det regjerande matsystemet. Nokon er også svært opptekne av miljø, etikk og dyrevelferd, seier Haga.

Har gått av seg sjølv

Utleveringane i Reko-ringen Sandnes/Stavanger har gått jamt og trutt det siste året. Erfaringane har vore gode.

– Utleveringane går godt av seg sjølve. Det er litt administratorjobb, fordi me må sjå etter at alle følgjer dei føringane som er sett, til dømes med annonseoppsettet. Me rettleier også dei som treng det for å bli ein del av konseptet, seier Haga til Bondevennen.

Haga er administrator av Reko-ringen saman med Tore Levik i Rossavik. I gruppa er det er berre annonsar for kommande levering. Eit par dagar etter levering blir alle annonsar sletta, og det blir opna for ny runde. Kvar annonse skal innehalde utleveringsstad og –tidspunkt, kva produsenten tilbyr til denne leveringa, og prisane.

– Det skal vere oversiktleg og føreseieleg for kundane. Dersom ein annonse ikkje har med tidspunkt, til dømes, så er spørsmål om dette det første som dukkar opp. Me rådar også å bruka ærlege bilete frå eigen produksjon. Me erfarer positivt respons frå kundane på dette, seier Haga.

– Kundane er aktive og engasjerte. Når dei fortel oss kva dei saknar tilbod om, gir dei oss tips til kva me kan prøva ut. Dei gjer oss betre.

Vidt tilbod

Det er meir enn 130 medlemmar i produsentgruppa til Reko-ringen. Dei tilbyr mykje forskjelleg: kjøt, ost, grønsaker, frukt, bær, jusar, saft, syltetøy, kraft, heimebakst, vårrullar, og så vidare.

– Summen av det heile er viktig. Nokre produsentar er gjerne med og generer kundar for dei andre, seier Haga.

– Bondens Marked har ikkje hatt stort hell i å etablera seg i same regionen. Kvifor trur du Reko-ringen klarer det?

– Eg trur det handlar om at Reko er fleksibelt og føreseieleg for både produsentar og kundar. Det er eit stødig konsept, og folk ser ut til å stortrivast med det. Nokre produsentar nyttar høve til å prøva ut nye produkt, andre får høve til å gjere investeringar, seier Haga.

– Me er svært positive til vidare utvikling av Reko-ringen, og ønsker nye produsentar og kundar velkommen!

– Me er med på noko framtidsretta

– Eg er overtydd om at me er med på noko framtidsretta, og me vonar Reko kan bli enda større, seier potetbonde Bjørnar Rygg.

– Utviklinga med Reko har gått veldig godt, og det er som venta. Me vonar det kan bli enda større, seier Bjørnar Rygg, ein av bøndene bak Randaberg Potet, om Reko-ringen Sandnes/Stavanger.

Rygg var med på Reko-ringen si første utlevering i september i fjor. Randaberg potet tilbyr også direktesal med levering på døra i eit avgrensa område. Direktesal kjem i tillegg til konsumproduksjon.

– Me sel varer direkte fordi me vil kutte nokre mellomledd. Det er betre lønsemd i dette, men me kan ikkje leve av direktesal aleine, seier Rygg.

– Eg trur Reko er og blir ei spanande greie. Mange bønder er nyfikne, og kjem til meg med spørsmål om korleis det fungerer, og om det er noko til sal. Eg er overtydd om at me er med på noko framtidsretta. Reko er med på å gjere tilbod og etterspurnad meir komplett.

Rygg fortel om god erfaring og aukande sal gjennom salskanalen.

Bjørnar Rygg

– Første gong hadde me berre ein seks-sju bestillingar, og det hadde vore snautt om det var normalen. Førre levering hadde bestillingar  på totalt 60 kilo gulrot og 200 kilo potet. Då monnar det, seier han.

I tillegg til engrossal

Lise Brunborg frå Stavanger Ysteri har vore med på to utleveringa i Reko. Hovudsakleg sel ho ostane sine gjennom engros-kanalar.

– Det er ikkje så ofte eg får møte «mannen i gata». Eg har prøvd ein heil del forskjellege marknadar, og som privatperson er eg stor tilhengar av arenaar som Bondens Marknad, og vil at det skal vere liv laga. Men som produsent ser eg at det er tidkrevjande og lite føreseieleg: Det er mykje førearbeid, fleire timar på marknad, og så veit eg aldri kor mykje eg får selt den dagen, seier Brunborg.

Ystaren seier ho vil vere med på Rekoringen også framover.

– Reko-ringen er på produsenten sine premissar, og i tillegg får eg møtt kundane. Eg veit på førehand kor mykje eg skal pakka, og under utleveringa kjem kundane og hentar sine bestillingar. Det er ei fin og avslappa stemning, og eg får høve til ein dialog med kundane mine. Det er potensiale for veldig god omsetnad gjennom denne salskanalen, og det vil vere ein god parallell, seier Brunborg.

Tillitsbasert

Brunborg er svært oppteken av mattryggleik, og er litt uroa for om det tillitsbaserte systemet Reko-ringane er tufta på kan misbrukast.

Lise Brunborg
Foto: Jofrid Åsland

– Det burde vore eit betre system slik at forbrukaren veit at produsentane som treng det, er godkjent av Mattilsynet. Retningslinjene for å vere med i Reko-ringen er tydelege på at kvar produsent har ansvar for sitt. Dersom nokon likevel gjer noko feil, kan det råke alle produsentane som er med. Slik er det også på marknadane. Men så lenge alle er produsentane er ærlege, vil dette fungere utruleg godt.

Stikkord denne saka: , ,
Share This